Aftenpostens politiske redaktør treng lesehjelp

9 hours ago 5



Emil André Erstad (bildet) svarer Aftenpostens politiske redaktør Kjetil Alstadheim. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Aftenpostens politiske redaktør treng lesehjelp. Han skal få både sidetal og pussesaker til brillene, om han treng det.

Publisert: 13.05.2025 12:30

I ein kommentar laurdag skriv Kjetil Alstadheim at ei av analysane eg serverer i boka «Fyrsten. Ei innsidehistorie», er «for god til å være sann». Min analyse handlar om at Høgres negative spinn mot Jonas Gahr Støre i 2017-valkampen – eit relativt nytt fenomen i norsk politikk, argumenterer eg – skal ha bidratt til å svekke Støres omdømme i lang tid. Dette er lite omtalt i tidlegare bøker, som til dømes Alstadheims eiga bok om Støre frå 2023.

Påstanden er ikkje spesielt kontroversiell blant politiske journalistar, men Alstadheim verkar å ha komme til ei høgare og anna innsikt. Han fører ingen reelle motargument og innrømmer sjølv at «triks og negativ kampanje kan ha svekket Ap den gang». Det stemmer med journalist Magnus Takvams konklusjon i «Tett på makta» om at saka svekka Støre og Arbeidarpartiet. Dei som hittil har vore usamde i denne skildringa, er Høgre sjølv, som har openberr interesse av ei anna historiefortelling.

Alstadheim verkar mest usamd i poenget om at kampanjen hadde effekt etter 2017-valet. Eg skriv i boka: «Støre sleit med å komme seg att etter det han vart utsett for før, under og etter 2017-valkampen. Delvis hadde han skuld i det sjølv.»

Som argument mot denne forsiktige påstanden skapar Alstadheim eit inntrykk av at boka omtalar Høgres spinn som den einaste forklaringa på Ap-nederlaget i 2017. Han skriv at eg berre nemner andre årsaker i «én bisetning». Begge delar er sjølvsagt heilt feil.

Eg skriv at Ap sjølv skapte omdømmeproblem som Høgre utnytta (side 32), om dårleg organisert valkamp (side 34–35), manglande bodskap og intern leiarkonflikt (side 36). Støre innrømte sjølv at Ap ikkje trefte tida godt nok i 2017 (side 41). Resten av boka kjem også med andre og utfyllande forklaringar, for dei som tar seg tid til å lese heile.

Kanskje Alstadheim bør pusse brillene – dei ser nesten ut som dei kjem rett frå Erna Solbergs lomme.

Read Entire Article