Mange kjenner seg makteslause: Her er sju ting du kan gjere om du vil hjelpe

5 months ago 69


Mennesker drept siden 7. oktober 2023

Sist oppdatert: 8.6.24

Kilder: Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza / FNs kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA) / Israelske myndigheter

Forbehold: Tall fra Hamas-kontrollerte helsemyndigheter i Gaza skiller ikke mellom sivile og stridende, og kan periodevis være forsinket. Tallene fra israelske myndigheter viser at rundt 1200 sivile og soldater ble drept i forbindelse med Hamas-angrepet på Israel 7. oktober 2023. 287 israelske soldater har blitt drept siden 27. oktober 2023. Ingen av tallene er bekreftet av uavhengige kilder. De palestinske tallene oppdateres daglig. Tall fra Israel oppdateres minst to ganger i uken.

– Eg meiner at nordmenn har ei plikt til å bry seg.

Det seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp).

Kanskje er du ein av dei som delte ein story med «All eyes on Rafah» på Instagram for å vise støtte.

Men kva meir kan du gjere? NRK har snakka med to politikarar, leiaren i Palestinakomiteen og ein student.

All eyes on rafah

Dette KI-genererte bilete gjekk viralt.

Foto: Jonas Kroken Sævereide

Gje pengar

– Viss du vil hjelpe dei som lid på bakken: Finn ein av dei solide organisasjonane som vi veit har tilgang og som får jobben gjort, seier utviklingsminister Tvinnereim.

Ho peiker på at fleire norske organisasjonar jobbar i Gaza under ekstreme forhold. Som Røde Kors, Norwac, Leger utan grenser, Unicef, Flyktninghjelpen og Norsk Folkehjelp.

Ho oppfordrar folk som har moglegheit til å hjelpe med pengar om å vippse til dei som jobbar med naudhjelp.

Les deg opp

– Utdann deg sjølv. Lær meir, les meir, seier Line Khateeb, leiar i Palestinakomiteen.

Her er nokre saker du kan lese for å skjøne meir:

Khateeb meiner det er viktig også å snakke om Palestina for å spreie kunnskapen, og for å lette på trykket.

– Veldig mange blir psykisk og mentalt påverka av å sjå kor ille det er. Då er det ekstra viktig å føle at vi gjer noko.

Sjekk kva skulen eller jobben din gjer

Mange norske studentar krev at universitet ikkje samarbeider med israelske selskap som bidreg til okkupasjonen.

Studentar og tilsette ved NTNU har stilt fire krav til styret, og har sett opp ein teltleir på Gløshaugen i Trondheim. Geografistudent Eskil Roos Mangrud (21) har sove der i sju netter på tre veker.

Eskil Roos Mangrud står i teltleiren for Palestina ved NTNU Gløshaugen. Bak ham ser vi flere små telt som folk har satt opp for å overnatte der.

Sjølv om Eskil Roos Mangrud har hatt ein intens eksamensperiode, har han tatt seg tid til å vere mykje i teltleiren utanfor NTNU.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

– Eg har kjent meg makteslaus. Men eg har ikkje vore usikker på kva eg kan gjere. Å vere i teltleiren er ein enkel måte for meg å engasjere meg på. Noko av det finaste med å vere her, er å lære om Palestina og landa rundt, det arabiske folk og korleis ting heng saman, seier Mangrud.

Seinare i juni skal NTNU-styret diskutere krava.

– Dei ser at vi tar eit tydeleg standpunkt. Nokon ser kva dei gjer og dei kan ikkje gøyme seg vekk, seier Mangrud.

Universitetet i Stavanger avslutta denne veka alle avtalar og samarbeid med Israel på grunn av krigføringa i Gaza. Ingen andre utdanningsinstitusjonar i Noreg har gått så langt.

God stemning blant demonstrantene på campus etter vedtaket i styret til UiS

Det var god stemning blant demonstrantane ved Universitetet i Stavanger etter styrevedtaket torsdag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Delta på arrangement

Arrangement blir lagt merke til, seier utviklingsminister Tvinnereim:

– Vi jobbar enda hardare fordi vi ser det store engasjementet i det norske folk.

Anne Beathe Tvinnereim, utviklingsminister

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) seier det gjer inntrykk på ho å sjå kor mange nordmenn som engasjerer seg for å få stopp på krigen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

I dei siste månadene har det vore ei rekke demonstrasjonar rundt i landet. NTNU-student Mangrud har delteke på fleire.

– I byrjinga var det litt uvant å skulle gå i gata og rope. Målet er jo å ta mykje plass. Etter kvart som eg har sett meg meir og meir inn i saka, kjennast det betre og betre. Det handlar om å vise engasjementet eg sit inne med.

Du kan også lage eit arrangement sjølv, foreslår Khateeb:

– Kakesal, konsertar, basarar, eller andre måtar for å samle inn pengar til å hjelpe med det humanitære arbeidet.

