Unge toppidretts­utøvarar: – Viss målet er at dei ikkje skal bruke kosttilskot, så er det ikkje meir informasjon dei treng

5 months ago 53


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Det praktiske rundt matlaging er noko som påverkar korleis unge idrettsutøvarar ser på kosttilskot. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)

Ein ny studie viser at unge idrettsutøvarar har for lite tid til å få i seg mat. 

Forskar Anette Skilbred har gjort djubdeintervjua 24 ungdomar.

Alle gjekk på private toppidrettsgymnas og dreiv med handball, fotball, skiskyting, ishockey, friidrett, symjing, langrenn og motocross.

Mange av dei skildrar ein hektisk kvardag der tida til å lage eit skikkeleg måltid ikkje strekk til. 

Ein toppidrettselev og deltakar i studien seier det slik:

«Også kommer jeg hjem dusjer, også spiser jeg. Egentlig burde jeg ha spist før jeg dusjer fordi man må jo ha i næring så fort som mulig for å få så mye som mulig ut av økta, men hvis jeg er litt svett og sånn, så blir jeg fort kald, og da er det jo fort gjort å bli syk, så ofte så kan jeg ta med meg en brødskive i dusjen da [... ].»

Portrett forsker

Anette Skilbred. (Foto: NIH)

Målet med studien var å finne ut kva slags forståing desse ambisiøse idrettsungdomane har av prestasjonsfremjande midlar, som for eksempel kosttilskot. 

Har mykje kunnskap om kosttilskot 

– Eg har ikkje spurt dei direkte om dei brukar eller ikkje. Fokus har vore på korleis dei gir meining til for eksempel kosttilskot, og kven dei skapar denne meininga saman med, fortel Skilbred. 

I samtalane kjem det fram at dei får mykje undervisning og har nok kunnskap. Dei har også mange dei kan spørje om det er noko dei er usikre på rundt kosttilskot. 

Ein elev seier:

«Jeg tror jeg kanskje spør mamma først. Hun er på en måte den andre treneren min på en måte, så jeg spør kanskje hun. Også spør jeg vel treneren min også, men så har vi jo kostholdsveileder, så vi vet jo at det bare er å sende melding til hun eller ta kontakt med hun, eller ta et møte med hun for eksempel.»

I intervjua har forskaren spurt elevane om kven dei snakkar med, kva dei snakkar om og kven dei spør om dei har spørsmål.

– Utfordringa slik eg ser det, er at dei har ein hektisk kvardag. Det praktiske rundt matlaging er noko som påverkar korleis dei ser på kosttilskot. Da kan ein forstå at det blir ein praktisk løysing. 

Skilbred viser i studien korleis unge og ambisiøse utøvarar heile tida jobbar for å forbetre prestasjonane sine. Etter kvart som dei blir eldre, blir fleire personar involvert i prosessen. 

Ho fortel at nettverket dei er ein del av, har stor innverknad på korleis dei ser på vala dei tek for å prestere betre. Anten om det omfattar trening, ernæring eller bruk av kosttilskot. 

Det er mange val som blir vurdert opp mot korleis dei kan bli best i framtida, beskriv forskaren.

Har nok informasjon om konsekvensar

Skilbred vil få fram at det ikkje er mangel på kunnskap og informasjon blant desse ungdomane. 

– Viss målet er at dei ikkje skal bruke kosttilskot, så er det ikkje meir informasjon dei treng. Dei sit på kunnskapen og veit om moglege konsekvensar om kosttilskot er forureina og at det kan føre til positiv dopingprøve. Dei er nesten litt mette av å høyre om det, fortel ho. 

Elevane fortel at dei har fått god kunnskap om konsekvensane gjennom foredrag og e-læring frå Antidoping Norge både gjennom idrettslag og skulen.

Sjølv er Skilbred oppteken av at foreldre og trenarar ikkje treng å bli uroa sjølv om ungdomane skulle bruke kosttilskot.

Ho anerkjenner at det er ein risiko for at kosttilskotet er forureina, men å bruke enkelte kosttilskot må ikkje nødvendigvis leie til ukritisk tankegang og bruk av andre forbodne midlar.

Mange ser ikkje på kosttilskot som noko dei tar for å bli betre i idretten sin. 

– Ungdomane verkar ikkje til å tru på «quick fixes». Slik sett framstår ikkje kosttilskot som noko som kan vere ein snarveg for å raskt bli best. Dei er ikkje naive og veit kva som må bli lagt ned for å bli skikkeleg god. 

Tre forslag til tiltak på toppidrettsgymnas

Kva skal da toppidrettsgymnasa gjere for å legge betre til rette for utøvarane? Skilbred har tre konkrete forslag. 

  • Vêr tilgjengeleg for å diskutere alternativ. Ein trenar eller lærar treng ikkje å seie at kosttilskot er unødvendig. Ver nysgjerrig på korleis dei reflekterer.
  • Legg inn matlaging i timeplanen og ta noko anna ut, kanskje til og med trening? Gje elevane tid og hjelp til å lage mat. Mange av dei flyttar aleine på hybel som 15/16-åring for å satse på idretten. Kanskje treng dei støtte og tid til å prioritere matlaging. 
  • Snakk om mat og måltid som sosialt og hyggeleg, og ikkje berre som komponentar på ein tallerken.

Mat ein del av prestasjonslogikken

Skilbred understrekar at ho ikkje har hatt fokus på ernæring og eteforstyrringar i sitt prosjekt. Likevel trur ho at funna hennar kan relaterast til nettopp desse problema.

– Mat blir behandla som ein del av prestasjonslogikken til desse utøvarane. Derfor trur eg det er viktig at mat og måltida ikkje berre blir protein og karbohydrat, men ein middag og sosial aktivitet som ungdomane samlar seg rundt.

Gjennom dei lange intervjua får Skilbred inntrykk av at elevane har mykje kunnskap også om ernæring.

Dei veit kva dei bør ha med for eit næringsrikt måltid.

Det er berre tida som ikkje strekk til.

Da trengst det kanskje større endringar og tiltak rundt skulekvardagen til elevane som dei skildrar som svært hektisk.

– Vi snakkar om at utøvarane må få betre haldningar, men kanskje det heller er strukturane som skal endrast? Kanskje ein må gjere ting litt annleis for desse ungdomane som satsar så hardt på idretten sin. Kan ein gje større rom for å sette seg ned og ha eit hyggeleg sosialt måltid saman? spør forskaren.

Referanse:

Anette Skilbred, Sigmund Loland og Aase Strandbu: Young networked athletes and performance-enhancing substances: who are the actors in their network, and how do the actors shape athletes’ meaning-making? European Journal for Sport and Society, 2024. Doi.org/10.1080/16138171.2024.2335578

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article