Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Start-spelaren Henrik Robstad gjennomfører her sin andre sprinttest over 30 meter. (Foto: UiA)
Det trur idrettsforskar som ser at ny teknologi overvaker stadig meir av det idrettsutøvarar gjer under kamp og trening.
Den teknologiske overvakinga av spelarane gir nøkkelinformasjon til trenaren. Men den som er best på teknologi, er ikkje nødvendigvis det beste laget i fotball-EM.
– Teknologien gir nøkkelinformasjon for trenarapparatet, men taktiske vurderingar og tekniske kvalitetar på enkelte spelarar vil nok avgjere fotball-EM.
Det seier idrettsforskar Per Thomas Byrkjedal ved Universitetet i Agder (UiA).
Under arbeidet med doktoravhandlinga si, har Byrkjedal forska på 20 fotballspelarar i Start og 15 hockey-spelarar i Stavanger Oilers.
Testa fysisk kapasitet
Byrkjedal har gjennomført styrke- og sprinttestar for å kartlegge den fysiske kapasiteten til spelarane.
Målet har mellom anna vore å gi trenarane grunnlag for å vurdere individuelle treningsopplegg som skal vedlikehalde eller styrke kapasiteten. Teknologien gir relevant informasjon om fysisk form, spenst og kapasitet og mykje meir.
– Den menneskelege vurderinga av informasjonen er avgjerande for å utvikle toppidrettsutøvaren. Overvaking og hyppig testing gir eit godt grunnlag for å utvikle og halde ved like fysisk kapasitet som fart, styrke og kondisjon, seier Byrkjedal.
GPS-overvaking under trening og kamp
Innan toppfotballen er det vanleg at spelarane vert overvaka av GPS-målingar både under trening og kamp.
Så langt har det ikkje vore like vanleg blant topplaga innan is-hockey. Det var ganske nytt for ishockey-spelarane da Byrkjedal gjennomførte testar med dei.
GPS-en er festa i ein såkalla sports-bh spelarane har på seg. GPS-en vert også kalla sporingsbrikke. Brikka som Start og Oilers brukte, måler fysisk belastning og fart. Den måler også kor langt spelarane spring, og kor ofte og langt dei spurtar og mykje anna.
– Informasjonen frå GPS-en er viktig mellom anna for å kunne styre belastninga på enkeltspelarar og tilpasse treninga til den enkelte på best mogleg måte, seier Byrkjedal.
Testar under optimale forhold
I styrkerom, hall og uterom testa Byrkjedala spensten, farta og styrken til spelarane.
– Testane går føre seg under optimale og standardiserte forhold. Da får vi god innsikt i fysiske eigenskapar og kapasitet, seier Byrkjedal.
Testresultata og GPS-informasjonen gir til saman eit godt bilde av det fysiske nivået til spelaren. Informasjonen er også nyttig når ein spelar til dømes skal trene seg opp igjen etter eit skadeavbrekk.
– Da har trenarane ein mal å gå etter og kan tilpasse belastninga under trening etter kapasiteten spelaren har vist før han vart skada, seier Byrkjedal.
Sports-bh i fotball-EM
Byrkjedal trur GPS-en kan gi nyttig informasjon undervegs i fotball-EM som no går føre seg i Tyskland.
– Eit fotball-EM med mange kampar tett etter einannan er krevjande for kroppen. Her kan gode rutinar på å tolke data frå sporingsbrikka gi relevant informasjon om den fysiske forma til spelarane, seier Byrkjedal.
Han seier trenaren bruker informasjonen til å styre belastninga på enkeltspelarar. På den måten kan dei leggje til rette for at den enkelte og laget yter godt gjennom heile meisterskapen.
Informasjonen bidrar til at trenaren kan rotere på laget og unngå å overbelaste enkeltspelarar.
Ingen samanheng test og kamp
Da han sjølv forska på spelarane i Start og Stavanger Oilers fann han ingen klar samanheng mellom det dei ytte i fysiske testar og på banen.
– Tal som viser høg eller låg skar på ein test, antydar kapasiteten til den enkelte spelaren. Men eg finn ingen klar samanheng mellom det spelarane yter i testar og det dei gjer under kampar, seier Byrkjedal.
Han forklarer det med taktiske vurderingar undervegs i kampane. Da kan spelaren kome til å bruke mindre krefter og springe mindre enn under trening. Det treng ikkje vise dårleg form. Det kan bety at spelaren gjer taktisk smarte val.
– Ein god spelar posisjonerer seg rett og unngår dermed unødvendige spurtar og duellar. Prestasjon handlar i høgste grad også om taktiske evner, seier forskaren.
Han understrekar at fysiske testar nettopp måler den fysiske kapasiteten til spelaren og ikkje den totale prestasjonen.
– Testane gir innsikt i korleis kvar enkelt spelar bør leggje opp treninga for å utvikle fart, spenst og eksplosivitet. Dette er individuelt, så her kan det vere store gevinstar å hente, seier Byrkjedal.
Forska lite på samsvaret trening og kamp
Byrkjedal forsvarte avhandlinga si om testing, GPS-bruk og tilpassa treningsopplegg tidlegare i år. Han meiner studien er representativ for korleis testar og kamp fungerer også for andre lag enn Start og Stavanger Oilers
Han gjennomførte forsøka under covid-perioden og ville gjerne ha hatt både fleire testar og fleire deltakarar med på studien. Frå før av er det forska lite på samsvaret mellom fysisk kapasitet under testar og kamp.
– Slik sett opnar min studie opnar slik eit nytt forskingsfelt om samanhengen mellom testar og kamp, seier Byrkjedal.
Referanse:
Per Thomas Byrkjedal: Physical fitness and external load in icehockey and football. Doktoravhandling, Universitetet i Agder, 2024.