Abort er ikkje berre ein kamp om kvinneverd, men menneskeverd

6 days ago 7



Det nye forslaget til abortlov blir av dei fleste oppfatta som liberaliserande. Samtidig har lova ein del viktige og gode forbetringsforslag i høve gjeldande lov.

Det er i dag for lett å ta abort. Abort er ikkje berre ein kamp om kvinneverd, men menneskeverd, der ulike interesser strir mot kvarandre, skriv forfattaren. Foto: Gorm Kallestad / NTB

Eksempel er at legar skal i lovs form kunne få fritak for abort. Vidare at kvinna skal ha rett til å fullføre sitt svangerskap, utan press frå omverda. Likeleis at kvinner i lovs form får rett til rådgiving. Men trass i desse gode forslag til forbetringar er det ein del kritiske merknader ein kan ha til lova.

Etter mi meining gjeld det blant anna fråværet av plikt til rådgiving mellom veke 12 og 18. Det var det i praksis før, då rådgiving var kopla saman med plikt til å søke abort til ei abortnemnd. Det svekkar i prinsippet vernet av det ufødde liv. At representasjonen for abortnemndene blir endra, med fleirtal av kvinner, er slik lova er innretta logisk. Men er det rett at mannen som part i saka blir halde heilt utanfor i rådgivinga? Er det juridisk og etisk haldbart? Det står i det heile ikkje noko om mannen sin rolle knytt til abort i sjølve lova, og knapt nokon stad. Om mannen har innvendingar mot abort og kan forplikte seg på avlastning for kvinna ville det kanskje vere bra.

Adopsjon er og ei sak eg er usikker på vert drøfta. No er ikkje mannen noko hovudsak i denne artikkelen, men eg nemner det som ein parantes.

Atle J. Fosse

Forslaget frå regjeringa er å utvide kvinna sin sjølvråderett til abort fram til og med veke 18, mot 12 veker i dag. Mitt spørsmål er: vil vi vere meir tent med å halde på noko av det vi har i dag, og supplere det med dei andre gode forslaga til lova? Det er noko av dette Senterpartiet har tatt til orde for i sin dissens med AP i regjering.

Høyringssvara til regjeringa som ligg på regjeringen.no er sprikande. Nokre vektlegg einsidig kvinna sin rett, medan andre legg hovudvekta på vern av det ufødde liv. Innvendingane mot lova er i hovudsak dominert av fråvær av praksistiltak for eit etisk vern av fosteret. Slik eg ser det, er noko av det som kan auke respekten for det ufødde liv, god rådgiving, ettertanke og tid før avgjera. Men det er også nokre eksklusjonskriterier for abort eg her har i tankane, samt nemndsperioden.

Eg er einig i at den nye samansettinga av abortnemnder godt kan gjelde frå veke 12, slik Senterpartiet føreslår. Grunnen er blant anna at veke 12 er eit tidspunkt der det begynner å vere sikker kunnskap om kjønn. Å utvide sjølvbestemt abort til veke 18 aukar sjansen for å abortere bort uønskt kjønn. Eg seier ikkje dette er utbreitt tanke, men det er ei relevant innvending. Det svekkar vernet av det ufødde liv. Det burde stå i lova at kvinner ikkje kan abortere på grunn av kjønn.

Det er bra at lova gir rom for ettersamtalar, men viktigare er god rådgiving i førekant.

Det andre eg meiner er at kvinna i dag kan abortere på grunn av dårleg økonomi. Dette meiner eg og det burde stå noko om; at økonomi i utgangspunktet ikkje er grunn til abort, og at den enkelte kvinne må få tilrettelagt ein situasjon som gjer det mogleg å fostre opp barnet med gode nok økonomiske vilkår.

Det tredje eg vil nemne er fråværet av ordet etikk i lova. Dette gir dårlege signal frå samfunnet om kva rådgiving ein skal legge til rette for. Abort er jo nettopp eit etisk spørsmål, der personlege verdiar hos kvinna blir avgjerande. Det står i utgreiinga til lova, men ikkje i lova. Det blir understreka verdien av den medisinske og praktisk-sosiale rådgiving, men ikkje det etiske aspektet i rådgivinga.

Det tredje eg vil nemne er fråværet av ordet etikk i lova.

Det som kjenneteiknar både denne og førre lov er at det etiske perspektivet er lite framme i sjølve lova, og det blir lite synleggjort korleis respekten for fosteret skal bli tatt vare på. Tvert om er det ein del som engasjerer seg aktivt for å fjerne dei fleste av hindringar for abort. Sjølvrealiseringa er sett i høgsete framfor omsynet til vern av fosteret.

Kva betyr autonomi? I filosofien reknar ein person seg autonom, når grunnene til vedkomande sitt val er lik personen sine verdiar og grunnar. Det krev ganske mykje refleksjon, og samtalar. Her opplever eg det ligg ein fare i lova, om ein ikkje gjer abortrådgiving til obligatorisk frå veke 12. Om ein då plutseleg bestemmer seg for abort kan det bli ei hastverkssak, som helsepersonell og lett kan støtte. Tidlegare i svangerskapet vil ein kjenne på mindre tidspress.

Hensikta med å liberalisere lova er å gjere det enklare å ta abort. Det vert hevda at det styrker autonomien til kvinna? Er det rett? Det er bra at lova gir rom for ettersamtalar, men viktigare er god rådgiving i førekant.

Det er i dag for lett å ta abort. Abort er ikkje berre ein kamp om kvinneverd, men menneskeverd, der ulike interesser strir mot kvarandre.

Eg hugsar filosofen Nina Karin Monsen ein gong sa i eit foredrag om sin psykisk utviklingshemma bror, at han hadde nokre eigenskapar som langt oversteig hennar, på enkelte område. Det gjorde inntrykk på meg, og dersom dette perspektivet går tapt i spørsmål om abortlova, vil menneskeverdet bli svekka.

Read Entire Article