Unge let vere å seie meininga si fordi dei opplever at samfunnet er for politisk korrekt

1 week ago 15


Erling Wahl Salberg (17) går på Strinda vidaregåande skule i Trondheim. Han er, som mange andre på hans alder, opptatt av retten til å ytre seg. Men det hender at han let vere å seie kva han meiner.

Han tenker at det kanskje kan svekke karakterane fordi han har andre meiningar enn fleirtalet av lærarane.

Og nokre gonger let han vere å ta opp kontroversielle tema også utanfor skuletida.

– Viss enkelte vener seier noko eg er veldig politisk ueinig i, så let eg vere å seie det for å ikkje øydelegge stemninga.

Erling er ikkje aleine. Ifølge rapporten Ung2025 er ytringsfridom den saka unge er nest mest oppteken av, etter mental helse.

Når let du vere å seie meininga di?

Fire av ti i aldersgruppa 15 til 25 er heilt eller dels einige i at dei let vere å seie meininga si fordi dei opplever at samfunnet er for politisk korrekt.

Men det er ein klar skilnad mellom kvinner og menn.

Behov for eit større ytringsrom

Fleire menn enn kvinner held tilbake meiningane sine. 46 % av mennene, mot 36 % av kvinnene kjenner seg igjen i det å halde tilbake meiningane sine.

Erling har valt programfaget «Politikk og menneskerettar».

I det faget er det rikeleg med rom for å seie meininga si. Der øver dei seg nemleg på å diskutere.

Grensa for ytringsfridom til dømes, og lova mot hatefulle ytringar.

19 år gammel mann som er elev ved en videregående skole, gestikulerer for å forklare hva han mener om ytringsfrihet.

– At staten blandar seg inn, og sensurerer enkelte utsegn, eller straffar ytringar direkte – det meiner eg er udemokratisk.

Erling Wahl Salberg

vidaregåandeelev

Milka Samuel Tesfagergish (18) høyrer på kva Erling Wahl Salberg seier. Men ho er ikkje einig med han.

Ung kvinne i blå hettegenser sitter i et klasserom og snakker. Flere andre elever sitter rundt.

– Eg tenker at det er fint at vi har den lova. Du blir jo ikkje straffa for å kalle nokon stygg. Det er dryge ytringar som blir straffa.

Milka Samuel Tesfagergish

vidaregåandeelev

Milka får støtte av Vegard Snekvik Gressetvold (18).

Tre vidaregåande skuleelevar sit i lag. Ein av dei snakkar mens dei to medelevane høyrer på.

– Hatefulle ytringar ber ikkje med seg noko grunnlag for diskusjon, dei berre skadar. Da er det bra at samfunnet seier at det ikkje er greitt.

Vegard Snekvik Gressetvold

vidaregåandeelev

Sjølv om det er rom for å vere ærleg i timane på Strinda vidaregåande, blir stemninga der påverka av auka polarisering i samfunnet.

Avstanden mellom dei som stemmer venstreparti og dei som stemmer høgreparti har auka. Og sidan 2020 har polariseringa mellom kvinner og menn også auka, ifølge forskar Jana Birke Belschner ved Universitetet i Bergen.

Om du vil motverke polarisering må du ha eit ønske om å forstå den andre sine meiningar. Det seier filosof Ingun Steen Andersen.

Ho jobbar med dialog og demokratilæring, og har tips som kan gjere deg god til å snakke med og lytte til folk du er ueinig med:

Ingun Steen Andersen er filosofisk praktiker og leder av Norges leder for Norsk selskap for filosofisk praksis

Ingun Steen Andersen er filosof og leiar av Norsk selskap for filosofisk praksis.

Foto: Pavel Storozhuk

Ikkje angrip

I staden for å gå til personangrep når du blir sint, skal du heller beskrive korleis du sjølv opplever utsegna. Du kan til dømes seie:

«Når du seier dette, kjenner eg meg såra og provosert. Eg opplever at du ikkje behandlar meg som ein likeverdig. Kva var det eigentleg du ønskte å få fram?»

