Vil ha negativ merking på ultra­prosessert mat

1 week ago 12


Etter at dei nye kosthaldsråda blei kjente i august, har mange teke til orde for at dei manglar ei oppfordring om ultraprosessert mat.

Fleire kjende ernæringsekspertar viser til at ultraprosessert mat er skadeleg for helsa vår, medan Helsedirektoratet meiner at ikkje dette ikkje er godt nok dokumentert.

Nå vil ernæringsbiolog Marit Kolby aktivt åtvare forbrukaren om denne typen mat. Ho vil at ultraprosessert mat skal ha ei tydeleg merking på emballasjen.

Helseministeren på si side, meiner at dette ikkje er aktuelt.

  • Bakgrunn: Fekk du med deg at mage-tarmforbundet starta eit opprop dei kalla «Matbrølet»?

Ynskjer trafikklys

Marit Kolby har i årevis arbeidd på mange frontar for å opplyse folk om såkalla rein mat. Ho meiner at det er for vanskeleg å finne denne maten i butikken.

– Viss eg kunne få lov til å bestemme, så hadde vi hatt ein slags «trafikklysmerking», seier Kolby.

Marit Kolby

– Ultraprosessert mat er så omfattande prosessert industrimat, at den eigentleg ikkje er eigna til å halde oss friske. Det er ernæringsbiolog og høgskolelektor Marit Kolby sin korte definisjon på ultraprosessert mat.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ho ynskjer å innføre eit system der den ultraprosesserte maten blir merka med raudt. Alle råvarene blir automatisk merka grønt. Dei prosesserte produkta som har næringsverdi, blir merka med gult.

På den måten meiner ho forbrukaren lettare kan navigere i daglegvarebutikken, og velje sunne alternativ.

Ultraprossesert mat

Rundt 60 prosent av all maten vi finn i matbutikken er ultraprosessert.

Foto: Frode Meskau / NRK
  • Kva er eigentleg ultraprosessert mat? Her finn du nokre typiske eksempel:

Marit Kolby meiner nøkkelholmerkinga har gode intensjonar. Ho meiner likevel at dei ikkje hjelper folk til å finne det beste alternativet innanfor ei produktgruppe.

Ho trekk fram eit døme på puffa søte frukostblandingar som har nøkkelholmerka på seg. Det har også havregryn.

– Det er heilt openbert at havregryn er ei betre matvare for oss menneske å ete, seier Kolby.

– Vi treng ei merkeordning som gjer det enklare for oss å velje mat av betre kvalitet, og da treng vi også å merke den maten som ikkje er bra for oss, seier Kolby.

Nøkkelhull-merke

Nøkkelholet er merkeordninga til myndigheitene som skal gjere det enklare å ta sunnare val. Men varene kan framleis vere ultraprosesserte.

Foto: Frode Meskau / NRK

Helsedirektoratet: – Ikkje formålstenleg

Helsedirektoratet meiner det ikkje er formålstenleg å merke produkt ut frå kor foredla eller prosesserte dei er.

Grunngjevinga er at det ikkje er noko samanheng mellom kor foredla ei matvare er og kor sunn ho er. Det viktigaste når ein skal sjå på om eit produkt er sunt eller ikkje, er å vurdere det næringsmessige innhaldet i produktet, og blant anna kor mykje metta feitt, sukker og salt det inneheld, seier divisjonsdirektør Linda Granlund.

Ho trekk fram at produkt som seigmenn og grovbrød hamnar i same kategori, ettersom begge er behandla.

Derfor blir det heilt feil at begge desse automatisk blir merka raudt, seier Granlund.

Levde utan ultraprosessert mat i ein månad

Magasinsjef i Nettavisen, Lars Wærstad, oppdaga at det var vanskeleg å finne fram til dei reine produkta i butikken, og støttar Kolby sitt forslag. Han var med i eit prosjekt om ikkje å ete ultraprosessert mat.

Saman med åtte andre kollegaer i Nettavisen, testa dei ut ein månad utan ultraprosessert mat.

Lars Wærstad

I ein månad levde Lars Wærstad utan ultraprosessert mat, og kjente sjølv at kroppen aldri før har fungert så godt som da.

Foto: Frode Meskau / NRK

– I løpet av den månaden så gjekk eg ned mange kilo. Eg levde mykje sunnare, kjende meg betre, sov betre, pulsen vart betre. Fordøyinga var betre, altså kroppen min elska det, seier Wærstad.

Studien var ikkje klinisk, men deltakarane tok blant anna blodprøver før og etter prosjektet. Der vart det testa mikro-CRP, som måler betennelse i kroppen.

– Den gjekk ned, og det var noko av det eg la mest merke til. Eg gjekk også ned i metabolsk alder. Det er ingen tvil om at kroppen likte det eg heldt på med, seier Wærstad.

Wærstad synest det mest interessante ved prosjektet ved å berre ete rein mat, var at det fekk ein del følger.

– Du lever sunnare. Eg trenar til vanleg, men i løpet av perioden så lét eg vere å skulke treninga på måndag berre for at eg var litt sliten. Du går litt inn i det, og ved å ta sunne val, tar du enda fleire sunne og smarte val, seier Wærstad.

Når det gjeld dagens merking i butikken, er Wærstad skeptisk etter det han har lært gjennom prosjektet.

– Nøkkelholmerkinga stoler eg ikkje på. Til dømes er dei fleste kjøpebrød ultraprosesserte. Også skinker som ser reine og fine ut er ultraprosessert, medan ei spekeskinke som kan vere litt rufsete med feittrand og slikt, er rein vare.

Stoler på Helsedirektoratet

Helse- og omsorgsminister, Jan Christian Vestre, seier det ikkje er aktuelt å ha negativ merking på ultraprosessert mat, viss ikkje Helsedirektoratet anbefaler det.

Jan Christian Vestre, helse- og omsorgsminister (Ap)

Helse- og omsorgsminister, Jan Christian Vestre, seier det er bra at mange fagfolk engasjerer seg i kosthaldsråda, men at han stoler fullt og heilt på Helsedirektoratets vurderingar.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

– Vi har ei merkeordning i dag som fungerer veldig bra, nemleg nøkkelholsordninga. Men vi kan alltids diskutere korleis ho kan vidareutviklast og gjerast enda betre. Men det må det vere basert på Helsedirektoratets offisielle kosthaldsråd, seier Vestre.

Helsedirektoratet har ikkje teke inn ei oppfordring om å ikkje ete ultraprosessert mat i dei nye kosthaldsråda. Dei meiner at dokumentasjonen for at denne typen mat er skadeleg for helsa, ikkje er god nok.

Kva tykkjer du om forslaget til Kolby?

Publisert 11.11.2024, kl. 13.47

Read Entire Article