46 kvinner har fått nei til abort i nemnd dei siste fem åra

1 week ago 9



Anette Garpestad var gravid med sitt første barn og skulle på ultralyd i slutten av veke 17.

Vi kom jo dit, med alle forventningar ein kjem med når ein er gravid for første gong, og det er planlagt og ønskt og alt som høyrer til.

Jordmora starta undersøkinga og henta etter kvart ein lege som skulle sjå på bilda på skjermen.

Anette Garpestad foran PC-en hjemme

– Det kjentest som om eg var til eksamen, seier Anette Garpestad om sitt møte med abortnemnda.

Foto: Privat / Privat

– Det hadde ikkje falle oss inn at noko kunne vere gale. Eg hadde ikkje høyrt noko anna enn at så lenge du kom deg over veke tolv, så skulle sikkert alt ordne seg.

Men ting var ikkje som det skulle med fosteret i magen til Anette. Det hadde hjartefeil og andre livstruande skadar.

Sjansane for at dette barnet kom til å overleve utanfor mors liv, var minimal.

Anna Garpestad bestemte seg for å ta abort. Sidan ho var over 17 veker på veg måtte ho be ei nemnd om lov til å ta abort.

Fleire tusen møtte i nemnder

Dei siste fem åra har over 2000 kvinner som var gravid mellom veke 12 og 18 møtt i ei lokal abortnemnd.

Av desse 2000 har 46 fått nei til å gjennomføre ein abort. Det er fleire grunnar til at dei får nei, seier gynekolog og medlem av abortutvalet, Birgitte Heiberg Kahrs.

– For å få abort, så skal nemnda i første omgang undersøke om kvinna ønsker å ta abort. Deretter skal dei undersøke om vilkåra for abort blir oppfylte: Fosteravvik, mors sjukdom eller vanskeleg livssituasjon.

Etter avslaget i den første nemnda kan den gravide klage. Men over halvparten av dei 46 kvinnene gjer ikkje det, seier overlege i abortregisteret Mette Løkeland Stai.

Vi reknar med at det enten er fordi dei har ombestemt seg, eller så har dei jo reist til eit anna land og teke abort der.

Dei som klagar på avgjerda, går vidare til ei sentral abortklagenemnd.

Her sit fem ulike fagfolk, og dei fleste får godkjent aborten.

Tre kvinner som var opptil 18 veker på veg, har fått avslag i den siste abortklagenemnda sidan 2019, viser tal frå abortregisteret.

Anette Garpestad opplevde møtet med den første nemnda som vanskeleg.

Eg var i krise, eg var heilt nomen. Det kjentest som om eg var til eksamen. Eg måtte jo gjere greie for at eg forstod kva slags avgjerd eg var i ferd med å ta og kvifor.

Politisk usemje

Regjeringa vil heve grensa for sjølvbestemt abort til 18 veker og droppe nemndene før veke 18.

Det blir framleis nemnder etter veke 18, men i lovforslaget ønsker regjeringa færre og større nemder.

Heile venstresida ønsker heve grensa til 18 veker. SV og Raudt vil heve henne heilt opp til 22 veker.

Mens Frp, Høgre, Senterpartiet og KrF vil behalde dagens abortgrense. En NRK-opptelling viser nå at det er flertall i Stortinget for regjeringens forslag.

Politisk kommentator i NRK, Tone Sofie Aglen, i nyhetsmorgen torsdag 6. september 2024. Hun forklarer hvordan de ulike politiske partiene forholder seg til saken om man skal avskaffe abortnemndene, og utvide tiden for selvbestemt abort.

Kven møter i nemnd?

Vi veit lite om kven som oppsøker nemndene og kvifor. I dag har vi nesten ingen statistikk over dette, seier gynekolog Heiberg Kahrs.

For det kan vi ikkje følge opp. Abortregisteret er eit anonymt register. Korleis det går med dei, det kan vi ikkje finne ut av.

Leder av den sentrale abortklagenemden Inger Økland

Leiar av den sentrale abortklagenemnda, Inger Økland seier ho møte fortvilte gravide som ønsker abort

Foto: Universitetet i Stavanger

Leiar av den sentrale abortklagenemnda, Inger Økland, har møtt mange gravide som ber om abort.

Det er ikkje vanskeleg å sjå at desse kvinnene opplever ei livskrise. Dei er sett i ein situasjon som dei kanskje aldri hadde sett for seg at dei skulle hamne i.

For Garpestad blei nemnda ei ekstra belastning.

Det var jo ikkje sånn at eg ønskte å ikkje bere fram det barnet. Eg ønskte jo det veldig, veldig sterkt. At du då er nøydd til å sitte og gjere greie for det er ganske brutalt.

Publisert 11.09.2024, kl. 15.44 Oppdatert 11.09.2024, kl. 15.52

Read Entire Article