– Drikk mykje vatn, smør deg med solkrem.
Det er statsmeteorolog Sigrid Auganæs sine tips til dei som skal feire nasjonaldagen i Sør-Noreg.
Om du bur lenger nordover har pipa ein anna låt.
– Nordlendingane bør kanskje finne fram ullundertøy til å ha under bunaden.
Sør-Noreg blir vêrvinnarane
Sol, roleg, tørt og 20 grader eller meir.
Det er dei glade stikkorda for 17. mai-vêret i Sør Noreg.
Likevel ser det ut til at det blir lite grann kjøligare enn fjoråret, då det blei sett fleire varmerekordar rundt i landet.
Det er det foreløpig ingen utsikter for akkurat no.
– Men i indre strøk av Vestlandet ser det foreløpig ganske varmt ut, men det var det også i fjor.
Solrikt i Herand i Hardanger på fjorårets nasjonaldag.
Foto: Øyvor BakkeNoko usikkert i nord ennå
I Møre og Romsdal og Trøndelag ser det så langt ut som det blir om lag 12 grader og skya.
Bevegar ein seg oppover til Nordland så bevegar gradestokken seg litt nedover til om lag 9 grader.
Heilt øvst, i Troms og Finnmark, er det framleis noko usikkert.
Men foreløpig er utsiktene rundt sju grader og tørt.
I fjor fekk Tromsø gode 21 grader, men i år blir det ikkje like lunt.
Foto: Oda Stine Hansen Viken / NRKVarsel for lyng- og grasbrann
Verken nord eller sør i landet ser det ut til å bli noko nedbør å skrive heim om.
Hovudregelen blir opphaldsvêr.
Men med varmt vêr kan det bli nokre ettermiddagsbyer i Sør-Noreg, og kanskje nokre dropar ved kysten av Troms og Finnmark.
– Men dei prikkane eg sit og ser på her, trur eg ikkje det er veldig mange som merkar noko til, seier meteorolog Auganæs.
Tvert i mot, må ein heller vere obs på det motsette.
I store delar av Sør-Noreg er det nemleg farevarsel for gras- og lyngbrann.
– Småvegetasjon kan vere lettenneleg. Så viss ein har planar om å grille på 17. mai, bør ein vere litt varsam.
Framfor Musikkpaviljongen i Bergen sentrum er det pynta med blomar i raudt, kvitt og blått.
Foto: Christel Higraff / NRKVarmare enn normalt
Sjølv om meteorologane fortel om noko lågare temperaturar enn fjoråret, så er det framleis varmare enn «normalt».
– Men normalen er i ferd med å forandre seg litt. Det blir litt varmare og varmare, seier klimavakt Elin Lundstad.
- Siste vêrvarsel får du på yr.no.
Publisert 12.05.2025, kl. 17.57