Unio trapper opp streiken i dag – rammar passkontor og eksamen

5 months ago 59


Opptrappinga av streiken vil blant anna merkast på passkontora i Bergen og på Gardermoen.

Før helga var det fullt på parkeringsplassen utanfor passkontoret i Fyllingsdalen i Bergen.

Familien Rauset-Hvidsten fekk den siste ledige timen, og rakk dermed akkurat å fornye passa til dei tre barna før opptrappinga av streiken.

Familien Rauset-Hvidsten

Familien Rauset-Hvidsten håper dei kjem seg på ferie.

Foto: Silje Rognsvåg / NRK

Spørsmålet no er om dei får passa i tide til ferien.

– Vi får jo ikkje bestilt tur før vi får dei. Eg har høyrt at det tek rundt ei veke, men eg les på nettet at det tek fire eller fem veker. Og dersom streiken held fram, vil det ta endå lengre tid, seier far Leif-Arne Hvidsten.

– Så blir det kanskje ikkje ferie?

– Nei, det kan godt vere. I så fall blir det noregsferie. Det er jo eit vakkert land, så det er ikkje noko problem det heller.

Med dagens opptrapping av Unio-streiken er totalt 3357 medlemmar teken ut i streik.

Råkar etterforsking og pågripingar

Sommaren nærmar seg, og det er ikkje berre familien Rauset-Hvidsten som skal ut å reise.

Politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt trur fleire no vil merke opptrappinga av streiken.

– Det er jo ikkje så vanskeleg å førestille seg at dette bekymrar dei som treng pass og dei som skal på ferie.

Politimester Kaare Songstad

Politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad.

Foto: Jan Børge Leirvik / NRK

Songstad seier «vanlege folk» først og fremst vil merke streiken på passkontora, og at fleire kan få timane sine avlyst. Men i tillegg til dette, blir politiets etterforsking ramma.

– Streiken råkar oss jo eigentleg ganske mykje allereie. Saker blir allereie sette på vent, og aktiviteten på etterforskingsområdet er redusert. Ein gjer mindre både på konkret etterforsking, pågripingar, varetekt, og no går aktiviteten ytterlegare ned frå måndag.

Også Akademikerne hadde plan om å ta 378 nye medlemmar i streik. Men søndag kveld greip regjeringa inn og det blei tvungen lønsnemnd.

– Eg har ikkje noko anna val enn å stanse streiken, seier arbeidsminister Tonje Brenna (Ap).

Grunnen til at regjeringa stoppa streiken til Akademikerne var det store streikeuttaket i Nasjonalt tryggingsorgan som skulle settast i verk måndag.

Sende brev til Støre: – Alvorleg bekymra

Før helga sende Unios leiar, Ragnhild Lied, eit brev til statsminister Jonas Gahr Støre for å be om hjelp til å løyse situasjonen.

– Vi er alvorleg bekymra for den fastlåste situasjonen som er oppstått, skriv Lied.

Unio-leiaren seier dei ikkje har blitt kontakta av departementet sidan konflikten oppstod, altså for ti dagar sidan.

Unio-leder Ragnhild Lied vil sikre høyere lønnsvekst for offentlige ansatte under vårens lønnsoppgjør.

Unio-leiaren sende til slutt brev til statsminister Støre, for å be han rydde opp.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix

Lied hevdar at ansvarleg statsråd, digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung, «ikkje har vist vilje til reelle forhandlingar». Ho bad difor organisasjonen om at statsministeren grip inn.

– For å løyse opp i denne fastlåste situasjonen, ber vi difor no om bistand frå Statsministerens kontor og at statsministeren overtek dialogen med partane, sa Lied.

Statsråd Karianne Tung svara følgande:

Karianne Tung

Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

– Det viktigaste for oss har vore éin avtale som sikrar lik lønn for likt arbeid, uavhengig av kvar ein er organisert, sa ho, og la til:

– For staten som arbeidsgivar for 170.000 tilsette og med eit lønnsbudsjett på omtrent 110 milliardar kroner, er det enklaste, mest rettferdige og minst byråkratiske éin avtale. Det står eg fast ved. Den kontakten som har vore mellom partane under streiken, har gått via Riksmeklar, sa ho til NRK fredag, etter å ha lese brevet.

Publisert 03.06.2024, kl. 06.29

Read Entire Article