Vil drøfte norsk-russisk fiskerisamarbeid, men russarane får ikkje komme

1 month ago 21



Den frivillige organisasjonen Norsk Pomorakademi har invitert representantar for russisk fiskerinæring til ein konferanse i Vardø fredag formiddag.

Leiaren for Kystfiskarlaget i Murmansk, Anatolij Jevenko, reagerer negativt på avslaget.

– Det rammar samarbeidet vi har med partnarane våre i Noreg, seier han.

Drøfter lokalt viktige saker

Leiar Remi Strand i Norsk Pomorakademi meiner det er viktig å drøfte fiskerisamarbeidet på tvers av den norsk-russiske grensa.

– Det har vi gjort i mange år, seier han.

Avstemning om Finmmark og sammenslåingen med Troms fylke.

– Vi er opptatt av å få fram den vanlege mannen, naboen vår og våre eigne synspunkt om kor viktig det er å behalde det norsk-russiske fiskerisamarbeidet, seier leiaren for Norsk Pomorakademi, Remi Strand.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Dei ønsker å halde fram med møta for å diskutere spørsmål som betyr mykje for lokalsamfunna dei bur i.

Difor meiner Strand at vennskapskontaktane må haldast ved like.

Labahå

Vardø-ordførar Tor Erik Labahå (Sp) seier at eit einstemmig bystyre meiner at det norsk-russiske fiskerisamarbeidet bør handterast på nasjonalt nivå.

Foto: Gunnar Sætra / NRK

Møter lokale reaksjonar

I lokalsamfunnet har invitasjonen til dei russiske deltakarane skapt reaksjonar.

Regjeringa har bestemt at fiskerisamarbeidet med Russland skal fortsette.

Vardø-ordførar Tor Erik Labahå seier eit einstemmig bystyre meiner det bør føregå på nasjonalt nivå.

– Det skjedde samstundes som vi sa opp vennskapsavtalen med Arkhangelsk by, seier han.

Remi Strand seier fiskerikonferansen ikkje har noko med den oppsagde kommunale vennskapsavtalen mellom Vardø og Arkhangelsk å gjere.

– Dette er et nettverkssamarbeid som har gått føre seg i meir enn 30 år.

Ga avslag

Statssekretær Eivind Vad Peterson i Utanriksdepartementet seier søknadane er avslått fordi det er krig i Europa.

– Russlands angrepskrig mot Ukraina er langt inne i sitt tredje år. Det er berre eit par veker sidan eit barnesjukehus i Kyiv blei bomba. Det har konsekvensar – også for korleis vi utferdar visum til russiske statsborgarar.

Eivind Vad Petersson på nyhetsgulvet på NRK Marienlyst

Statssekretær Eivind Vad Petersson (Ap) seier den russiske krigføringa i Ukraina har konsekvensar for korleis Noreg utferdar visum til russiske statsborgarar.

Regjeringa er opptatt av å reagere på Russlands ulovlege angrepskrig mot Ukraina, og står saman med resten av Europa. Samstundes er Russland eit naboland Noreg må forhalde seg til.

– Vi ligg der vi ligg, og vi treng å vareta ein viss grad av fiskerisamarbeid, seier Vad Petersson.

Og det skjer mellom norske og russiske fiskeristyresmakter.

– Dei har gjennomført sine årlege møte og forhandlingar via videokonferanse dei siste åra.

Han legg til at det ikkje er naturleg å halde fram med mykje av kontakten med Russland som styresmaktene har lagt til rette for tidlegare.

– Ikkje slik som verda og Europa ser ut for tida, slår Vad Petersson fast.

Haustar av felles hav

Remi Strand understrekar at fiskerikonferansen er ei vidareføring av folk-til-folk-samarbeidet over den norsk-russiske grensa.

– Vi er opptatt av å få fram den vanlege mannen, naboen vår og våre eigne synspunkt om kor viktig det er å behalde det norsk-russiske fiskerisamarbeidet. Det er fisken vi lever av i samfunn som Vardø og mange stader på russisk side, seier han.

Jevenko

– Vi haustar av eit felles hav, både nordmenn og russarar. Da må vi få mest mogleg ut av ressursane som naturen gir oss, seier leiaren for Kystfiskarlaget i Murmansk, Anatolij Jevenko.

Foto: Privat / Norges Kystfiskarlag

Kystfiskarleiar Anatolij Jevenko i Murmansk meiner fiskerisamarbeidet må haldast unna storpolitikken, fordi fiskeria er eit viktig økonomisk fundament for mange lokalsamfunn, både i Nord-Noreg og i Nordvest-Russland.

– Vi haustar av eit felles hav, både nordmenn og russarar. Da må vi få mest mogleg ut av ressursane som naturen gir oss, avsluttar han.

Publisert 25.07.2024, kl. 07.24 Oppdatert 25.07.2024, kl. 07.43

Read Entire Article