10 grader i sjøen: Bekymring for lakselus og sjukdom

1 day ago 1



– Vi er fleire gradar over det som er normalt, og det bekymrar, seier Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk.

Sjølv om det er sprettkaldt i heile landet, er situasjonen annleis under havoverflata.

Vanlegvis ligg sjøtemperaturen på under 7 grader i starten av januar ved oppdrettsanlegget utanfor Florø.

No er det 10,4 grader. Det har konsekvensar for fisken i oppdrettsanlegget.

– Når vinteren ikkje blir kald nok, får vi ikkje den nullstillinga som slår tilbake lakselus og bakteriar

elin

Elin Tveit Sveen i Marø Havbruk er uroa over høg temperatur i sjøen.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Rekordvarmt langs heile kysten

Det Sveen ser i fjorden, er ikkje eit enkelt tilfelle. Havforskingsinstituttet slår no fast at 2025 var det varmaste året som er målt i norske kystvatn sidan 1930-talet.

– På Utsira målte vi 12 grader på 100 meters djup i november. Normalt ligg det mellom 8,5 og 10,5 grader, seier Ingrid Askeland Johnsen, forskingssjef ved Havforskingsinstituttet.

En kvinne står og poserer i et rom med moderne innredning. Hun har på seg en lys, tykk genser og ser mot kameraet med armene i siden. I bakgrunnen er det en mørk vegg, sammen med ulike objekter og utstyr. Området ser ut til å være en studio- eller arbeidsplass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Forskingssjef Ingrid Askeland Johnsen ved Havforskingsinstituttet seier 2025 var rekordvarmt i havet langs norskekysten.

Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Ho peikar på at varmen påverkar livet i havet:

– Arter som kan flytte på seg, trekkjer nordover. Fastsitjande arter som korallar og svamp får stress og kan døy. Vi ser òg nye varmekjære arter som sjøhest og Sanktpetersfisk dukke opp langs kysten.

Og det stoppar ikkje ved norskekysten. Nordsjøen hadde sitt varmaste år nokosinne i 2025.

Samtidig som havet sette rekordar, vart fjoråret det varmaste året som er målt på land i Noreg, ifølgje Meteorologisk institutt. Temperaturen låg 1,5 grader over normalen og 2,8 grader over førindustriell tid.

– I 1900 ville årets temperatur vore nær umogleg å oppnå i store delar av landet, seier Amalie Skålevåg, forskar ved Meteorologisk institutt.

Alle månadar i 2025 var over normalen – det har aldri skjedd før.

Kjenner på presset

For oppdrett betyr varmen fleire utfordringar. Lakselus trivst betre i varmt vatn, og sjukdomar spreiar seg lettare.

– Det som skjer rundt fisken er vel så viktig som temperaturen. Nye bakteriar, virus, algar og maneter kan bli eit problem. Og når vatnet blir varmare, får vi mindre oksygen, seier Sveen.

Ho meiner næringa må rigge seg for framtida.

– Vi må vurdere djupare merdar, meir overvaking og tettare samarbeid med forskingsmiljøa.

Ho håpar forskarane kan gi råd om kva som faktisk fungerer, og meiner næringa må samarbeide tettare med dei som har kunnskapen.

elin

Høg temperatur er ikkje optimalt for lus og bakteriar.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

Forskarane har ikkje ei magisk løysing, men dei har nokre klare råd til oppdrettsnæringa.

Det første er å følgje med. Temperaturen vil svinge meir framover, og då må ein ha gode målingar og beredskap, understrekar Johnsen.

Ho peikar på nokre konkrete grep:

Publisert 08.01.2026, kl. 09.57

Read Entire Article