Avinor-streik kan få store konsekvensar

5 months ago 35


  • Bergen lufthavn – 53 tilsette

Dersom det blir streik vil konsekvensane i første omgang føre til at ein berre kan handtere ambulanseflygingar, søk og redning, los-helikopter og helikoptertrafikken til/frå offshore. Dette betyr at all ordinær passasjertrafikk stoppar opp frå onsdag 12. juni klokka 12.00.

Dersom streiken varer ved vil det bli stopp i all ordinær lufttrafikk på Bergen lufthavn, inkl. ambulanseflygingar laurdag 15. juni og søndag 16. juni.

– For reisande på Bergen lufthavn får streiken store direkte konsekvensar ettersom all passasjertrafikk stoppar opp. Det betyr at reisande som har planlagt å fly til eller frå Bergen lufthavn bør vurdere å finne alternative måtar å reise på, seier lufthamndirektør, Helge Eidsnes.

  • Brønnøysund lufthavn – 11 tilsette

For Brønnøysund, som også har offshore helikoptertrafikk, vil uttaket medføre at lufthamna ikkje kan handtere noko trafikk. Verken kommersiell trafikk, ambulanseflygingar eller offshoretrafikk.

– Dersom streiken blir et faktum, stenger vi for all trafikk. Det er tatt ut personell som er kritisk for at vi skal kunne halde ope. Det betyr at reisande som har planlagt å fly til eller frå Brønnøysund lufthavn bør vurdere å finne alternative måtar å reise på, seier lufthamnsjef Glenn-Robert Johnsen.

  • Førde lufthamn – 6 tilsette

Uttaket vil medføre at lufthamna ikkje kan handtere flytrafikk. Korkje ruteflyging eller ambulanseflygingar. Det er ikkje offshoretrafikk frå denne lufthamna. Mindre private fly og helikopter vert ikkje råka.  

– Dersom streiken blir eit faktum, må vi stengje for all passasjertrafikk. Det er teke ut personell som er kritisk for at vi skal kunne halde opent for denne typen flyging. Det betyr at reisande som har planlagt å fly til eller frå Førde lufthamn bør vurdere å finne alternative måtar å reise på, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal.

  • Kirkenes lufthamn – 15 tilsette

Kirkenes lufthamn er base for ambulanseflygingar og har dermed ein viktig rolle i å tilgjengeleggjere ambulansefly til bruk i pasienttransport.  

For Kirkenes lufthamn medfører uttaket i første omgang at lufthamna berre vil handtere Widerøe-flygingar og ambulanse flygingar enkelte dagar, mens det vil vere stengt for all trafikk på nokon dagar.  

– Vi klarer å avvikle Widerøes trafikk og ambulansetrafikk enkelte dagar. Men så må vi stenge for all trafikk nokon tidspunkt. Det betyr at reisande som har planlagt å fly til eller frå Kirkenes lufthamn frå den eventuelle streikestarten bør vurdere å finne alternative måtar å reise på, seier lufthamnsjef Lars Paulsen.

  • Kristiansand lufthavn – 10 tilsette

Kristiansand lufthavn klarer å operere tilnærma normalt på dagtid, men ettermiddag/kveld kan lufthamna berre handtere ambulanseflygingar og mindre Widerøe-maskiner.  

– Dersom det blir streik får det størst konsekvensar for reisande på ettermiddag og kveld. Det betyr at reisande som har planlagt å fly til eller frå Kristiansand lufthavn på ettermiddagane med et anna selskap enn Widerøe bør vurdere å finne alternative måtar å reise på, seier lufthamnsjef Arne Johan Johnsen.

  • Oslo lufthamn – 27 tilsette

Noverande uttak påverkar Oslo lufthamn lite. Planlagt vedlikehald og mindre arbeider ville måtte utsettast, men det vil ikkje få påverknad for reisande dersom streiken blir et faktum.

– Det kan bli konsekvensar inn til Oslo lufthamn som følge av streiken andre stader. Men drifta går tilnærma som normalt hos oss, seier lufthamndirektør Thorgeir Landevaag.

  • Ålesund lufthavn – 18 tilsette

Ålesund lufthavn er base for ambulanseflygingar og har dermed ein viktig rolle i å tilgjengeleggjere ambulansefly til bruk i pasienttransport.  

For Ålesund lufthavn medfører uttaket i første omgang at lufthamna berre vil handtere ambulanseflygingar på dagtid, og vil vere stengt for all trafikk på ettermiddag og kveld.  

– Vi klarer å avvikle ambulansetrafikk fram til kl. 15:00 onsdag, men så må vi stenge for all trafikk frå og med ettermiddagen. Det betyr at reisande som har planlagt å fly til eller frå Ålesund lufthavn frå den eventuelle streikestarten bør vurdere å finne alternative måtar å reise på, seier lufthamnsjef Bent Helge Sjursen.

Kjelde: Avinor

Read Entire Article