Belgisk (og europeisk) mistillit

5 months ago 39


ØYVIND STRØMMEN<-ØYVIND STRØMMEN

skribent og lokalpolitikar (MDG)

AALST, BELGIA: Den sjarmerande flamske småbyen Aalst er mest kjend for sitt årlege karneval, som har røter tilbake til mellomalderen og tidlegare stod på UNESCO si verdsarvliste.

Det vart det slutt på i 2020, etter at karnevalsinnslag som spelte på antijødiske stereotypiar skapte mengder av baluba, og avisoverskrifter verda over. 

Elles er det nok ikkje ein stad så mange utanfor Belgia har eit tilhøve til, og den korte togturen frå Brussel til trass kan byen opplevast fjernt frå europakvarteret sine symbolbygg.

Skal ein tru på meiningsmålingane er Aalst likevel eit døme på den forventa høgredreiinga i europarlamentsvalet denne helga, ei høgredreiing som ikkje minst handlar om at den radikale høgresida er i vekst i ei rekkje europeiske land.

I Aalst og i Flandern elles kan det høgreradikale og flamsknasjonalistiske Vlaams Belang (Flamsk Interesse) bli den store valvinnaren.

Les også: Om du liker fred og demokrati, bør du også være for EU!

I Nederland gjekk det valet av stabelen alt på torsdag Sjølve resultatet kjem ikkje før det er klårt også i andre europeiske land, men valdagsmålinga tyder på stor framgang for Geert Wilders sitt parti, PVV, eit parti som reint formelt er ei foreining med berre eitt medlem, han sjølv.

Den framgangen var også venta, etter at Wilders vart valvinnar på heimebane i fjor haust.

Mykje tyder likevel på at det vert den entusiastisk EU-venlege og venstreorienterte valalliansen mellom sosialdemokratiske PvdA og grøne GroenLinks som sender den største gruppa europarlamentarikarar frå Nederland.

Styrketilhøvet mellom europavenar og europakritikarar blant desse parlamentarikarane ser også ut til å endra seg lite. Ei forklaring på det er at mange av PVV sine veljarar i fjorårets val rett og slett har halde seg heime. 

Ei anna forklaring er at eit anna ytre høgre-parti, Forum for Demokrati, kan koma til å mista alle sine europarlamentarikarar.

Deira partileiar Thierry Baudet var for nokre år sidan sett på som noko av ei komande stjerne innan europeisk høgreradikalisme, men har sidan slått seg på spinnville konspirasjonsteoriar og har halde på ei markant russlandsvenleg linje.

Det har drive veljarar vekk. Wilders sin innvandringsmotstand og anti-islam-retorikk er meir salbar.

Les også: Bruk stemmeretten (sorry, har ingen)!

I dag, laurdagen før den avgjerande sundagen, har den nederlandske partieigaren Wilders meldt sin framkomst til Aalst. Noko offentleg framferd er ikkje varsla.

I staden for skal han eta frukost med sentrale politikarar i Vlaams Belang, eit parti han har knytt stadig tettare band til.

I Belgia er det nasjonalt og regionalt val samstundes som europavalet, og det flamsknasjonalistiske partiet håpar på å kopiera Wilders’ suksess.

Mykje tyder også på at dei vil lukkast, i det minste eit stykke på veg. På meiningsmålingar ser partiet ut til å verta Flandern sitt største, etter ein valkamp prega av protestar mot «det multikulturelle marerittet», og med eit slagord om å gjera Flandern «vårt igjen».

PVV sin framgang i Nederland har Vlaams Belangs partileiar Tom Van Grieken håpefullt omfamna. «Det som skjer i Nederland, kan også skje i Flandern». 

Men medan Wilders sitt parti er på veg inn i regjering i Nederland, er det få som vil samarbeida med Vlaams Belang. 

At dei blir ein del av ei belgisk regjering er så godt som utenkeleg, men partiet ser då også på Belgia som ein mislukka stat og ynskjer seg sjølvstende for den nederlandskspråklege delen av landet.

Håpet deira er å få fleirtal saman med det moderat flamsknasjonalistiske partiet N-VA, og det sjølv om sistnemndes leiar Bart De Wever i stadig tydelegare ordelag har avvist eit regjeringssamarbeid. Vlaams Belang satsar på at pipa får ein annan lyd etter valet.

Dei er ikkje heilt åleine om å tru at det faktisk er ei mogelegheit.

Den siste episoden av valprogrammet «Het conclaaf», der flamske politikar bruker ei helg saman på eit slott i Ardennene, synleggjer likevel kvifor det blir vanskeleg.

Der blir Van Grieken konfrontert av Sammy Mahdi frå kristendemokratiske Cd & V.

Mahdi kritiserer Van Grieken for å ha samarbeida tett med ytre høgre-aktivisten Dries Van Langenhove, som nyleg vart dømd i ei rasismesak, og spør også om han sjølv er ein del av det Vlaams Belang har omtalt som ei folkeutskifting, eller omvolking.

Sjølv om Van Grieken forsøker å roa Mahdi med at han ikkje snakkar om eit mørkt komplott, er det eit omgrep som ofte har konspirasjonsteoretiske undertonar.

Det er vondt å svelgja for parti på den etablerte høgresida. Då kan avstanden over midten stå fram kortare, og Vlaams Belang sin komande valsiger likevel vera lite verdt.

Samstundes er den ein eit varsku, og ikkje det einaste. Det markant venstreradikale partiet PVDA/PTB ligg også an til stor framgang.

Nokre vil kanskje sjå på det som uttrykk for polariseringa i flamsk og i belgisk politikk.

Like mykje er det eit uttrykk for ein mistillit til dei etablerte partia, ein mistillit som på søndag vil vera å sjå i mange europeiske land.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.
Read Entire Article