– Dette er eit døme på at vi har ein jobb å gjere, seier Tor Valdvik i Kongelege Norske Automobilklub (KNA).
Langs norske vegar finst det tusenvis av skilt, men ikkje alle er i like god stand.
No er KNA i gang med ein storaksjon der dei skal avdekke og dokumentere dårlege skilt langs vegane.
– Vi har ikkje skilt for moro skuld. Når skilta er slik som her, så er det så alvorleg at det i verste fall kan føre til ulykker, meiner Valdvik.
Sjå sjølv om klarar å tyde kva som står på desse skilta:
Fleire hundre skilt vart bytta ut
Formålet med aksjonen er å få erstatta blasse eller misvisande skilt med nye over heile landet.
– Mange av eksempla er graverande og utgjer faktisk ei fare for trafikktryggleiken, meiner Valdvik.
Skrap fram bilete og sjå korleis skiltet eigentleg skal sjå ut.
KNA gjennomførte liknande aksjonar i 2010 og 2015.
Resultatet då var at rundt 400 skilt over heile landet vart bytta ut.
– Det viser at denne aksjonen utgjer ein skilnad, seier Valdvik.
Positiv til initiativet
Statens vegvesen har ansvaret for oppfølging og nødvendig utskifting av vêrslitne og øydelagde skilt etter riks- og europavegnettet i Noreg.
Asbjørn Stensrud er seksjonssjef for drift i Statens vegvesen.
– Driftsentreprenørane registrer vêrslitne og øydelagde skilt og melder dette inn til Statens vegvesen som byggherre.
– Statens vegvesen bestiller nødvendig utskifting av skilt.
Men:
– Grunna økonomiske prioriteringar kan det skje at enkelte skilt som vi har ansvar for ikkje har god kvalitet til kvar ein tid.
Derfor er Stensrud positiv til initiativet frå KNA.
– For trafikktryggleiken er det viktig at trafikkskilta er godt synlege. Statens vegvesen synest det er bra at KNA er med å sett fokus både på dette og på trafikktryggleiken.
Lokkar med premie
Kven som helst kan bli med på dugnaden ved å sende inn bilete av dårlege skilt.
Bileta som blir sendt inn skal bli til ein rapport som Statens vegvesen og samferdselsdepartementet får overlevert.
– Vi kjem til å krevje at skilta blir bytta ut, slik at vi få god skilting langs vegane, seier Valdvik.
– Det vil betre både tryggleiken og framkjømda.
Publisert 07.06.2024, kl. 20.35