Angrepet på ein UNRWA-drifta skule i Nuseirat på torsdag har vakt sterke reaksjonar frå ei heil verd. Skulen var ein tilfluktsstad for internt fordrivne flyktningar frå heile Gaza.
FN meiner at minst 35 vart drepne.
No har det israelske forsvaret (IDF) gått ut med ei liste med ni namn og bilete. Dei hevdar at dei ni mennene er terroristar frå Hamas' militære fløy og Islamsk jihad som vart drepne i angrepet.
NRK kan ikkje stadfeste desse påstandane eller identitetane til dei ni menneska.
UNRWA vil ikkje kommentere påstandane, skriv dei til NRK.
Første gong Israel identifiserer offer
Israel har sidan krigen braut ut i oktober bomba fleire sivile tilfluktsstader med den forklaringa at medlemmar av det militante Hamas, gøymar seg der.
I åtte månadar har verdssamfunnet etterlyst bevis. Dette er første gong Israel legg fram noko dei seier kan identifisere terroristar blant dei omkomne etter eit slik angrep.
FNs toppsjef António Guterres har fordømt angrepet i sterke ordelag, og EUs utanrikspolitiske sjef Josep Borrell har bede om ei etterforsking.
USA har og kravd openheit i saka.
Må reinvaske USA
Angrep på sivil infrastruktur er brot på krigens folkerett. Israel hevdar skulen hadde ein militær funksjon og at det var ein Hamas-kommandopost der.
I angrepet brukte IDF amerikansk ammunisjon. Det har det amerikanske mediet CNN avdekka.
– Skulle det vise seg at angrepet er eit krigsbrotsverk, vert altså USA også trekt inn i dette, seier Midtausten-forskar Dag Henrik Tuastad ved UiO.
Difor må Israel forsyne USA med noko meir enn berre propaganda for å overtyde dei om at angrepet ikkje var eit direkte krigsbrotsverk, meiner forsakeren.
– Det kan vere ulike tolkingar av om eit bilete med namn er eit bevis på at nokon er ein terrorist, seier Tuastad.
Han meiner likevel at det godt kan hende at det faktisk var militante i bygninga som vart bomba.
– Spørsmålet er uansett om det er nok til at angrepet på eit skulebygg ikkje er eit brot på krigens folkerett.
Hevar første terskel for angrep
Og det spørsmålet har ikkje eit enkelt svar.
Folkerettsekspert Cecilie Hellestveit forklarer korleis dette handlar om teknikaliteter i ICC.
– Først og fremst: Eg vil ikkje kalle denne lista eit bevis. Det er informasjon frå ein part i ein væpna konflikt. Men den informasjonen kan, viss han viser seg å stemme, endre oppfatninga av angrepet.
Ifølge krigens folkerett, har ikkje skular same immunitet som det til dømes eit sjukehus har. Men skular er i utgangspunktet sivil infrastruktur. Det betyr at det må vere sterke indikasjonar på at ein skule også har ein militær funksjon, før ein kan gå til angrep.
– Om Israel kan vise til informasjon om at det faktisk var militære der dei bomba, går det frå å vere eit angrep på sivile til å vere eit angrep på eit militær mål, seier Hellestveit.
Då vert folkerettens første terskel for eit angrep, heva.
– Og då beveger vi oss over i ein heilt annan kategori, nemleg det som handlar om proporsjonalitet.
Kva betyr det for skuldingane om krigsbrotsverk?
Enkelt sagt endrar då spørsmålet domstolane i Haag stiller seg frå «Er dette eit angrep retta mot ein sivil barneskule?» til «Var det pårekneleg at dette angrepet på eit militært mål i ein barneskule ville få uforholdsmessige sivile følgeskadar?», forklarar Hellestveit.
Og her vert det teknisk, seier ho.
For om dette spørsmålet vert lagt til grunn i etterforskinga av moglege brot på folkeretten, er det ingen som veit – ikkje ein gong ICC sjølv.
Det kjem an på om ICC vel å dømme Israel etter reglane for internasjonal væpna konflikt (IAC) eller ikkje-internasjonal væpna konflikt (NIAC). Og det har ikkje ICC avklart før dei gjekk i gang med etterforskinga.
– I ein NIAC er ikkje uproporsjonale følgeskadar for sivile eit krigsbrot under ICC. spørsmål. Der er det berre angrep mot sivile som er krigsbrot. I ein IAC er uproporsjonale følgjer for sivile eit krigsbrot under ICC, seier Hellestveit.
– Eg kan altse å ikkje svare på om Israel, dersom dei greier å flytte angrepet over i kategorien for proporsjonalitet, vil verte dømde på det punktet, rett og slett fordi ICC ikkje sjølv veit om dei kan dømme dei for det.
Publisert 08.06.2024, kl. 20.45