I juli annonserte Joe Biden at han trakk seg som Demokratane sin presidentkandidat, og vil sleppe yngre krefter til.
Donald Trump bli USAs neste president. Biden skal dermed avslutte si politiske karriere med å gi frå seg presidentskapen til Trump.
– For nokre er det tid for siger, for andre tid for tap, seier Biden frå talarstolen i rosehagen utanfor Det kvite hus.
Biden seier at 20. januar vil det vere ei fredfull maktovertaking. Slik blei det ikkje for fire år sidan, då Biden tok over som president. Då møtte ikkje Donald Trump opp til seremonien.
– Vi må akseptere valet. Ein kan ikkje elske landet sit berre når ein vinn, oppfordrar han.
– Valsystemet er retteferdig, og det må vi ha tillit til.
– Å gi opp er utilgiveleg.
Presidenten seier at dei har 74 dagar på å gjere ferdig jobben. I hagen sitt eit stort pressekorps og store delar av Biden-administrasjonen.
– De har det vondt. Eg høyrer dykk, og ser dykk. Men ikkje gløym kva vi har oppnådd.
Han seier dei etterlet seg «den sterkaste økonomien i verda», men legg til at mange amerikanarar framleis har det vondt.
– Tilbakeslag er uunngåeleg, men å gi opp er utilgiveleg.
Til tross for valnederlaget ber han amerikanarar om å vere rausare med meiningsmotstandarane sine.
– Uansett kven du stemmer på, ikkje sjå kvarandre som motstandarar, men som landsmenn:
– Senk temperaturen, legg Biden til.
Trump med overlegen siger
Fleire anerkjente meiningsmålingar, viste at presidentvalet kom til å bli historisk jamt.
Då valresultata rulla inn i løpet av onsdagen, blei det klart at det var Trump som gjekk av med siger, med eit klart fleirtal.
Trump vann valet i alle dei avgjerande vippestatane.
– Dette vil alltid bli huska som dagen då amerikanarane fekk tilbake kontrollen over landet sitt, sa Trump då han erklærte valsiger.
Visepresident Kamala Harris var lenge stille før ho uttalte seg om nederlaget. Onsdag kveld gjekk ho på talarstolen.
Ei smilande Harris gjekk på scena og bad tilhengarane om å ikkje gi opp håpet. Ho vende seg til dei ynge veljarane, og minna dei på makta dei har.
– Det er greitt å vere skuffa, men det kjem til å gå bra. Nokre gonger tek kampen ei stund, det betyr ikkje at vi ikkje skal vinne, sa Harris.
Publisert 07.11.2024, kl. 16.52 Oppdatert 07.11.2024, kl. 18.03