14 land fordømer Israel for utviding av busettingar

4 hours ago 3



Noreg er blant 14 land som fordømer at Israel har godkjent nye busettingar på den okkuperte Vestbreidda.

Landa ber Israel trekke avgjerda tilbake og stanse vidare utviding.

Ifølge FN er omfanget av israelske busettingar i dei okkuperte palestinske områda no det største sidan 2017.

Bildet viser et panoramisk utsikt av et boligområde med lavere bygninger og grønne områder i forgrunnen. I bakgrunnen står det høyere bygninger og fjelllandskap, typisk for urbane områder. Veier og parker er synlige, som bidrar til byens infrastruktur. Dette er en scene fra et område kjent for sin kombinasjon av natur og utviklede boliger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Eit dronebilete som viser den jødiske busettinga Ma’ale Adumim på den okkuperte Vestbreidda. Bilete frå 29. juni 2020.

Foto: ILAN ROSENBERG / Reuters

Minister vil hindre etableringa av palestinsk stat

Avgjerda blei kunngjord sundag av finansminister Bezalel Smotrich.

Han uttalte at busettingane skal hindre etableringa av ein palestinsk stat.

Smotrich har tidlegare uttalt at «den palestinske staten blir viska ut, ikkje med slagord, men med handlingar.»

en mann som holder et kart

Den israelske finansministeren Bezalel Smotrich held eit kart som viser busettingsprosjektet E1 under ein pressekonferanse nær busetjinga Ma’ale Adumim på den okkuperte Vestbreidda. Bilete frå 14. august 2025.

Foto: Ohad Zwigenberg / AP / NTB

Palestinske styresmakter har på si side sagt at vidare busettingar gjer ein levedyktig palestinsk stat umogleg.

Ei tostatsløysing inneber at Israel og Palestina blir to eigne statar som lever side om side innanfor anerkjende grenser.

Storbritannia, Canada, Tyskland, Belgia, Danmark, Frankrike, Italia, Island, Irland, Japan, Malta, Nederland og Spania er blant landa som stiller seg bak fordøminga.

– Vi minner om vår klare motstand mot alle former for anneksjon og utviding av busettingspolitikken, inkludert godkjenning av E1-busettinga og tusenvis av nye bueiningar, heiter det i ei felles fråsegn.

Vidare skriv landa at «slike einsidige handlingar bryt med folkeretten og kan bidra til meir uro i regionen».

Landa understrekar samstundes støtta til palestinarane sin rett til sjølvbestemming og ei varig fred basert på ei tostatsløysing.

Veien er blokkert av store steiner som ligger spredt over veibanen. Omgivelsene består av tørre, landlige områder med noen trær og busker. Det er en svingete vei i bakgrunnen, og en steinmur langs den ene siden. Bildet viser tydelige spor av forstyrrelser i trafikken. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Sperringar sett opp av israelske busettarar på ein veg for å hindre palestinarar i å kome fram i landsbyen Sinjil på Vestbreidda, ifølge lokale innbyggarar. Bilete frå 9. juli 2025.

Foto: Leo Correa / AP / NTB

FN har fleire gonger slått fast at busettingane er i strid med folkeretten.

Utanriksminister Espen Barth Eide (Ap) uttalte tidlegare i desember at dei nye busettingsplanane utgjer ei betydeleg trussel mot fred og tryggleik.

NRK har bedt utanriksdepartementet (UD) om ein kommentar.

Avviser kritikken

Israel avviser fordøminga og meiner kritikken er diskriminerande mot jødar, melder AFP.

Utanriksminister Gideon Saar seier utanlandske styresmakter ikkje har rett til å gripe inn i kvar jødar kan bu.

Bildet viser et panoramisk utsikt av et boligområde med lavere bygninger og grønne områder i forgrunnen. I bakgrunnen står det høyere bygninger og fjelllandskap, typisk for urbane områder. Veier og parker er synlige, som bidrar til byens infrastruktur. Dette er en scene fra et område kjent for sin kombinasjon av natur og utviklede boliger. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Eit dronebilete som viser den jødiske busettinga Ma’ale Adumim på den okkuperte Vestbreidda. Bilete frå 29. juni 2020.

Foto: ILAN ROSENBERG / Reuters

– Utanlandske regjeringar skal ikkje avgrense retten jødar har til å bu i Israels land. Slike krav er moralsk feil og diskriminerande mot jødar, seier Saar.

Han viser til at det israelske tryggleikskabinettet har vedtatt å opprette 11 nye busettingar og formalisere åtte eksisterande.

– Vedtaket er mellom anna meint å møte dei tryggleikstruslane Israel står overfor, seier utanriksministeren.

Omstridd plan

I mai godkjende Israel den omstridde utbyggingsplanen i området E1.

Planen vil dele den okkuperte Vestbreidda i to og isolere Aust-Jerusalem, ifølge den israelske avisa Haaretz.

Det er planlagt over 3.400 bustader i ei busetjing knytt til Ma’ale Adumim aust for Aust-Jerusalem.

Planen har i mange år vore på vent på grunn av internasjonalt press.

en mann som sprøyter vann på en vei

Ein palestinsk arbeidar jobbar på ein byggeplass i den israelske busettinga Ma’ale Adumim på den okkuperte Vestbreidda, 29. februar 2024. Bezalel Smotrich kunngjorde seinare at regjeringa vil legge fram planar om rundt 3.300 nye bustader i den nærliggande busettinga.

Foto: MENAHEM KAHANA / AFP / NTB

Kritikarar meiner utbygginga kan gjere ei tostatsløysing umogleg.

Tidlegare i august sa Smotrich at planen ville «sikre at Europas hyklerske leiarar ikkje har noko å anerkjenne innan september».

Publisert 25.12.2025, kl. 10.35

Read Entire Article