Rivalen opna om panikkanfall, alkohol og livskrise: – Eit menneske ho også

16 hours ago 5


Krista Pärmäkoskis ferske sjølvbiografi har skapt sjokkbølger. Spesielt i Finland, der langrennsstjerna er ein av dei største idrettsheltane i landet.

33 år gamle Pärmäkoski har levd i skuggen til endå større profilar som Therese Johaug, og gullmedaljen manglar. Finnen har likevel eit tosifra tal medaljar frå OL og VM.

Sjølv om ho er blant Finlands mest omtalte idrettsutøvarar, har nesten ingen kjent til «helvetet» – slik ho sjølv skildrar det – som ho har stått i.

Sjølvbiografien tar for seg opp- og nedturar gjennom eit langt idrettsliv, men det siste året har vore det verste.

Alkohol eller medisinar

Det har vore ein draum for meg å gi ut ei bok om karrieren min. Men eg visste at om eg skulle gjere det, måtte eg vere open. At eg gjer det på denne måten, har hjelpt den mentale helsa mi, fortel Pärmäkoski til NRK.

Biografien har passande nok fått namnet «Avoin» – open:

«Livet var eit helvete. Då eg fekk panikkanfall funderte eg på kor mykje medisin eg torde å ta. Eg var så langt nede at eg lurte på om eg skulle orke. Sjølv om eg visste at eg var sterk, var det skremmande å merke at eg tenkte på om eg skulle drikke ei flaske vin eller ete medisinar», skriv skiløparen i boka.

sen4IIL6QmY

SLAGEN: Krista Pärmäkoski har vore langt nede det siste året.

Foto: NTB

Pärmäkoski avslutta førre sesong på topp, med verdscupsiger heime i Lahti. I lys av informasjonen som har kome fram gjennom boka, er det ei enda større bragd.

Finnen hadde slite med panikkanfall tidlegare i livet, men no toppa det seg. Hunden hennar Carla døydde brått og ekteskapet var i oppløysing.

«Eg køyrde av vegen med bilen to gonger fordi tårene blokkerte synet mitt», skriv ho.

Berre at ein sokk fall på golvet var nok til å utløyse nye panikkanfall. Ho våga ikkje gå inn i lagbussen med resten av laget fordi ho frykta at dei måtte ta vare på henne.

Det siste året har vore det vanskelegaste. Det har skjedd så mykje og det har vore ei veldig tøff tid. No veit familien og vennene mine mykje meir om meg, og det har vore ein positiv ting, fortel ho.

Ros frå Johaug

Ifølge Pärmäkoski har tilbakemeldingane på boka berre vore positive. Sjølv lagvenninnene visste ikkje kva som hadde skjedd før boka stod i butikkhyllene.

– Det har fått meg til å tenke kor sterk ho faktisk er. Eg verdset henne både som menneske og utøvarar, og at ho tør å vere så open, seier Jasmin Kähärä til Ilta Sanomat.

– Alle har sine skjelett i skapet, for å seie det sånn. Det er flott at Krista er så open, for eg trur det vil hjelpe mange, seier Ristomatti Hakola.

Og det er akkurat det som er ambisjonen til Pärmäkoski.

Eg håper at det kan hjelpe dei som kjenner på det same som meg. At dei også tenker at dei kan kjempe den mentale kampen dei står i.

NZzTyEeb37U

OL-BRONSE: Krista Pärmäkoski.

Foto: AP

Therese Johaug er rask med å hylle den finske rivalen.

– Eg tenker at det er veldig fint at ho er open og det viser at ho er menneske ho også. Kanskje det er mange andre som kan lære noko av det ho har stått i, korleis ho har takla det og komme seg ut av det, seier den norske stjerna til NRK.

Vurderte å legge opp

I boka skildrar Pärmäkoski også ei rekke interne konfliktar i det finske landslaget. Ho har kjent seg mobba og ekskludert av lagvenninner, spesielt i samband med treningsleirar og uttak til meisterskap.

No bedyrar ho at stemninga er betre internt i laget.

Førre sesong dukka det opp eit spørsmål i hovudet mitt: «Skal eg halde fram karrieren eller ikkje?». Eg er glad for at eg heldt fram, fortel Pärmäkoski til NRK.

Midt i kaoset gjennom fjoråret smakte ho alkohol for første gong på 12 år. No har ho lagt bort flaska igjen, og er klar til å ta opp kampen igjen med Johaug.

Det gjer ho trass i at ho lét seg skremme då nordmannen knuste konkurrentane med 40 sekund under den nasjonale opninga på Beitostølen.

Kanskje det er betre å pakke saman og dra heim igjen, tenkte eg. Men eg likar at ho er tilbake, smiler Pärmäkoski, som no har den nye hunden sin Edvin med på laget.

Dette har Ola Lunde aldri sett før: – Veldig spesielt 00:51

Publisert 03.12.2024, kl. 16.50

Read Entire Article