Fleire titals er drepne i israelske angrep mot Nord-Gaza natt.
Ifølge Hamas-tilknytte medium blei minst 66 drepne då Israel bomba minst fem tett befolka hus i flyktningleiren Beit Lahiya.
Sjefen ved Kamal Adwan-sjukehuset i Gaza, Hussam Abu Safia, seier til Al-Jazeera at dei fleste av dei drepne i angrepet var kvinner og barn, og at det framleis er fleire som er fanga under ruinane av husa.
– Dei fleste som har kome inn sov då dei blei drepne, seier han.
Kamal Adwan-sjukehuset har blitt angripe av Israels militære fleire gongar.
I oktober blei fleire tilsette ved sjukehuset bortførte og fengsla, blant dei lenge Mohammad Obaid som framleis er i fangenskap.
– Vi mister stadig såra som kunne ha vore redda, etter at 45 av sjukehuset sitt personale blei arresterte. Mat og vatn blir ikkje sloppe gjennom, seier Safia.
Nord-Gaza har vore under israelsk beleiring i meir enn seks veker.
Fleire angrep
Angrepet på Beit Lahiya skjedde korttid etter eit angrep på nabolaget Sheikh Radwan, der 22 skal vere drepne, ifølge Al-Jazeera.
Onsdag blei det meldt om minst 48 drepne i fleire ulike israelske angrep i Gaza, mellom anna på ein FN-skule i Nuseirat-leiren, skriv NTB. Blant dei var ein redningsarbeidar.
Ifølge sanitetspersonell var det angrep mellom anna på hus og ein skule sentralt på Gazastripa, eit bombeangrep på eit sjukehus nord i Gaza og luftangrep mot Al-Mawasi og Rafahin sør i Gaza.
Israel har peika ut Al-Mawasi og Rafahin som humanitære område der folk kan vere trygge.
USA: Forslag om å stoppe våpenleveransar
I USA har eit stort fleirtal i Senatet i natt stemt for å blokkere fleire lovforslag som ville ha stoppa noko av våpeneksporten til Israel.
Den uavhengige senatoren Bernie Sanders og fleire demokratiske senatorar la fram tre forslag om å stoppe overføringa av nokre typar offensive våpen og ammunisjon til stridsvogner og granatkastarar.
79 av 100 stemte imot.
Sanders kalla våpenstøtte til Israel eit brot på amerikansk grunnlov om å ikkje selje våpen til dei som krenker menneskerettane, ifølge Reuters.
På ein pressekonferanse i forkant av stemminga sa han også at USA er medskuldig i at tusenar av barn blir ramma av svolt og underernæring i Gaza.
Dei som stemte imot, blant dei Demokratane sin fleirtalsleiar Chuck Schumer, påpeika at Israel er omringa av fiendar som er ute etter å utslette landet, og må forsvare seg.
Sanders sitt team har laga eit faktaark der dei skriv at amerikansk ammunisjon og «smarte bomber» kalla Joint Direct Attack Munitions (JDAMS) blir brukte vilkårleg i Gaza, og at dei meiner desse står for «mange av dei 40.543 drapa og 94.000 skadane så langt».
CNN og fleire andre medium har rapportert at Israel har brukt USA-produserte JDAMS i angrep som har drepe fleire palestinarar.
Publisert 21.11.2024, kl. 08.18