– Eg vil vere sensitiv, og sjå an klassemiljøet, men du skal ikkje ta så mykje omsyn at du ikkje får fruktbare diskusjonar.
Eivind Berg Leknes (40) underviser i samfunnskunnskap ved Charlottenlund vidaregåande skole i Trondheim. Han og kollegaene jobbar med å finne balansen.
– Lærarar har til dømes brukt ordet «etnisk», og fått beskjed om at det ikkje er eit gangbart omgrep lenger, fortel Berg Leknes.
Det er altså ikkje berre elevane som stadig blir tausare i timane. Lærarar er redde for å bli oppfatta som krenkande.
Temaet har vore oppe på lærarrom rundt omkring i Noreg. Dei har rapportert om ein tendens dei har merka over tid.
Derfor har fagforeininga for lektorar gjort ei «temperaturmåling» blant dei om lag 8800 medlemmane sine. Rundt 2000 lærarar i norske grunnskolar og vidaregåande skolar har svart.
Mindre leikne lærarar
Undersøkinga viser at 4 av 10 lektorar opplever at det har blitt tausare i klasseromma på grunn av redsla for å krenke andre.
Og 5 av 10 svarar at dei er meir forsiktige med kva dei sjølve seier for å unngå å bli misforstått eller oppfatta som krenkande.
Ho fortel at lærarane ser korleis mønstera og måten elevane oppfører seg på endrar seg.
– Det påverkar korleis du tør å leike med faget, seier Nyhuus.
Den trenden vil samfunnsfaglærar Eivind Berg Leknes utfordre. Han vil ha større aksept for ubehag i klasserommet.
- Jon Abraham Lie Leinæs kjende på eit ubehag etter kvar diskusjon.
Å bruke kjipe situasjonar
– Å gjere elevane meir usikre på sine eigne haldningar må vere ein del av oppdraget vårt.
Samfunnsfaglærar Eivind Berg Leknes meiner det er éi av dei viktigaste rollene til skolen.
Det kan bety at alle må tole ei ubehageleg stemning i klasserommet.
Som den gongen éin av elevane hans sa at hen ville ha ei innskrenking av innvandringa. Da hen vart utfordra til å forklare kvifor, fekk læraren følgjande svar:
«Det kan eg ikkje seie, det sit jo to stykker der.» skal hen ha sagt. Han ville ikkje fornærme nokon.
Lærar Berg Leknes veit kva han hadde ønska seg. Kva ein diskusjon kunne ha leia til.
– Læring av den litt kjipe situasjonen.
Det blir ingen diskusjon viss ikkje elevane vågar å komme med ærlege argument.
Og ansvaret for å skape eit trygt klasserom ligg hos lærarane.
Men å oppmode elevane til ein ubehageleg diskusjon i overfylte klasserom er vanskeleg, vedgår samfunnsfaglæraren.
Lite ytringsrom i store klassar
Helle Christin Nyhuus i Norsk Lektorlag er bekymra.
For når elevane ikkje vågar å snakke, får dei dårlegare føresetnader for kunnskap om demokratiet.
Men Nyhuus har tru på at det er mogleg å utvide ytringsrommet att.
– Vi ønsker at storleiken på klassane må bli mindre, for å skape tryggleik.
Ho fortel at det blir rapportert om opp mot 37 elevar i enkelte klassar. Det gjer det krevjande for faglærarane å skape eit trygt ytringsklima i klasserommet.
- Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun vil ta grep for å sikre at lærarar blir i yrket.
Lærar Eivind Berg Leknes kjenner seg att i det Nyhuus fortel. Viss talet på elevar overstig 30 er det negativt på svært mange måtar, meiner han.
– Det er vanskeleg for lærarane å få gode relasjonar til kvar enkeltelev når dei er såpass mange.
Gode relasjonar er viktig for at elevane skal kjenne seg sett, meiner Berg Leknes.
Norsk Lektorlag vil fremje behovet for endring.
– Det at vi no har starta med å synleggjere ytringsklimaet i klasseromma er eit veldig godt utgangspunkt for å få gjort noko med det, seier Helle Christin Nyhuus.
I mellomtida vil samfunnsfaglærar Berg Leknes ved Charlottenlund vidaregåande skole i Trondheim komme med eit tydeleg bodskap.
Trua på ubehag
Han har ei klar oppmoding til leiinga ved skolane.
– Dei må gi lærarane spelerom til å ta sine eigne pedagogiske val, utan å skulle risikere å få nokon sanksjonar.
Men oppmodinga stoppar ikkje der. For ærlege diskusjonar krev noko av alle partar, meiner Eivind Berg Leknes:
Publisert 29.11.2024, kl. 13.21