Å, denne var etterlengta! Og gjennomtenkt!

5 days ago 14



KOMMENTAR: Å, denne var etterlengta! Og gjennomtenkt!

Fredag la kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun fram storingsmeldinga om ein meir praktisk skule. Foto: Lise Åserud / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det har vore etterlyst av alle. Av alle politiske parti, av lærarar, elevar, foreldre og rektorar: Ein meir praktisk skule. For alle er i det store bildet einige om at den norske skulen har blitt for stillesitjande, for teoritung, for retta mot vidare studium.

Historia

Alle parti har i grunnen ansvar for at det er slik også. Utviklinga starta med det såkalla Pisasjokket i 2001, der det viste seg at norsk skule var heilt gjennomsnitts i fag som lesing, matte og naturfag, når vi målte oss mot andre land. Vi hadde vel tenkt vi var mykje betre.

Det gjorde det av med leiken i førsteklasse, det gjorde skuledagen lenger, det gjorde at nye timar kom i norsk og matematikk – mange nok til å utgjera eit heilt skuleår ekstra, det gjorde at musikk, gym, mat og helse og kunst og handverk blei tynte. Utstyret forsvann, budsjetta krympa, spesialromma, som musikk rom og sløydsal, blei omgjort til vanlege undervisningsrom. Og estetiske fag var ikkje lenger obligatoriske i lærarutdanninga. I ei undersøking frå SSB i 2019, hadde berre 48 av over 1100 lærarar som underviste i musikk, utdanning til det. I tillegg har Norge ein slags rar tradisjon for at alt dette er kosefag. Dei er ikkje viktige.

Nasjonale prøvar blei innførte, i lesing, engelsk og matte. Og den gode tanken bak det, var å sjekka om alle elevar i Norge, uansett kor dei bur i landet, får læra det dei har krav på å læra. Det som ikkje gjekk så godt, var at prøvane ikkje har særleg verdi for lærarane - dei gir lite av det dei treng å vita om elevane. Snarare tvert imot.

Og så vidare.

Gjennomtenkt

Difor er stortingsmeldinga kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la fram på fredag så etterlengta. Den handlar om 5. – 10. trinn. Om korleis skuledagen kan bli meir praktisk.

Det føreslår Nessa Nordtun at den bør bli i alle fag. Også i norsk, matte og naturfag. Og ja, det kjem pengar med forslaga. Om det kjem nok pengar? Nei. Men det kjem pengar:

  • 8 milliardar over 8 år til skulebygg og praktisk utstyr
  • 60 millionar til utvikling av praktiske undervisningsopplegg som lærarar over heile landet kan ta i bruk for å styrka læringa i matematikk, lesing, naturfag og skriving.
  • 30 millionar til nasjonalt program for praktisk læring (erfaringsbank, pilotskular).
  • 29 millionar meir til utstyr for praktisk læring, totalt 160 millionar i 2025. Denne potten var ny i 2024-budsjettet, men blir styrka nå.
  • 10 millionar til skulebibliotek (vidarefører same nivået frå styrkinga i revidert nasjonalbudsjett 2024). (Kjelde: NRK/Kunnskapsdepartementet)

I tillegg skal valfag innførast alt i femte klasse. To timar. Og alle i ungdomsskulen skal få tilbod om arbeidslivsfag. Så lurer departementet på om dei skal ta bort det eine av to framandspråk i ungdomsskulen. Det vil dei først høyra kva andre meiner om.

Det er meir her. Men det viktigaste:

  • Det er konkret
  • Det fører ikkje til fleire timar.
  • Det svarar på det mange i skulen etterspør.
  • Altså framstår det ikkje som påfunn utanfrå eller ovanfrå

Og Kari Nessa Nordtun understrekar at dette ikkje kan endra alt. Og at det finst stor kraft i norsk skule.

Men?

Så finst det jo sjølvsagt ting som ennå drar i motsett retning. Som at dei fleste karakterane dine frå grunnskulen kjem i dei teoretiske faga. Som at praktiske fag krev færre elevar i klassa i dei timane. Som at vi manglar lærarar som kan praktiske fag. Som at det skal ein del til for å få vekk trykket som ligg på fag som enklare kan målast.

Ein del av dette krev at vi ser på praktiske fag som viktige i seg sjølv. Ikkje berre at du skal få springa litt for å konsentrera deg meir om matten, eller få laga noko med hendene for å bli klar til dobbel-timen i norsk. Dei må få bli viktige i seg sjølv, dei faga.

Kari Nessa Nordtun kan sjølvsagt ikkje endra alt det med ei stortingsmelding. Men den har kraft nok til å bevega.

Publisert:

Publisert: 13. september 2024 23:53

Kommentator Solveig G. Sandelson

Read Entire Article