Kvart år når gradestokken bikka tjue varmegrader og sola tittar fram, kjem også debatten om det er innafor å bruke shorts på jobb.
Nokre arbeidsplassar tillèt det, andre ikkje.
Til dømes er det i bank- og finansverda stort sett ikkje vanleg å bruke shorts på jobb, men skjørt er lov.
NRK har tidlegare skrive om Kjetil Valøy som brukar shorts på jobb kvar dag.
– Om eg hadde jobba i bank, så måtte eg ha gått med skjørt, seier Valøy.
Kan løysinga for menn som vil ha berre legger på jobb vere å bruke skjørt?
Ein kar som faktisk brukar arbeidsskjørt, eller kilt, på jobb er Leif Steinar Linse i Brønnøysund.
– Eg meiner at du må bruke det du har lyst til sjølv.
Brukar kilt kvar dag
Han meiner folk burde få bestemme sjølv kva dei vil gå i på jobb.
– Det blir fort varmt om du skal gå med langbukse ein heil dag.
Sjefen til Lins er ein av dei som tillèt kortbukse og kilt. Eller arbeidsskjørt om du vil.
– Han synest det er morosamt at eg går i kilten min, som eg bruker kvar dag. Eg er veldig nøgd med han, seier Lins om sjefen sin i Norgeshus.
Ifølge Linse er kilt herleg å gå med på ein varm dag.
– I alle fall når du nærmar deg 30 varmegrader, seier Linse og legg til:
– Eg syns det burde bli obligatorisk at alle i selskapet burde bruke kilt. Det hadde vore heilt perfekt, seier Linse og ler.
Er det greitt om menn går med skjørt på jobb?
Dei NRK møter på gata i Bodø ser ikkje problemet med at menn brukar skjørt på jobb, men det kjem an på kva ein jobbar med.
– Personleg føretrekker eg at folk bruker bukser eller shorts. Men samtidig er eg for likestilling, så kvifor ikkje?
Det seier Christoffer Perry frå Storbritannia. Han seier så lenge ikkje skjørtet er for kort, så går det heilt fint.
– Det handlar om profesjonalitet, seier Perry.
– Viss du kan bruke shorts, så kan du bruke skjørt òg, seier Amanda Paulsen.
– Det kjem kanskje litt an på kor du jobbar. Om du er diplomat, så kanskje ikkje det egnar seg. Men eg personleg har ikkje noko i mot det, seier Herdis Kolle.
Er det greitt at menn brukar skjørt på jobb?
– Opp til arbeidsgivar
Helene Tronstad Moe ved Høyskolen Kristiania fortel kvifor det er forskjellar på shorts og skjørt i arbeidslivet.
– Skjørt ikkje er like problematisk som shorts på ein arbeidsplass fordi det har blitt knytt til drakt og arbeidsantrekk.
Men dette gjeld kvinner eller om du identifiserer deg som kvinne.
Om menn kan gå med skjørt eller kilt på jobb, det er opp til arbeidsgivar.
– Arbeidsgivaren har ein viss styringsinstruks, og det skal vere sakleg grunngitt. Ein skal representere selskapet på ein god måte, og det skal vere trygt og innanfor forskrifter knytt til helse- miljø og sikkerheit, seier Moe.
Og det Moe seier held også juridisk.
Det er det opp til arbeidsgivar om ein kan bruke shorts, singlet, skjørt, kilt og kaps på jobb, ifølge Hans Gjermund Gauslaa, som er juridisk HR- og leiingsrådgivar i Simployer.
Publisert 08.06.2024, kl. 12.05