Freia får forbud mot å marknadsføre og selje Boble-sjokoladen med dagens emballasje.
I tillegg må sjokoladen tilbakekallast frå handelen.
Nidar gjekk til søkmål mot Freia fordi Boble likna for mykje på Stratos. Eit sentralt tema i retten har vore bruk av blåfargen «Pantone 2144 C».
– Avgjerande å beskytte merkevarene våre
– For oss er det heilt avgjerande å beskytte merkevarene våre mot det me oppfattar som forsøk på etterlikning.
Det seier Elisabeth Aanstad Ekheim i Orkla som sig Nidar. Dei gjekk til søksmål mot Mondelez som eig Freia fordi dei meiner sjokoladen Boble etterliknar sjokoladen Stratos.
– Stratos har vore aleine i den norske marknaden om å bruke den karakteristiske blåfargen for porøs sjokolade i snart 90 år.
Etter ein runde i Oslo tingrett er det klart at Nidar vant søksmålet mot Freia.
Kva synest du om sjokoladane? 🍫
– 7 av 10 oppfattar blåfargen som eit varemerke
Orkla gjekk til søksmål mot Mondelez fordi dei meiner sjokoladen «Boble» er for lik folkefavoritten Stratos.
– Dei bruker akkurat den same blånyansen på emballasjen og speler på Stratos sitt velkjende slagord, «Bobler av glede».
Aandstad Ekheim i Orkla seier at selskapet meiner også folk koplar den spesifikke blåfargen til Stratos.
– Me har gjort undersøkingar som viser at meir enn 7 av 10 nordmenn oppfattar blåfargen som eit varemerke for Stratos, og det seier noko om kor unik blåfargen er for Stratos, legg Aanstad Ekheim til.
Fekk avslag på einerett på blåfargen
Patentstyret får om lag 17.000 varemerkesøknadar i året. Eit fåtal av desse er fargemerkesøknader der produsentar ønsker å ha einerett på ein farge.
Og Orkla søkte om å få einerett på blåfargen til sjokoladen Stratos. Men dei fekk avslag på søknaden både i patentstyret og i klagenemnda for industrielle rettar.
– Denne søknaden blei nekta av patentstyret og også av klageorganet over patentstyret, Klagenemnda for industrielle rettigheiter.
Det seier Magnus Haugo, juridisk rådgjevar i Design- og varemerkeavdelinga hos Patentstyret.
Difor har Orkla tatt saka til tingretten for å få einerett på blåfargen. Denne saka går parallelt i tingretten som søksmålet mot Freia.
– Dei meiner at dei skal kunne få den eineretten, forklarar Haugo.
Publisert 07.06.2024, kl. 16.02 Oppdatert 07.06.2024, kl. 16.08