Aalesund med knallstart i kampen om plass i Eliteserien

13 hours ago 2



Første scoring kom etter 12 minutts spel. Så kom 0-2-målet. Målscorar begge gonger var Mathias Christensen.

Aalesund, for anledninga i svarte drakter, gjer livet surt for jærbuane søndag.

Bryne og AaFK møter kvarandre til den første av to kvalifiseringskampar for å avgjere kven av dei som får spele i Eliteserien neste år.

Ikkje lenge etter at halvtimen var spelt kom Aalesund si tredje scoring. Paul Ngongo sette straffesparket i mål.

Like etterpå ordna Henrik Melland ei perlescoring. Det stod 4-0 etter 42 minutt.

Et fotballspill pågår, med spillere i fargede drakter. En spiller (i svart) hopper for å heade ballen mot mål. Målvakten (i grønn drakt) prøver å fange ballen. Det røde bakteppet inkluderer deler av stadion og tilskuere. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mathias Christensen set inn sitt andre mål for dagen.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Både AaFK og Bryne ønskjer å sikre moglegheita til spel i Eliteserien neste år.

Eliteserielaget Bryne unngjekk direkte nedrykk i årets sesong, men hamna på ein 14. plass.

Dermed må dei spele kvalifiseringskampar for å behalde plassen i den øvste ligaen i fotball.

1. divisjonslaget AaFK enda til slutt opp på ein fjerdeplass i årets sesong. Sidan har dei vunne over både Egersund og Kongsvinger i kvalifiseringskampane. No ventar det siste hinderet: Bryne.

Bryne rykte opp frå 1. divisjon førre sesong, men risikerer no altså å rykke rett ned igjen.

Aalesunds FK har også hatt fleire rundar i Eliteserien, seinast i 2023.

Blir avgjort på torsdag

Dette er den første av to kvalifiseringskampar. Returoppgjeret blir spelt i Ålesund 11. desember.

Vinnaren samanlagt spelar i Eliteserien 2026, medan taparen spelar i 1. divisjon neste sesong.

Publisert 07.12.2025, kl. 15.54 Oppdatert 07.12.2025, kl. 17.59

Read Entire Article