«Ukjent» spenning før Noregs neste kampar: – Kan skape mykje trøbbel

1 week ago 8


– Det gir heilt klart dei neste kampane ein ekstra spiss.

Det seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg om det som ligg i potten når Noreg avsluttar landslagsåret 2024 med to kampar mot Slovenia (borte) og Kasakhstan (heime) torsdag og søndag.

Dei betyr nemleg meir for Noregs VM-sjansar enn dei fleste truleg har fått med seg.

Neste landskamp mot Slovenia kan nemleg bli avgjerande for om Noreg hamnar i seedinggruppe 2 eller 3 når VM-kvalikgruppene skal trekkast 13. desember.

Kvifor er dette viktig?

– Kan skape mykje trøbbel

Seedinga kan nemleg bidra til at Noreg enten får ein overkomeleg eller svært vanskeleg veg til VM gjennom den ordinære kvaliken.

– Jamt over er det eit høgare nivå på laga i seedinggruppe to enn tre, så det vil vere ein klar fordel å vite at vi ikkje kan kome i kvalik-pulje med laga i pulje to. Det kan skape mykje meir trøbbel for oss, seier Løkberg.

Noreg er per no det dårlegast rangerte laget i seedinggruppe 2. Slovenia er nest best rangert i seedinggruppe 3 og har eit håp om å kapre Noregs plass.

Dette er rankingpoenget til dei to laga før neste kamp:

Noreg: 1473,5
Slovenia: 1459,59

Det internasjonale fotballforbundet Fifas intrikate rankingsystem er lagt opp slik at ein både får og mistar poeng ut frå ein formel. Les meir hos Fifa her.

Viss Noreg taper mot Slovenia i Ljubljana, endar Solbakkens mannskap ut frå NRKs berekningar opp med desse poenga:

Slovenia: 1467,29
Noreg: 1465,80

Slovenia vil dermed gå forbi Noreg og bli seeda i pulje 2.

Men i siste runde av Nasjonsligaen spelar Noreg heime mot Kasakhstan samtidig som Slovenia skal ut i ein tøff kamp mot Austerrike på bortebane.

Dei fleste trur at Slovenia taper mot Austerrike, medan Noreg slår Kasakhstan.

Dersom det skjer endar vi opp med desse poenga:

Noreg: 1469,60
Slovenia: 1461,55

Dermed er Noreg så vidt framfor Slovenia og kaprar ein plass i seedinggruppe 2 når VM-kvaliken skal trekkast.

Men kva om Slovenia spelar uavgjort mot Austerrike? Då ser det slik ut:

Noreg: 1469,60
Slovenia: 1469,05

Ved slovensk uavgjort mot Austerrike må Noreg altså gi frå seg poeng mot Kasakhstan for at seedingpulje 2 skal ryke.

Skottland ein joker

Men det er også eit tredje lag som kan melde seg på i kampen om den viktige seedingplasseringa.

Dersom vi tar utgangspunkt i at Noreg endar på rundt 1469 poeng, som krev minst to poeng totalt i kampane mot Slovenia og Kasakhstan, har nemleg Skottland ein viss sjanse til å snike til seg plassen i seedingpulje 2.

Då må dei likevel ta minst fire poeng i dei to siste kampane mot Kroatia og Polen. Vanskeleg, men ikkje umogleg.

Skottane endar på 1472 poeng viss dei slår Kroatia og så spelar uavgjort mot Polen, og på 1470 poeng viss dei spelar uavgjort mot Kroatia og slår Polen i siste kamp.

Med tre poeng frå dei to kampane, så vil skottane ende opp med 1465 poeng, noko som då berre er godt nok til å passere Noreg dersom Ståle Solbakkens menn berre tar eitt poeng på dei to siste kampane.

– Vi har alt i eigne hender

Viss Skottland heilt uventa skulle vinne begge dei kampane som står igjen, så må Noreg vinne begge kampane sine for å halde seg framfor Skottland.

– Vi har heldigvis alt i eigne hender, og kan sende all tvil til side ved å berre slå Slovenia borte på torsdag. Når vi i tillegg veit betydninga av det for gruppa i Nasjonsligaen, så er det sjølvsagt einaste fokus for Ståle og co., seier Løkberg.

– Viss vi taper, derimot, så vil det jo nesten samanfatte norsk landslagsfotball dei siste tjue åra at vi i denne landslagspausen må følge med på Skottland og Slovenia, og håpe dei mislykkast i kampane sine, legg han til.

Solbakken: – Det er viktig

Ståle Solbakken seier dette på spørsmål frå NRK om viktigheita av å unngå seedingnivå 3 i den kommande trekkinga:

– Det er eit godt poeng. Det er viktig.

Marcus Holmgren Pedersen slår fast overfor NRK at seedinga kan ha mykje å seie for VM-sjansane.

– Det er stor forskjell. Viss du er andreseeda møter du éin mindre god motstandar, så det er viktig, seier han.

Publisert 14.11.2024, kl. 10.58 Oppdatert 14.11.2024, kl. 10.59

Read Entire Article