Kjenner på hastverk med å kjøpe bustad: – Fleire gjer dårlege kjøp, seier professor

3 hours ago 4


– Vi har kjent på det. Det er jo derfor vi ikkje ventar til etter sommaren, men har begynt å sjå allereie no, seier Birger Mælen (25).

Saman med Thea Gurmark Rostad (25) er han på visning av ein leilegheit på Solsiden i Trondheim.

– Ein merkar at det er heitt i marknaden akkurat no, seier Mælen.

Trua på fleire rentekutt, senka krav til eigenkapital og lite bygging av nye bustadar gjer at «alle» trur bustadprisane vil stige kraftig i 2025.

Likevel er det så mange som opp mot 20 prosent som sel bustad med tap når dei sel mindre enn tre år etter dei kjøpte, fortel professor i finansiell økonomi, Are Oust.

– Det er mange fleire enn det ein trur som finansielt gjer dårlege kjøp, seier Oust.

Birger Mæle og Thea Gurmark Rostad på visning. Merk Ramberg er eiendomsmekler

«Alle» trur prisstiginga i bustadmarknaden kjem til å vere sterk i 2025.

Foto: Morten Andersen / NRK

Stress kan gi dårlege kjøp

Eiendom Norge spår ein oppgang i bustadprisane på 10 prosent på landsbasis i løpet av 2025. Fleire stadar trur dei prisane vil stige enno meir.

Prisstatistikken for januar viser ein sterk prisauke i den første månaden i året.

Oust fortel at det er fare for å bli overivrig og gjere dårlege kjøp når det er stort press for å bli kjøpar.

– Da kan det vere at du byr meir enn du hadde tenkt, seier Oust.

– Eller det kan vere at du ikkje sjekkar nok rundt bustaden du skal kjøpe, ikkje tar deg god nok tid til å sjekke at det vil vere ein god bustad for deg, eller om han har feil og manglar.

Birger Mæle og Thea Gurmark Rostad

Birger Mælen og Thea Gurmark Rostad fortel at det er mykje å sette seg inn i når ein skal kjøpe bustad.

Foto: Morten Andersen / NRK

Generelt er ikkje folk flinke til å gjere gode nok undersøkingar før ein kjøper, fortel professoren.

– Særleg knytt til tekniske ting gjer ein alt for få forundersøkingar.

Det kan straffe seg når ein skal selje bustaden igjen.

Oust fortel at mange år med auke i bustadprisane «kamuflerer» at mange gjer dårlege kjøp.

– Bustadprisstigninga dekker over mange feil. Bur du i bustaden lenge nok så ordnar det finansielle seg veldig ofte.

Som ein tommelfingerregel burde ein sikte på å bu i same bustad i fem år, seier Oust.

Kjenner du på hastverk med å kjøpe bustad?

Fleire kjem på visning

Eg trur folk er redd for å bli sittande på gjerdet, seier eigedomsmeklar Merk Meisingset Ramberg.

Han fortel at dei tydeleg ser at bustadmarknaden har tatt seg opp.

– Vi ser at det kjem omtrent dobbelt så mange på visning no samanlikna med før jul, seier Ramberg.

– Spesielt førstegongskjøparar.

Eiendomsmekler Merk Ramberg

Eigedomsmeklar Merk Meisingset Ramberg.

Foto: Morten Andersen / NRK

Mange er engasjert på visning, fortel eigedomsmeklaren, og det kan også gi seg utslag i bodrundar med høg temperatur.

Det er moro når bodrundane tar av. Vi har hatt mange gode sal på denne sida av året.

– Vi trur jo på prisoppgang. Så dei som kjem seg inn, og i iallfall dei med litt lengre tidsperspektiv, dei tar ofte med seg prisoppgangen.

– Senk skuldrene

Are Oust seier det beste ein kan gjere for å unngå dårlege kjøp er å forsøke å roe ned.

Det er å senke skuldrene og slappe av, som er hovudgrepet ein kan ta.

Han fortel at sluttprisen ofte blir høg dersom ein startar høgt, gjer hopp eller gir veldig korte bodfristar i ei bodrunde.

Samstundes er det viktig å huske at bustaden er meir enn berre eit investeringsobjekt, seier Oust.

– Det er vel så viktig at bustaden er bra for deg og dei du skal bu saman med.

– Å treffe med at det er ein god bustad for deg og dei du skal bu med er eigentleg det viktigaste.

Are Oust

Professor Are Oust seier ein kan gjere dårlege kjøp dersom ein blir oppjaga i bustadmarknaden.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Det er mykje å ta omsyn til

Thea Gurmark Rostad og Birger Mælen seier dei merker at marknaden er heit.

Eigenkapitalgrensa har gått ned og mange vil kjøpe bustad. Det kan rett og slett bli vanskeleg å kome inn, seier Mælen.

Paret har tenkt over at dei ikkje må la seg rive med i ein eventuell bodrunde.

Vi har snakka litt om at det er viktig at vi set eit tak og ikkje går over det sjølv om vi blir ivrige, fortel Rostad.

Thea Gurmark Rostad på visning i Trondheim

Det er mykje å sette seg inn før ein kjøper bustad for første gong.

Foto: Morten Andersen / NRK

For førstegongskjøparar er det mykje å sette seg inn i når ein skal kjøpe bustad for første gong.

Når ein kjem på visning så tenker ein at ein berre skal sjå seg litt rundt. Når ein kjem heim innser ein at det er veldig mykje vi burde ha spurt om, seier Rostad.

– Det er jo mykje pengar det er snakk om.

Publisert 12.02.2025, kl. 05.27

Read Entire Article