Søkte om godkjenning som privatskule etter skule­nedlegging: Får nei frå staten

2 hours ago 3


  • Jotunheimen vidaregåande skule i Lom får avslag på å bli statleg godkjend som privatskule.
  • Utdanningsdirektoratet meiner skulen vil påverke det offentlege skuletilbodet negativt.
  • Skulen vil halde fram som privatistskule, støtta av 70 millionar kroner som vart samla inn etter at det vart stor misnøye då Innlandet fylkeskommune vedtok å leggje ned fleire skular.

VG har fått tilgang på avslaget Utdanningsdirektoratet (Udir) har send til Jotunheimen Vidaregåande Skule AS, datert 10.11.2025.

Der skriv fagdirektoratet at skulen får avslag. Det blir konkludert med at etableringa av skulen vil medføre negative konsekvensar for det offentlege skuletilbodet i Innlandet.

Direktoratet presiserer at søknaden om godkjenning tilfredsstiller minstekrava i privatskulelova. Men avslår likevel på bakgrunn av skjønnsmessige vurderingar. Det blir også vist til at fylkestinget i Innlandet tilrådde at søknaden ikkje vart godkjend.

Samtidig fastslår styreleiar Hanna Skjåkødegård i Jotunheimen Privatistskule at dei vil drive vidare som privatistskule — mellom anna basert på dei rundt 70 millionar kronene som er samla inn til skulen.

Til VG seier ho at skulen vil anke saka til Kunnskapsdepartementet.

— Eg var førebudd på avslaget, så det er ingen tårer felte i kveld. Det er berre kamplysta som er endå sterkare tent, seier ho til VG.

I avslaget på søknaden om å bli statleg godkjend privatskule viser Utdanninmgsdirektoratet til at Innlandet fylkeskommune meiner ei godkjenning vil føre til større usikkerheit om breidda og kvaliteten til det offentlege skuletilbodet.

— Negativt for den offentlege skulen

Og i tillegg ville det ha svekka det økonomiske handlingsrommet til fylkeskommunen gjennom redusert rammetilskot og svakare mogelegheiter for å gjennomføre naudsynte økonomiske prioriteringar.

“I ein situasjon der skulestrukturen er i endring, på grunn av elevtalsnedgang og pressa økonomi,
vil ei vidare svekking av elevgrunnlaget med følgjande redusert rammetilskot, ha negativ
innverknad på denne prosessen, og dermed også sannsynlegvis få negative konsekvensar for
elevane i den offentlege skulen”,
skriv Udir i si vurdering.

— Held fram med å kjempe

Hanna Skjåkødegård er styreleiar i privatistskulen, og har gått i bresjen for innsamlinga av pengar til den nye skulen.

— Det er svært viktig for meg at vi tek vare på elevane som går på Jotunheimen privatistskule, slik at dei ikkje får ei motlaus kjensle. Vi har ungdom her som har sagt gong på gong at dei ikkje kjenner at nokon i politikken høyrer dei — vi held fram med å kjempe, og vi gjev oss aldri, seier ho.

 Vigdis Kroken / Vigdis KrokenHanna Skjåkødegård, styreleiar for Jotunheimen vidaregåande. Foto: Vigdis Kroken / Vigdis Kroken

Jotunheimen vidaregåande starta opp i august i år, men som privatistskule — det vil seie ikkje som ein vanleg skule, men ein undervisningsstad der elevar kan ta fag som privatist utan å få standpunktkarakterar, for å førebu seg til privatisteksamen.

Men dei har heile vegen ønskt å bli godkjend som ein privatskule som driv med vidaregåande opplæring — og som utløyser statleg støtte, berre utanfor det offentlege skulesystemet.

— 150 lokale bedrifter og privatpersonar har samla inn over 70 millionar kroner. Det ligg utruleg mange arbeidstimar bak å samle inn så mykje pengar til ein skule som eigentleg burde vore eit offentleg ansvar, meiner Skjåkødegård.

 Frank Ertesvåg / VGLom vidaregåande skule, som vart vedtatt lagt ned. Foto: Frank Ertesvåg / VG

Har tru

Skjåkødegård seier ho er glad for at Udir vurderer søknaden frå skulen som tilstrekkeleg på dei ulike punkta — og at det er den overordna situasjonen, med skulestruktur og framskrivingar av folkeveksten i fylket, som ligg til grunn for avslaget.

Der meiner ho fylkeskommunen tek feil på fleire punkt, og ho seier ho har tru på at dei kan vinne fram med ei anke.

 Line Møller / VGFOLKEFEST: Halve bygda var på plass da Jotunheimen opna som privatistskule i august. Emilie Mehl (Sp), Trygve Slagsvold Vedum (Sp) og Sylvi Listhaug (Frp) var mellom anna også til stades. Foto: Line Møller / VG

— Skulen er jo per no ein stor suksess, og dette kjem vi til å halde fram med så lenge vi må, fordi det skal vere ein skule i Lom, seier ho.

Gret over nedleggingane

Debatten rasa etter at Innlandet fylkeskommune hausten 2024 bestemte at to vidaregåande skular og fire skulestader skulle leggast ned i haust.

Elevane frå Lom følgde fire timar med forhandlingar i fylkestingssalen, og tok til tårer då avgjerda kom:

— Bygdene kjem til å døy ut. Dei er heilt avhengige av skulen, sa Lukas Byre (17), som gjekk i andreklasse på vidaregåande i Lom, til VG då.

Senterpartiets Emilie Enger Mehl var so rasande at ho sa at Aps fylkesordførar prostituerte seg for å få makt saman med Høgre, noko ho fekk refs for av sin eigen statsminister Jonas Gahr Støre. Då skulane vart lagt ned, uttala ho:

— Dette er berre sørgjeleg, og øydelegg for generasjonar framover. Innlandet Arbeiderparti og Høgre forbetrar ikkje skulen, dei fjernar den heilt for mange elevar. Ungdom blir tvinga til å flytte når dei er 15—16 år, eller bruke opptil fire timar i buss kvar dag, skreiv Emilie Enger Mehl (Sp), som den gongen var justisminister, i ein e-post til VG etter at vedtaket var fatta.

Nedgang i elevtal

Bakgrunnen for nedleggingane var framskriving av ein nedgang i ungdomskulla:

Dei vidaregåande skulane i Innlandet har nærmare 3500 færre elevar i dag enn i 2013 og det blir venta ein ytterlegare nedgang på 3000 færre elevar fram til 2038, ifølgje Innlandet fylkeskommune.

Les også: Lang reiseveg i Innlandet

Ved dei 23 fylkeskommunale vidaregåande skulane i Innlandet var det i førre skuleår 11.500 elevar. 1900 skuleplassar sto ledige.

Bør privatistskulen i Lom bør få statleg godkjenning og statsstøtte?

aJa, utvilsamt. Her har lokale krefter samla inn 70 millionar — og gjenreist ein offentleg skule som vart nedlagt.bNei. Eg fryktar den vil undergrave det offentlege skuletilbodet og den nye skulestrukturen.

Elevnedgangen medfører at det statlege rammetilskotet blir redusert. Sidan 2020 er tilskotet til vidaregåande opplæring i Innlandet redusert med 128 millionar kroner.

Dersom ikkje skule- og tilbodsstrukturen endrast, vil alle vidaregåande skular i Innlandet få dårlegare økonomi og strammare rammer, påpeika fylkeskommunedirektøren.

Read Entire Article