Tilfeldig besøk avslørte verdas eldste berggylt

5 months ago 27


– Det er definitivt ein lokal sogning. Vi trur at den har levd i det same området heile livet.

Det seier Marthe Marie Ruud Stendal, stipendiat ved Havforskningsinstituttet.

Då ho og kollegaane skulle slå fast alderen på berggyltene frå frysaren, fekk dei ei gledeleg overrasking.

– Ein vart jo litt sjokkerte. Vi har telt mange gongar, men no er vi einige om at den må vere 34 år.

Forskarane Calum Pritchard og Marthe Marie Ruud Stendal.

Forskarane Calum Pritchard og Marthe Ruud Stendal.

Foto: Kim Halvorsen / Havforskningsinstituttet

Som å telje årringar

Då stipendiat Calum Pritchard ved universitetet i Aberdeen trengde eit par frosne berggylter til forsking, var Marthe og resten av kollegaane raske med å seie ja.

I byte mot fisken hjelpte forskaren frå Skottland med å aldersbestemme nokre av berggyltene. Noko som skulle vise seg å gje gode resultat.

Stendal fortel at den vanlegaste måten å aldersbestemme fisk på, er ved å undersøkje øyresteinane. Sidan dette er nokså små delar som ligg utfordrande til, kan det vere vanskeleg å gjennomføre undersøkingar.

Det var då briten kom til unnsetning.

Verdas eldste berggylte.

Ved å telje stripene kan ein rekne ut alderen på fisken

Foto: Calum Pritchard

Ved hjelp av gjelleloket, eit lite lag som dekkjer gjellene til fisken, kunne han analysere vekstsonene i skjelettet.

– Vi kunne faktisk telje stripene i skjelettet akkurat som årringane i ein trestamme, forklarar Stendal.

Slår over 50 år gamal rekord

Etter å ha telt dei 34 stripene gong på gong, kunne Marthe og kollegaane omsider feire funnet. Berggylta er verdas eldste av sin sort.

Den førre rekordhavaren var 29-åring utanfor Isle of Man i Storbritannia på 70-talet. No må han sjå seg slått av ein 40 centimeter stor sogning.

– Det var eit godt funn, men ikkje noko vi eigentleg var på jakt etter. Så vi fekk ei overrasking då den viste seg å vere 34 år gamal, seier Pritchard.

Berggylta er ein fisk i leppefisk-familien. Rekordhavaren vart funnen i Skjerjehamn i Gulen og gjekk i garnet som Havforskingsinstituttet hadde ute hausten 2021.

Deretter vart den liggande på frys til Havforskningsinstituttet fekk tatt prøver av den.

– Det er framleis mykje vi ikkje veit om leppefisk, og det faktum at vi fann den eldste fisken «ved eit uhell» underbyggjer dette, seier Pritchard.

Viktig for vidare forsking

Stendal tykkjer det er imponerande å finne slike gamle individ i Noreg.

Då den førre rekordhavaren vart oppdaga på 70-talet, vart 142 berggylter aldersfastlagde. Under 5 prosent var eldre enn 20 år.

– Det er viktig å ta vare på dei gamle individa som er viktige bidragsytarar til populasjonane. Desse får mange barn av god kvalitet.

Publisert 08.06.2024, kl. 20.31

Read Entire Article