– Det er fantastisk moro når Hollywood bankar på døra og er interessert i noko ein har skapt, seier Espen von Ibenfeldt.
I fjor stod han bak manuset til kinosuksessen «Nr. 24» om motstandsmannen Gunnar Sønsteby
No har Hollywood-selskapet Kemb Productions kjøpt Ibenfeldt sitt nyaste manus.
Denne gongen er det seriemordaren Arnfinn Nesset som skal bli portrettert, og det for eit internasjonalt publikum.
Nesset erkjente ikkje straffskuld under rettssaka i 1983. I fjor sa han i eit intervju med NRK at saka burde bli opna igjen og burde bli belyst på nytt.
– «True crime» er på mange måtar den største sjangeren dei siste åra, så det er tydelegvis noko som fascinerer menneske, seier Ibenfeldt som har stor tru på at serien kan slå an også utanfor Noregs grenser.
– Og Arnfinn Nesset er den einaste seriemordaren i heile verda som er eit fritt menneske i dag.
Espen von Ibenfeldt hadde stor suksess med filmen «Nr. 24» om Gunnar Sønsteby.
Foto: Bent Lindsetmo / NRKDømt for å ha drepe 22 pasientar
Nesset arbeidde som styrar ved Orkdal alders- og sjukeheim i Trøndelag.
– Serien vil ta for seg livet på sjukeheimen og korleis han var i stand til å drepe i så mange år før han blei avslørt.
I 1983 blei Nesset dømt for å ha drepe 22 av bebuarane på sjukeheimen. I politiavhøyr tilstod han å ha drepe pasientane med stoffet curacit.
Før rettssaka starta trakk han tilståinga. Han blei likevel dømt til lovens strengaste straff: 21 år i fengsel og ti år sikring.
Kven som stod bak drapa vil ikkje vere spenningsmomentet i serien, fortel Ibenfeldt.
– Det er ikkje ein «Whodunit»-serie, men heller ein «why did they do it» og «how did they do it», fortel manusforfattaren.
Nesset under rettssaka med sine forsvararar sitjande framfor seg. Alf Nordhus (til venstre) og Morten Gunnes (t.h.).
Foto: Erik Thorberg / NTBUnder rettssaka blei miskunn trekt fram som eit mogleg motiv for drapa.
Ibenfeldt fortel at han har utvikla manuset i samarbeid med Fredrik Horn Akselsen, som i 2020 laga dokumentaren «Seriemordaren i Orkdal» for TV 2.
Dei har intervjua aktuelle aktørar i saka, samt gått gjennom saksrapportar, avhøyrsrapportar og psykiatrirapportar.
– I tillegg arbeidde mor mi for Nesset på Orkanger som nyutdanna sjukepleiar, fortel Ibenfeldt.
NRK har vore i kontakt med Nesset sin forsvarar, Morten Gunnes. Han fortel at Nesset ikkje ønsker å gi nokon kommentar til at det blir kan bli laga TV-serie om han.
– Men han hadde håpt at han skulle få fred no, fortel Gunnes.
Gunnes stussa på måten politiet avhøyrde Nesset på da dei etterforska saka. I fjor fortalde han til NRK at han meiner dette gir grunnlag for at saka kan bli undersøkt på nytt.
– Eg synest det er riktig å få gjenopptatt saka mi, for det er ikkje riktig å gå bort med å ha den saka. Den bør komme til bunns, sa Nesset sjølv den gongen.
Nesset slapp ut av fengsel i 2004. I dag bur han på hemmeleg adresse med nytt namn.
Foto: Erik Thorberg / NTBSerie i seks delar
Det er produksjonsselskapet Kemb Production som no har kjøpt manuset til serien. Dei står mellom anna bak filmen «Ray» frå 2004 der Jamie Foxx vann Oscar for beste skodespelar.
– Dei har vore i bransjen i mange år, kjenner den veldig godt og har kontaktar på høgaste nivå i Hollywood, seier Ibenfeldt.
Han seier selskapet no skal finne den riktige distributøren for prosjektet.
Så langt er planen at serien skal bestå av seks episodar på ein time kvar. Når serien kan bli mogleg å sjå er enno ikkje klart.
– Det er umogleg å seie. Først må vi få på plass det rette teamet, seier Ibenfeldt.
Manusforfattaren har allereie ein favoritt for kven som ville ha passa best i rolla som seriemordaren, fortel han.
– Det har eg jo, men dei korta skal eg halde tett til brystet.
– Men når det er såpass store aktørar, så opnar det seg ei heil verd av moglegheiter.
Nesset brukte stoffet curacit for å ta livet av bebuarane på sjukeheimen.
Foto: NTB arkiv / NTBTrur serien kan passe godt til eit internasjonalt publikum
Filmmeldar i Aftenposten, Asbjørn Slettemark, seier det er imponerande at Ibenfeldt no har selt eit nytt manus.
– Det er veldig imponerande at ein såpass fersk manusforfattar går rett frå suksessen med «Nr. 24» til at nokon i utlandet er nysgjerrig på om han kan levere til eit større publikum, seier Slettemark.
Han trur historia om Arnfinn Nesset passar godt til strøymetenester.
– Verken sjåarar eller strøymetenestene får nok av «true crime»-baserte historier som den grufulle historia om Arnfinn Nesset.
– Så reint tematisk tenker eg det er som hand i hanske med Hollywood, amerikansk produksjon og strøymemarknaden i 2025 og åra framover.
Samstundes er det langt frå eit kjøpt manus til ein ferdig TV-serie, påpeiker Slettemark.
– Den iskalde verkelegheita er at sjølv om manuset er kjøpt så er det veldig langt unna at serien er produsert og kan bli sett av eit publikum.
– At nokon har betalt pengar for eit manus treng overhovudet ikkje å bety at det blir noko av det.
Arnfinn Nesset har sidan 2004 vore ein fri mann og lever med nytt namn på hemmeleg adresse. Først i fjor snakka han for første gong med pressa. Heile historia om Nesset kan du høyre i podkast-serien «Hele historien»:
Publisert 03.05.2025, kl. 11.26 Oppdatert 03.05.2025, kl. 11.33