Det vart skapt 272.000 nye jobbar utanfor landbruket i USA i mai, viser ferske tal.
Det er eit mykje høgare tal enn det eit fleirtal av analytikarane hadde venta på førehand, som låg på 180.000 jobbar.
Sterke jobbtal frå USA har bidrege til å utsette rentekutt frå den amerikanske sentralbanken (Federal Reserve) i lengre tid. Dette talet seier noko om at det er god fart i den amerikanske økonomien, som med det held stand mot rentenivået.
Neste veke skal den amerikanske sentralbanken kome med ei ny renteavgjerd. Kor den amerikanske styringsrenta tek vegen har stor innverknad på den norske krona og på kva Noregs Bank vil kunne gjere med renta her heime.
Kort tid etter at jobbtala kom, ser ein at den norske krona svekker seg markant mot dollaren.