Éin til sjukehus etter grov valdshending

1 week ago 11


Politiet i Møre og Romsdal blei varsla om hendinga like før klokka 02.51 natt til søndag.

– Ein person er frakta til sjukehus etter hendinga. Valden blir beskrive som grov, seier Tove Brunvold Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet.

Ho seier vidare at vedkomande blei frakta til sjukehuset i Volda. Skadeomfanget er så langt ukjent.

– Vi har ikkje fått avhøyrt han endå, seier Brunvold Holst-Dyrnes.

To menn arresterte

Alle dei involverte skal vere menn i 30-åra. To menn blei arresterte i morgontimane søndag.

Tove Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Tove Brunvold Holst-Dyrnes, operasjonsleiar i politiet. 

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

Det er så langt uklart kva som var årsaka til valdshendinga, fortel operasjonsleiaren.

– Det må vi etterforske. Valden skjedde utandørs på Fiskå, seier Brunvold Holst-Dyrnes.

Dei to arresterte blir frakta til Ålesund. Det er så langt uklart om dei blir avhøyrt i dag.

Publisert 10.11.2024, kl. 08.14 Oppdatert 10.11.2024, kl. 08.38

Read Entire Article