Ikkje tolk for raskt. Unngå å sette nokon i bås

Øv på å halde tilbake di eiga tolking av andre sine utsegn. La folk sjølv få forklare kva dei meiner. Tenk heller: «Her er det noko eg reagerer på. Det er ubehageleg for meg. Korleis kan eg prøve å lytte meg inn i kva det eigentleg handlar om for det andre mennesket.»

Still opne spørsmål:

«Kva er grunnen til at du seier det du gjer no? Kva for fakta baserer du det på? Er det noko du har opplevd som gjer at du synest at dette verkar riktig?»

Høyr verkeleg etter kva den andre seier

Når du er ueinig eller provosert: Vær nysgjerrig på ekte. Ta deg tid til å lytte. Sjå etter styrke i den andre sine utsegn, ikkje svakheiter. Er noko uklart, be om utdjuping.

Du kan til dømes spørje:

«Kvifor er dette så viktig for deg? Kva for erfaringar har du som gjer at du ser verda på denne måten?»

Ikkje tenk at du skal vinne

Gå inn i samtala med eit ønske om å forstå den andre. Ikkje tenk at det er om å gjere å vinne eller få rett.

Anerkjenn den andre sin rett til å meine

Vis at du respekterer andre sin rett til å ha si eiga meining, sjølv om du er ueinig. Unngå personangrep, merkelappar, ironi eller nedvurderande ord.

Når du møter andre med til dømes: «Eg høyrer kva du seier, du har jo rett til å meine dette. Men no lurer eg på kva du eigentleg meinte?» opnar du for refleksjon.

Da gjer du folk i stand til å tenke saman med deg, meiner Andersen.

Vil finne einigheit

– Når du har to minutt på deg til å svare i ein debatt på TV, så er ikkje det eit godt utgangspunkt for å komme fram til løysingar. Ein får ikkje tid til å forklare nyansane.

Det seier andre nestleiar i SU, Linnea Sandsberg (21). Ho meiner media bidreg til polarisering.

Lars Mikael Barstad Løvold (23) forklarar det sånn:

– Polariseringa forsterkar seg gjerne fordi ein ikkje alltid søker kompromiss og samarbeid der ein kan, men heller står på sitt og tutar vidare.

Sandsberg i SU har eit råd for å redusere kløfta mellom partar som står langt frå kvarandre.

Ung kvinne ser mot kamera mens hun smiler

– Du blir ikkje dummare av å forstå kva motparten din tenker. Ha nysgjerrigheit for korleis er det mogleg å meine det motsatte av deg sjølv.

Linnea Sandsberg

nestleiar i SU

FOTO: EMBLA KRISTOFFERSEN SJØVOLL

Løvold i FpU har ei oppfordring til alle parti.

Ung mann står framfor Stortinget og ser rett i kamera. Smiler lett.

– Vi må i større grad finne saman om einigheitene våre, kva måla våre er og korleis vi kan oppnå dei.

Lars Mikael Barstad Løvold

nestleiar i FpU

FOTO: PRIVAT/PRESSEBILDE

Å ta ting mindre personleg

Læraren i faget «Politikk og menneskerettar» ved Strinda vidaregåande skule veit å utfordre klassen sin.

– Ofte ber eg elevane ta det motsette standpunktet av kva dei eigentleg meiner, fortel lektor Edith Raphael.

Det synest elevane er nyttig.

– Når eg må grave etter argument som strir imot det eg meiner sjølv, er det lettare for meg å sjå kva den andre parten prøver å komme fram til, seier Milka.

Strindaelev Milka Samuel Tesfagergish (10 of 15).jpg

Milka Samuel Tesfagergish synest det er bra å bli utfordra til å argumentere for noko ho eigentleg ikkje meiner.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Og at andre har andre meiningar enn henne blir lettare å bere.

Når diskusjonen er over så er det lettare for meg å ikkje ta det så personleg.

Publisert 10.11.2024, kl. 07.49

Read Entire Article