Det er forbundsdagsval i Tyskland om få veker og kampen mellom dei politiske frontane tilspissar seg.
Det har vore demonstrasjonar heile helga protestert mot framveksten til ytre høgre-partiet AfD.
Men sinnet frå demonstrantane går like mykje utover den kristenkonservative kanslar-kandidaten Friedrich Merz frå partiet CDU.
CDU forsøkte for få dagar sidan å få støtte frå AfD i forbundsdagen for ein strengare innvandringspolitikk.
Braut langvarig tabu
Det sosialdemokratiske regjeringspartiet SPD var sterkt imot.
Lovforslaget blei nedstemt med knapt fleirtal.
Det etter at regjeringspartnar Dei Grøne, venstrepartiet Die Linke og nokre få avhopparar frå CDU, Fridemokratane FDP og Sahra Wagenknecht-alliansen stemte imot.
Få dagar tidlegare sikra AfD fleirtal for eit ikkje-bindande forslag frå CDU om å stramme inn asyl- og flyktningpolitikken.
Kanslarkandidat Merz braut dermed med eit langvarig tabu mot samarbeid med det innvandringsfiendtlege partiet.
Større fullmakter
Folk frå både politisk sentrum og venstre deltek i demonstrasjonane denne helga.
Blant dei journalist Michael Friedman som meldte seg ut av CDU etter avrøystinga i forbundsdagen onsdag.
– Eg meldte meg ut fordi CDU ikkje låste dører og vindauge og at AfD brått sat i bilen som passasjer, sa Friedman til media.
Forslaget som blei nedstemt, tok til orde for stans i familiegjenforeining for flyktningar med avgrensa vernestatus.
Forslaget skulle også gje fullmakter til politiet til å deportere personar utan innreisepapir ved grensa, før dei får høve til å søke asyl.
Fekk mistillit
Også laurdag var det liknande demonstrasjonar. I Frankfurt møtte 9000 menneske opp i forstaden Neu-Isenberg for å protestere mot AfD.
Også i Stuttgart, Karlsruhe og Mannheim blei det avhalde større demonstrasjonar.
Tyskarar går til urnene 23. februar for å stemme på ny nasjonalforsamling etter at det blei kunngjort nyval i desember.
Det skjedde etter at statsminister Olaf Scholz si regjering blei felt i ei mistillitsvotering i forbundsdagen.
Publisert 02.02.2025, kl. 18.39 Oppdatert 02.02.2025, kl. 18.56