Studentar vil logge av mobilen på tur

1 month ago 15


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Samtalane på tur blir annleis om ikkje mobilen er framme, fortel studentane. Om ein av dei tek den opp, blir dei andre påverka til å gjere det same. (Foto: Thomas Vold)

Korleis påverkar smarttelefonen friluftslivet? Ny forsking viser at studentane sett pris på å vere utanfor dekning i naturen.

Det kan vere vanskeleg å finne rom der det er mogleg å kople heilt av frå smarttelefonen i 2024. På tur i naturen kan vere eit slikt sjeldan rom.

Imre van Kraalingen har intervjua lærarar og studentar på friluftsliv på tre forskjellige høgskular. Ho har mellom anna funne ut at studentar gjerne vil logge av mobilen når dei er ute i naturen, men at det ikkje alltid er like enkelt. (Foto: Thomas Vold)

Kanskje er det berre langt til skogs eller på høgfjellet du kan vere heilt utan dekning.

– Mange av studentane fortalte at dei merka ein stor forskjell i gruppa om dei hadde mobildekning eller ikkje, seier  Imre van Kraalingen. Ho er forskar ved Institutt for lærarutdanning og friluftsliv på Norges idrettshøgskole (NIH). 

Kjente på press på å dele på sosiale medium

Dei siste åra har ho undersøkt korleis smarttelefonen påverkar lærarar og studentar på friluftsliv på fleire høgskular rundt om i landet.

Funna hennar viser at lærarane har fått nye moglegheiter i undervisninga med nye verktøy for informasjon, navigasjon og planlegging.

Men mange meiner også at det har påverka korleis dei er til stades i naturen og korleis gruppa fungerer saman på tur.

– Dei framheva at det å ha tilgang på mobil og 4G/5G på tur påverka både det sosiale i gruppa og turopplevinga. Viss dei såg noko vakkert, var det stor forskjell på den fyrste reaksjonen. Med dekning tok dei opp mobilen for å lage ein video. Utan kunne dei berre vere til stades i augeblikket og nyte det saman, fortel forskaren.

Nokre av dei unge friluftsglade fortalte også at dei nærmast kjente på eit press på å skulle legge ut bilde og innhald frå turane dei var på.

Forskaren oppmodar til å vere avkopla når du er på tur og heller dele bilde når du er heime igjen. Slik kan du vere meir til stades og samtidig få meir ut av opplevinga. (Foto: Privat)

Den fyrste tanken når dei opplevde noko nytt, var ofte: «Kva kunne eg ha skrive om dette bildet på Instagram».

– Nokre av dei fortalte at dei kjente på eit sosialt press på å poste ting på sosiale medium. Når dei er ute på tur og opplever kule ting, kjente dei på «åh, eg må vise folk at eg gjer dette», seier van Kraalingen. Ho trur dette har mykje med populariteten til friluftsliv å gjere. 

Vil ha fleire opplevingar utan mobil

Friluftsliv har verkeleg blitt trendy på sosiale medium dei siste åra. Det er kult å vise fram at ein er på tur. Eigne friluftslivstrendar har også vakse fram på plattformar som Instagram, forklarar forskaren. 

– Kor mange sov i hengekøye eller laga kanelbollar av ferdig pizzadeig for ti år sidan? spør forskaren når ho nemner to av trendane som mange nok har sett på Instagram fyrst.

Men sjølv om mange av dei er glade å vise fram friluftsinteressa si på kanalar som Instagram, set dei også stor pris på å vere avkopla på tur. 

– Studentane fortel at dei sett veldig pris på tida dei er avkopla. Dei fortel at dei er interesserte i å ha fleire opplevingar utan mobilteknologi. Dei har ein vane med å ta opp mobilen sin. Så snart nokre andre gjer det, blir det lett å gjere det same. Da føler dei at dei forsvinn ned i mobilen og scrollinga, fortel van Kraalingen. 

Kan også vere positivt å dele bilde 

Det treng ikkje nødvendigvis vere negativt å ville dele glimt frå turopplevingar med andre. Forskaren meiner det handlar om tidspunktet dei gjer det på.

– Eg trur det å dele bilde frå tur, også kan gje meining til opplevingane du har på tur. Det kan skape ei meir meiningsfull læringsoppleving for studentane, seier ho og legg til:

– Fleire av studentane sa dette: Dei ventar til etter turen med å dele bilde. Problemet er når dei er kopla på nettet når dei framleis er utandørs. Da blir det ein distraksjon, og dei er ikkje verkeleg til stades i det naturlege miljøet og i samhandlingane sine.

Lite freistande å plukke opp mobilen her, kanskje? Forskaren fortel at det også var ei splitting mellom lærarar som var veldig nysgjerrige på bruk av ny teknologi, og dei som meinte at det går utover ferdigheitene til elevane, som til dømes kart og kompass. (Foto: Thomas Vold)

Like relevant for deg som turgåar 

van Kraalingen seier at den største utfordringa som lærarar og studentar i friluftsliv bør kjenne til, er nok like relevant for deg om du er ein heilt vanleg turgåar med smarttelefon i lomma.

Konstant tilkopling til mobilt nettverk kan forstyrre heilskapen i friluftsopplevingar ved at det svekker den sanselege opplevinga av naturen rundt.

Er dette ein god situasjon for å ta opp mobilen? (Foto: NIH)

Ho meiner det også kan hindre studentane i å engasjere seg sosialt med dei andre på turen og slik skape felles opplevingar.

– Studentane var ikkje bekymra for om mobilbruken øydela for at dei ikkje lærte dei nødvendige ferdigheitene. Som at bruk av Google Maps ikkje gjer at dei lærer seg kart og kompass, som nokre av lærarane var uroa for, seier ho og legg til: 

– Det dei veldig sterkt framheva, var korleis mobilbruken påverka samhandlingane i gruppa og dynamikken når dei hadde tilgang på mobilen.

Reflekter rundt når mobilen skal vere framme

For kva skjer eigentleg med samtalane våre rundt bålet eller på ein fjelltopp om ein av oss plukkar opp mobilen for å «snappe» opplevinga til vennene heime?

Både forskaren og studentane ho intervjua, meiner det påverkar dynamikken i gruppa. 

Van Kraalingen har klare råd til deg som har med ei gruppe på tur. Anten det er ei skuleklasse, turgruppe eller familien der du tenkjer at mobilbruk kan vere ei utfordring.

– Finn ein balanse og reflekter over når mobilen skal vere i bruk og ikkje. Studentane fortel at dei sett pris på at lærarane oppmodar dei til å reflektere rundt mobilbruken. Dei ville også at dei skulle diskutere i etterkant kva som var positivt eller negativt med å bruke mobilen på tur.

Imre van Kraalingen disputerer for doktorgraden på NIH 24.oktober.

Referanse:

Imre van Kraalingen: Nærvær og (dis)kobling: Undervisning og læring med mobilteknologi i høyere friluftsstudieprogrammer. Doktorgradsavhandling ved Norges idrettshøgskole, 2024. (Nettside på NIH om avhandlingen)

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article