40 meter lang sprekk stenger E39 ved Ålgård

5 hours ago 2



– Det er snakk om 40 meter lange sprekker, seier operasjonsleiar Rune Tallaksen i Sør-Vest politidistrikt.

Han seier det er fare for at det spreier ut. Etter føre-var prinsipp stengjast derfor E39 på grunn av fare for jordskred. Omveg er no skilta for bilistar.

Sprekkene er på ein veg eit lite stykke over E39 ved Kongeparken på Ålgård.

Bygg i nærleiken blir no evakuerte.

Redde for jordras

Er det fare for at noko kan rase ned?

– Det er det vi er redde for. For å vere på den sikre sidan, tar vi ingen sjansar, seier innsatsleiar Morten Helland i Sør-Vest politidistrikt til NRK på staden.

Morten Helland er innsatsleder i politiet. E39 er stengt ved Ålgård, etter at det er funnet sprekker i asfalten i nærheten av E39.

Innsatsleiar, Morten Helland på staden ved sprekka.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Vegvesen og geologar er på veg.

– Vi veit ikkje kor lenge vegen blir stengt, det må geologane avgjere, seier Helland.

Det er ingen bygningar som er skadd. Men Uno X stasjonen rett ved er stengt på grunn av situasjonen.

Politiet har fleire ressursar på staden for å hjelpe med trafikkavviklinga.

Sprekk i asfalten, E39 er stengt

Brannvesenet er på staden etter sprekker er funnen.

Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Ikkje høve for evakuering

Dei siste dagane har det vore mykje nedbør i Rogaland. Og kommunen gjer fleire vurderingar kring situasjonen.

– Vi er redde for at massane skal skli ut på vegen, seier kommunalsjef i Gjesdal kommune, Hilde Gunn Bjelde.

Kommunen vurderer no å flytte brannstasjonen til eit midlertidig lokale, ettersom sprekka ligg rett ved brannstasjonen på Ålgård.

40 meter lang sprekk stenger E39 ved Ålgård

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Publisert 18.12.2025, kl. 16.00 Oppdatert 18.12.2025, kl. 16.58

Read Entire Article