Regjeringa vurderer å innføre ny HPV-vaksine

1 week ago 5


Alle norske born får i dag tilbod om å ta HPV-vaksine når dei går i 7. klasse.

I desse dagar skal helsestyresmaktene velje leverandør av vaksinen, som skal tilbys gratis i barnevaksinasjonsprogrammet dei neste to åra.

To legemiddelfirma konkurrerer om kontrakten:

Den eine vaksinen heiter Cervarix, som også er standardvaksinen i dag.

Den andre heiter Gardasil 9.

Gardasil 9

Gardasil 9

Foto: Ingvild Edvardsen

NRK har vore i kontakt med foreldre og fleire ekspertar, som meiner at Noreg bør byte til Gardasil 9.

Begge vaksinane vernar mot livmorhalskreft, men Gardasil 9 vernar også mot fleire virus og nokre kjønnssjukdommar som ein kan få av HPV-virus.

Nå ønsker regjeringa å vurdere å utvide barnevaksinasjonsprogrammet. På den måten blir det mogeleg å ta fleire omsyn enn om vaksinen beskyttar mot livmorhalskreft, når ein skal velje vaksine. Det seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap):

– Vi har eit effektivt barnevaksinasjonsprogram i dag. Vi har vaksinar som er særdeles effektive for å førebyggje kreft. Så er det stadig ein medisinsk utvikling. Derfor vil vi be Folkehelseinstituttet og Direktoratet for medisinske produkt å sjå på om dette programmet bør utvidast til også å kunne dekke andre HPV-relaterte sjukdommar.

Det kan betyr at Gardasil 9 kan bli vald som standard HPV-vaksine i Noreg.

Men, ikkje enno.

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre

Foto: NTB

Først om 2 år

Ifølge regjeringa kan endringa først skje ved neste anbodsrunde, fordi anbodet for dei neste to åra allereie er send ut.

Du veit at fagfolk i lang tid har bede om at Gardasil 9 skal brukast som HPV-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet. Blir det no aktuelt?

– Anbodsrunden som held på no, må få gå sin gang. Det er viktig å understreke at vaksinen som brukast i dag, er særdeles effektiv. Den fungerer svært godt til formålet, som er å førebyggje kreft.

Nokre foreldre betalar sjølve

Mange har ynskt ei endring.

NRK har tidlegare snakka med foreldre som vel å kjøpe vaksinen for eigne pengar, fordi dei ynskjer å gje vaksinen som gjev det beste vernet mot livmorhalskreft og andre sjukdommar ein kan få av HPV-virus.

Men, helseministeren fryktar ikkje at mange foreldre no vil kjøpe vaksinen på eigenhand:

Så er det i dag et lite antal foreldre som vel ein annan vaksine for sine barn. Det har dei sjølvsagt rett til, men det er viktig å hugse på at det vaksinasjonsprogrammet som staten tilbyr, er godt og dekkar svært bra mot kreftdiagnosar relatert til dette viruset.

For lenge å vente

Overlege Andreas Hopland har lenge meint at Noreg bør byte til den breiare HPV-vaksinen Gardasil 9. Han er glad for dagens nyheit, men meiner endringa bør gå raskare:

- Det er gledeleg at dei lyttar til det arbeidet vi har gjort og lyttar til det som nå kjem fram av ny forsking. Så håper vi at dette vil innførast no i denne anbodsrunden.

Så du synest det er for lenge å vente?

Endringa i vaksine bør komme så snart som mogeleg, både av omsyn til borna som skal vaksinerast, men og av omsyn til helsevesenet og samfunnskostnadane forbunde med framleis bruk av Cervarix.

Andreas Hopland er overlege, kreftkirurgisk Avdeling
Radiumhospitalet, OUS

Andreas Hopland er overlege i urologi, ved kreftkirurgisk Avdeling Radiumhospitalet, OUS

Foto: Privat

Også Høgre har engasjert seg i saka.

Torsdag denne veka skal Erlend Svardal Bøe, som sit i helse- og omsorgskomiteen, stille spørsmål til helseministeren om kva han synest om at fagfolk vil ha ein vaksine som gir breiare beskyttelse enn den som i dag blir gitt.

Bildet viser en mann med mørkt kort hår og briller. Han tegner og forklarer og bruker hendene.

Erlend Svardal Bøe sit i helse- og omsorgskomiteen for Høgre og har stilt spørsmål til helseministeren om saka.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Nå er altså svaret klart: Helseministeren vil vurdere å endre vaksinasjonsprogrammet:

Eg synest det er bra at regjeringa har lytta til det Høgre no har sagt i lang tid. Vi ser at vi har ein HPV-vaksine som har eit breiare vern mot fleire HPV-relaterte sjukdommar. Det må vi ta på alvor, og vi kan ikkje undergrave dei faglege tilbakemeldingane vi no har fått.

Kva vil du seie til foreldre som er i tvil om dei skal gje den gratis vaksinen til barna sine, eller om dei skal kjøpe det sjølv for 5000 kroner?

Det er eit val foreldra må ta sjølv, men det er ei utfordring når vi ser at det skiljet aukar. Det er det skiljet vi har vore opptekne av å adressere.

Ukjend prislapp

Stortinget har tidlegare vedteke at formålet med vaksinen er å førebygge alvorleg sjukdom og død.

Og det gjer vaksinen som det blir gitt tilbod om i dag.

Dersom Gardasil 9 skal bli vald, vil det isolert sett bli dyrare enn Cervarix.

Professor i helserett ved Universitetet i Oslo, Anne Kjersti Befring har tidlegare sagt at økonomiske omsyn må vurderast i eit breiare perspektiv enn innkjøpsprisen:

Anne Kjersti Befring

Anne Kjersti Befring, professor i helserett (UiO)

Foto: Universitetet i Oslo (UiO)

– Nytteomsyn og risikoen for alvorleg sjukdom, er argument for at vi tilbyr den kvalitativt beste HPV vaksinen som vernar mot fleire virus. Eg tenker at Noreg er eit rikt land og skal prioritere kvinnehelse høgare enn det vi har gjort dei seinaste åra.

Det er nettopp det helseministeren no vil greie ut:

Så håpar eg at dei kan gjere ein vurdering ganske raskt av dei samfunnsøkonomiske gevinstane av dette, om det å velje andre typar vaksinasjonsformer kan redusere behovet for screening, som også inneber ei belastning og ein kostnad, seier han.

Dagens vaksine dekker ikkje alt

Overlege i urologi, Andreas Hopland seier Cervarix-vaksinen som gis i dag er ein god vaksine, men at Gardasil 9 gir betre vern.

– Det er viktig å tenke på alle die andre HPV-relaterte kreftformene. Som til dømes munn-og halskreft, peniskreft og analkreft. Og også den vanlegste sjukdommen forårsaka av HPV, som er kjønnsvorter. Cervarix gir ikkje vern mot kjønnsvorter (dagens vaksinetype red.anm). Cervarix gir heller ikke vern mot vorter i luftvegane, avsluttar Hopland.

Publisert 13.11.2024, kl. 15.10

Read Entire Article