Aftenposten: Jan Helge Andersen meld til politiet for overgrepsmateriale

1 hour ago 1



Jan Helge Andersen har igjen vorte meld til politiet for nedlasting av overgrepsmateriale, skriv Aftenposten.

Statsadvokat Andreas Schei stadfestar til avisa at det går føre seg ei etterforsking.

Tysdag seier òg domar Cecilie Østensen Berglund at Høgsterett er kjend med at det har vorte levert inn ei ny politimelding mot Andersen.

Det var Oslo politidistrikt som oppretta politimeldinga mot Andersen, ifølge avisa. Dei skriv vidare at Andersen ikkje har vilja stilla til avhøyr om saka.

Jan Helge Andersen vart saman med Viggo Kristiansen dømd for å ha drepe og valdteke Lena Sløgedal Paulsen og Stine Sofie Sørstrønen i Baneheia i Kristiansand i 2000.

Ikkje fyrste gong

Det er ikkje fyrste gong at det har vorte funne overgrepsmateriale hjå Jan Helge Andersen.

Òg i 2022 vart det funne overgrepsbilete på PC-en hans.

Bileta vart funne i samband med at politiet ransaka bustaden hans.

Forsvarar Svein Holden stadfesta då at det var snakk om bilete som seksualiserer born.

– Andersen held fast på at han ikkje har lasta bileta ned, og basert på forklaringa og informasjonen hans frå etterforskingsmaterialet er eg for min del svært usikker på om dette i det heile blir ramma av straffelova, sa Holden til NRK då.

Dømd til forvaring

Kristiansen vart frikjend i 2022 etter at saka vart gjenopptatt.

Etterpå vart gamle bevis undersøkt på nytt. Då vart det gjort nye funn som knytte Jan Helge Andersen til overgrep mot Lena Sløgedal Paulsen.

I juni dømde lagmannsretten Andersen til forvaring med tidsramme på to år for drapet på Sløgedal Paulsen.

Retten slo òg fast at Andersen drap båe jentene åleine.

I forvaringsdomar vert det ofte sett ein minstetid, men det vart ikkje gjort i dette tilfellet. I prinsippet kan straffa hans i prinsippet vara livet ut.

Andersen anka domen på staden. Ankesaka hans vert handsama i Høgsterett no.

Publisert 25.11.2025, kl. 10.33 Oppdatert 25.11.2025, kl. 10.51

Read Entire Article