«Hemmelege» meldingar blir delt med TV-sjåarane: – Blir misforstått

2 hours ago 2


– Det blir misforstått 99,9 prosent av gongene, seier Fernando Alonso ifølgje Motorsport Week.

Formel 1-føraren har sett seg lei av at meldingane mellom han og laget hans blir delt med TV-publikummet.

– Det er private samtaler med ingeniøren eller laget mitt. Når du berre kringkastar éin setning, er det umogleg å skjønne kor det kjem frå, seier Alonso.

Undervegs i løpet blir radiomeldingar, som det blir kalla, delt med sjåarane. Det er TV-produksjonen sjølv som vel ut kva som blir sendt av meldingar.

Under Singapore Grand Prix hadde Alonso fleire oppheita radiomeldingar som blei vist direkte på TV.

Skjermdump Viaplay. Alonso-beskjeder i Singapore GP.

STERK KOST: Fernando Alonso var ikke nådig i sine radiobeskjeder til Aston Martin under Singapores Grand Prix. Bilete frå Viaplay sin Formel 1-sending.

Foto: Viaplay / Viaplay

I etterkant reagerer spanjolen.

– Nokre gonger er det unødvendig, dårleg kringkasta og dårleg valt av dei som bestemmer kva meldingar som skal bli sendt, seier Alonso.

– Skikkeleg irriterande

Det er ikkje berre Alonso som meiner at samtalene kan bli misforstått.

Det har lenge vore eit tema i Formel 1-sirkuset. Stjerner som Lewis Hamilton og Max Verstappen har klaga over at radiokommunikasjonen dei har med laget deira har blitt tatt ut av kontekst.

Prioriteringane til TV-produksjonen har vore kritisert tidlegare:

Fleire førarar har også måtta forklart seg etter at meldingane deira har blitt delt verda rundt.

– Det er skikkeleg irriterande, har Alex Albon uttalt.

Han opplevde at berre delar av samtala med laget blei delt med sjåarane.

en mann som holder en mikrofon

IRRITERT: Alex Albon sin samtale med laget blei TV-sendt. Han følte samtalen blei tatt ut av kontekst.

Foto: Denes Erdos / AP / NTB

Skaper spenning

F1 sin direktør for kringkasting og media, Dean Locke, meiner at tilgangen på føraren sin radio, gjer at Formel 1 skil seg ut frå andre sportar.

– Eg kjenner ein som dekkjer golf, og han seier: Eg kan følgje ein golfspelar i fem timar og få ingenting – din utøvar sit i ein bil med hjelm i cockpiten i 320 km/t, og me får full forståing, seier Locke.

Viaplay sine kommentatorar er einige om at radiomeldingar er ein viktig del av sendinga.

– Radiomeldingar er veldig bra for TV-sendingane. Dei bidreg til spenning og er ein viktig årsak til at F1 er av verdas største TV-idrettar, seier Atle Gulbrandsen.

Også kollega Henning Isdal er einig:

Henning Isdal

KOMMENTATOR: Henning Isdal har kommentert Formel 1 i Viaplay.

Foto: Rune Bendiksen

– Det er veldig viktig. Ikkje minst for underhaldninga sin del.

Han fortel at TV-produksjonen får i overkant av 4000 meldingar under eit løp.

– Det er eit veldig godt innarbeida system for korleis dette blir gjort. Det kjem jo alltid på forskot i tid. Altså, etter at det har kome inn på teamradioane, legg han til.

NRK har sendt ein e-post til Formel 1 med spørsmål om saka, men har førebels ikkje fått svar.

Tar vekk bannord

Når meldingane kjem inn på forskot, får også produksjonen tid til å dempe lyden, dersom det blir sagt noko upassande på radioen. Det blir mellom anna gjort, dersom dei fryktar at føraren har blitt skadd.

Produksjonen kan også dempe lyden, om det blir brukt mykje bannord.

– Det er ikkje all språkbruk som egnar seg i alle land, seier Atle Gulbrandsen.

Henning Isdal fortel at problematikken har vore diskutert mange gonger, men at han ikkje trur det vil skje endringar med det fyrste.

– Eg trur dette er ein så etablert del av desse produksjonane. Det at to-tre førarar er kritiske, eg trur ikkje det vil forandre noko.

Publisert 09.11.2025, kl. 07.42

Read Entire Article