Regjeringa og opposisjonen er ueinige om kor stør støtta til Ukraina bør vere.
I år gir Noreg 27 milliardar kroner i støtte, men i forslaget til statsbudsjett for 2025, var dette kutta til 15. milliardar kroner.
Dette meiner opposisjonen er altfor lite, og har kravd ein auke i støtta.
Difor møtte regjeringa dei parlamentariske leiarane på Stortinget tysdag, for å drøfte vegen vidare for Ukraina-støtta.
Etter møtet sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at regjeringa forslår å doble forslaget til minst 30 milliardar kroner.
– Det er ein meir alvorleg situasjon i Ukraina. Og vi ønsker at Noreg skal vere tydeleg og leiande i støtta til den motstandskampen Ukraina har.
Publisert 26.11.2024, kl. 11.56