Gjer alvor av polardraumen: No skal Arne-Kristian bli verdas raskaste til Sydpolen

2 hours ago 3


I desember skal Arne-Kristian Glück-Teigland frå Øystese i Hardanger gå over 1130 kilometer på ski på verdas kaldaste kontinent, heilt åleine.

Dette er ikkje første gong han går til Sydpolen, men denne gongen har han som mål å bli den raskaste nokosinne.

Trur tre veker er nok

Ruta startar ved Hercules Inlet og går mot 90 grader sør, betre kjent som Sydpolen. Ein distanse på 1130 kilometer.

Den noverande rekorden blir halde av franskmannen Vincent Colliard, som i januar gjennomførte på 22 dagar, 6 timar og 8 minuttar.

Glück-Teigland meiner han skal klare det på 21 dagar, med eit snitt på 53,8 kilometer per dag.

I 2022 fullførte han same ruta saman med Kjartan Bergsvåg på 40 dagar. Denne gongen skal han prøve å nærmast halvere tida.

– Då eg gjekk sist, kjende eg at eg hadde meir å gje. Allereie før vi var ferdige med den turen, begynte eg å tenkje på å gå ruta på nytt – men raskare, fortel Glück-Teigland.

AK har gjennom mange år båret på en drøm om Sydpolen og fikk den realisert sammen med Kjartan Bergsvåg i 2022 da de sammen gikk ruten fra Hercules Inlet til 90 grader sør.

Arne-Kristian Glück-Teigland frå Hardanger og Kjartan Bergsvåg frå Voss nådde Sørpolen 5. januar 2022 klokka 21 norsk tid, etter 40 dagar og 1115 km på ski.

Foto: Christopher P. Michel

Støttar draumen om ny rekord

Vincent Colliard, som i dag held verdsrekorden for den raskaste soloekspedisjonen til Sydpolen, støttar andre som deler same lidenskapen.

– Eg håper Arne-Kristian kan ta rekorden. Det ligg mykje arbeid, trening og tid bak ein slik prestasjon, seier Colliard.

Han understrekar kor viktig det er å fokusere på detaljane.

– For meg var det heilt avgjerande å ha lett utstyr og vere mentalt fokusert. På ein slik tur kan ein ikkje ha for mange dårlege dagar. Då eg gjekk, måtte eg tenkje som ein maskin og gå på ski som eit villdyr kvar einaste dag, fortel han.

Trimme ned vekta

Etter to år med målretta førebuingar for Nordpolen, nådde Vincent Colliard Sydpolen 11. januar 2024 og sette verdsrekord som raskaste mann til Sydpolen.

Etter to år med målretta førebuingar for Nordpolen, nådde Vincent Colliard Sydpolen 11. januar 2024 og sette verdsrekord som raskaste mann til å gå den ruta.

Foto: Stein Retzlaff

Det å førebu seg på ei så krevjande ferd, krev både erfaring, grundig planlegging og målretta trening.

For å kunne gå raskare og meir effektivt, har Glück-Teigland jobba intenst med å redusere vekta på pulken.

Denne gongen startar han med ein pulk som veg rundt 50 kilo – halvparten av vekta han drog med seg på sist tur.

Vanlegvis ligg pulkvekta på rundt 110 kilo for ein langtur til Sydpolen.

I desember skal Arne-Kristian Teigland prøve å sette rekord som raskaste mann over antarktis.

Ein ordinær langtur til Sydpolen har normalt ein pulkvekt på rundt 120 kg, men Glück-Teigland planlegg å starte med ein pulk på under 50 kg.

Foto: Arne-Kristian Teigland

– Eg har berre med den maten eg treng, og brensel til å smelte snø. Eg skal ikkje ein gong ha med dunjakke. Frys du, går du for sakte, seier han.

Fysisk trening

Alt utstyret vart sendt i førevegen til Antarktis, inkludert spesialdesigna ski som han sjølv har vore med på å utvikle for å optimalisere skiopplevinga og farten.

Men det handlar ikkje berre om utstyr.

Eit anna viktig aspekt er fysisk og mental trening.

– Det hjelper å ha vore mykje ute før, så du kan bruke den erfaringa når ein først er på tur. Og så må du trene, gå på tur, gå på ski, dra dekk og legge ned timane, fortel han.

Eit bidrag til polarhistoria

For Glück-Teigland handlar motivasjonen om å teste sine eigne grenser, men òg å bidra til norsk polarhistorie.

– Målet er å sette det norske flagget der nede som raskaste mannen til Sydpolen nokon gong. Det kjenner eg veg litt tungt, seier han.

Arne-Kristian Teigland hjemme i huset sitt på Kvam.

Sjølv om det er mogleg at planen ikkje går som forventa, har Glück-Teigland trua på at han vil klare å gjennomføre.

Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK

Glück-Teigland har ikkje mykje konkurranseerfaring på ski.

Likevel er han godt førebudd på ekspedisjonen – og på dei utfordringane som kan dukke opp.

– Om eg ikkje klarer det, vil eg i det minste kunne sjå tilbake og vite at eg gjorde alt eg kunne. Meir kan ein ikkje gjere. Men eg er motivert til å grave djupt og skal gi alt.

Siste førebuingar før avreise

Før hardingen sette kursen mot Antarktis måndag 25. november, handla det om å få unnagjort dei siste førebuingane: Ta farvel med familie og vener og få pakka ferdig dei siste ting.

Det viktigaste er billetten til Iron Maiden-konsert i Santiago. Det er ein perfekt opplading til turen.

Han har fått tildelt fly ned til Antarktis 7. desember, men tidspunktet for sjølve ekspedisjonsstarten er framleis usikkert.

Eg ønskjer å starte på eit godt vêrvarsel og så er det berre å fly ut når vêret tillèt det, seier han.

Frå Hercules Inlet til Sydpolen

Ruta frå Hercules Inlet til Sydpolen er 1130 km lang. Frå starten i den indre kystlinja går kursen beint mot 90 grader sør og 2800 moh.

Foto: Antarctic Logistics and Expeditions

Publisert 30.11.2024, kl. 11.14

Read Entire Article