Line Khateeb holder 1. mai tale på Youngstorget i Oslo søndag.

– Eg blir nesten på gråten når eg får meldingar frå folk i Gaza som takkar for at vi er her for dei. Fordi dei blir sett og at dei ikkje er gløymde, seier Line Khateeb.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ho synast det er godt å kome seg ut og ikkje berre sitte åleine og sjå på alt det fæle som skjer.

– Vi er så privilegerte at vi lever i fred og tryggleik. Då skal vi bruke vår moglegheit til å gjere det vi kan, men vi må gi oss sjølv styrke til å halde dette ut. Vere med gode folk og gjere gode ting.

Oppfordrar til boikott

I Fjaler kommune i Sogn og Fjordane har alle innbyggarane blitt oppfordra til å boikotte israelske varer og tenester.

– Og vi oppmodar butikkane om å slutte å selje israelske produkt og varer, seier Anna-Linnéa Rundberg i Senterpartiet i Fjaler.

nna-Linnéa Rundberg i Senterpartiet i Fjaler

Anna-Linnéa Rundberg i Senterpartiet i Fjaler meiner at Noreg må gjere endå meir for å stoppe krigshandlingane i Gaza.

Foto: Privat

Kommunestyret i Fjaler har blitt einige om fire punkt som dei har sendt til Stortinget. Der ber dei mellom anna om at Noreg innfører straffetiltak mot Israel, og at det blir innført eit forbod mot handel frå ulovleg okkuperte område.

Islamsk Råd Noreg har oppfordra til daddel-boikott. Mange har boikotta også McDonalds, etter at kjeda i Israel donerte mat til israelske soldatar. McDonalds har sagt at dei har tapt pengar på boikotten, og i april kjøpte dei tilbake alle restaurantane sine i Israel.

Den norske regjeringa avrår handel og næringsverksemd med israelske busettingar.

Sei ifrå til politikarane

No har Noreg anerkjent Palestina som eigen stat. Khateeb meiner det er mykje takka vere folkeengasjementet.

Utviklingsministeren er til dels einig.

– Alt engasjementet var med å forme at tidspunktet no var riktig, seier Tvinnereim.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim holder appell i Førde.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim heldt appell i Førde 5. juni.

Foto: Privat

Anna-Linnéa Rundberg i Fjaler har blitt kontakta av fleire kommunar som vurderer å sende ein beskjed til Stortinget. Ho meiner at folket kan bidra til at det skjer:

– Ring ordføraren eller dei du stemte på i førre val, og be dei ta tak i dette.

Sp-politikaren vil også auke presset mot Oljefondet, for å få dei til å trekke investeringar i selskap som er knytt til den ulovlege okkupasjonen.

– Det renn jo inn pengar på oljefondet sin konto for kvar einaste bombe som dett over Gaza. Det er heilt forkasteleg og etisk uhaldbart at Noreg skal tene pengar på folkemord.

Ein rapport frå Don't buy into occupation viser at Oljefondet i 2023 investerte 140 milliardar kroner i selskap som er knytt til ulovlege israelske busettingar.

Etikkrådet til Statens pensjonsfond utland seier at det ikkje er noko generell regel som seier at Oljefondet ikkje kan vere investert i selskap som sel våpen til Israel. Les heile svaret her:

Khateeb i Palestinakomiteen har stor tru på at oljefondet snart trekk seg ut frå fleire selskap som bidreg til okkupasjonen eller som sel våpen til Israel.

Signer opprop

For nokre månader sidan fekk Utanriksdepartementet 65.000 underskrifter frå Leger utan grenser, med eit krav om å stoppe bombinga av Gaza.

– Det skapar mykje merksemd, og det utfordrar oss politikarar, seier utviklingsministeren.

Alle NRK har snakka med er einige i at vi har ei handlingsplikt.

– Noreg har ei plikt til å bidra med det vi kan. Den norske regjeringa skal gjere alt som står i vår makt, men det hjelper også at folk bidreg, seier Tvinnereim.

– Held du kjeft under eit folkemord, er du med på det, meiner Rundberg i Fjaler kommune.

FN trur Israel sine handlingar kan reknast som folkemord i Gaza. Den internasjonale domstolen (ICJ) etterforskar saka og har dei kravd ein stopp i krigshandlingane i Rafah. Israel har ikkje følgt ordren.

Alt engasjementet til nordmenn gjer håp, ifølgje Khateeb:

– Nokre har mista 100 familiemedlem og vennar desse månadane. Og når dei ser videoar frå Noreg, av at vi går i gatene, klarer dei å halde ut.

Utviklingsministeren seier dei har mykje viktig arbeid framfor seg.

– På kort sikt handlar det om våpenkvile og humanitær hjelp. Men vi er nøydd til å få forhandlingane om ei tostatsløysing opp igjen.

Publisert 08.06.2024, kl. 20.28

Read Entire Article