– OL i Paris blir min siste meisterskap med dei skoa eg spring med nå. Det er ganske fortærande. Det er frykteleg gode sko og eg har blitt glad i dei, men dei jobbar vel knallhardt med å finne ein ny modell som er innanfor krava, som er frå 25 millimeter til 20 millimeter solehøgde, seier Narve Gilje Nordås til NRK.
Suksesskoa som nordmannen nå har tatt VM-bronse, vunne i Diamond League og sett ørten personlege rekordar med går snart ut på dato.
Dei største overskriftene stal dei kanskje da han sprang like over tre rundar rundt Bislett i berre ein av dei sist torsdag. Men det er ikkje dei tre piggane han fekk i hælen under 1500-meteren som gjer dei ubrukelege etter sesongen.
Endrar reglane: – Meiningslaust
Det internasjonale friidrettsforbundet, World Athletics, krev at hælen på piggsko som blir brukt på bane maksimalt er 20 millimeter frå 1. november 2024.
Hoka-modellen til Nordås er altså fem millimeter for tjukke.
– Det blir jo litt meiningslaust. Nå har dei sett talet til 25 og folk må forhalde seg til det. Det har fungert bra. Det er ikkje frykteleg mykje demping med 25 millimeter. Ein må sette eit nullpunkt og forhalde deg til det. Du kan ikkje endre det kravet to gonger i halvåret, seier Nordås frustrert.
Det bør nemnast at endringane har vore kjente ei god stund. 22. desember 2021 godkjente World Athletics regelverket, som sa at hælen måtte reduserast frå 25 til 20 millimeter innan 30. oktober 2024.
World Athletics har auka fokuset på sko, spesielt etter dei store framstega som er gjorde sidan 2016. Primært har det vore knytt til dei luftige skoa som blir brukt i gateløp, men også sko til bruk på bane blir det stilt fleire krav til nå enn før.
Maksimal tjukn på gatesko – 40 millimeter – held fram med å vere den same.
Nordås ønsker likevel meir føreseielegheit.
– Folk skal jo produsere desse skoa og det er ikkje billig det heller. Det skal marknadsførast ... Frå du begynner å bygge ein prototyp av ein sko til det blir selt på den opne marknaden, kan det gå 3–4 år, forklarer jærbuen.
Inga endring for Ingebrigtsen
Han er likevel glad for at han får bruke den nåverande modellen framover, og kan ta med seg skoa rett frå sigeren på 3000 meter i Diamond League i Stockholm til EM i Roma. Dei er også godkjente for bruk i OL i Paris i august.
– Ja, dei blir brukte i OL, så det bli bra.
– Fin avskjed det?
– Satsar på det, så er det berre å stille dei ut etterpå, for det er ingen vits i å spare på dei.
Fleire av Nordås' konkurrentar vil sannsynlegvis måtte gjere endringar i skoskapet etter sesongen, men det gjeld ikkje Jakob Ingebrigtsen. Nike var allereie på rett side av det kommande regelverket sist sesong.
PS! Nordås sitt neste løp er 5000 meter under EM i Roma, laurdag 8. juni. Heile meisterskapen ser du på NRK.
Dommeren måtte gripe inn: – Det er en fugl på banen 00:40
Publisert 03.06.2024, kl. 06.11