– Kven f**n trur Kramnik at han er? Kven gjorde han til kongen i verda?
Det bobla over for sjakkstjerna Hikaru Nakamura da han gjekk gjennom fleire av meldingane som Vladimir Kramnik sende i retning Daniel Naroditskij i løpet av ei stor sjakkturnering på internett tysdag kveld.
Kramnik har i fleire veker sett spørsmålsteikn ved Naroditskij på X. Det har blant anna vore knytt til ein video frå juli, der Naroditskij speler på chess.com mot motstandarar rangert på langt lågare nivå enn dei reelle nivåa hans.
I videoen snakkar Naroditskij om at han ser på vurderinga til datamaskina av partiet undervegs, noko som ikkje er lov. Amerikanaren har sjølv beklaga det heile og fortalde at han blei utolmodig ettersom motstandaren ikkje gav seg i partiet, sjølv om Naroditskij hadde ei langt betre stilling.
I turneringa tysdag, som blir kalla Titled Tuesday hos Chess.com, sende Naroditskij sjølv direkte. Der reagerte Kramnik kraftig på ei datamaskin i bakgrunnen av bildet og skreiv på X fleire gonger at Naroditskij måtte vise kva det var.
– «Danya», vis henne nå, skreiv Kramnik på X.
Det gjorde også Naroditskij seinare, da han viste at det var ein skjerm som filma han sjølv.
– Rein heksejakt
Naroditskij enda etter kvart opp med å spele framfor fire ulike kamera.
– Han burde ikkje måtte spele med fire kamera, men han prøver å komme til eit punkt der denne fyren (Kramnik) skjønner det. Men denne fyren (Kramnik) er så langt borte at han aldri vil skjønne det. Det er så sjukt, sa Nakamura, og fortset:
– Dette er rein nettmobbing. Rein nettmobbing. Det er ikkje til å tru. Det er faktisk ikkje til å tru. Kven trur du at du er? Dette er ein million gonger verre enn alt anna. Kva er feil med denne fyren. Denne fyren er ei skam for sjakken. Ei verkeleg skam for sjakken, sa Nakamura.
Nakamura kalla vidare Kramniks åtferd for ein «rein heksejakt», og meinte at åtferda hans er med på å gjere at ingen tar juksing i sjakk seriøst.
– Karmaen er at i framtida så vil ingen bry seg om kven han er, på grunn av dette, sa han vidare.
Sletta video
Kramnik kom med ei rekke meldingar om både Naroditskij og Nakamura i etterkant av det heile.
Ifølge Kramnik nekta først Naroditskij at han hadde ein skjerm i bakgrunnen, og meiner at den vidare åtferda hans tyder på at han prøvde å skjule noko.
– Eg stussar over «Danyas» åtferd, (hans) unødvendige løgner framfor kamera og håpar alt er bra med han, skreiv Kramnik.
Den russiske 49-åringen sletta seinare også ein video han først hadde lagt ut av Naroditskij på YouTube.
– Etter at vi fann ut at det heile var ein utilstrekkeleg spøk, så vil eg slette videoen min. Sjølv om eg ikkje angrar på at eg laga han, sidan åtferda hans openbert indikerte uærlegheit og skapte mistanke. Eg er glad for at det berre var ein dårleg spøk frå hans side, men eg vil anbefale han å kvile litt, skreiv Kramnik.
NRK har sendt ei melding til Kramnik på X med spørsmål om Nakamuras kritikk, men har foreløpig ikkje fått svar.
I ei melding publisert natt til onsdag skreiv Kramnik om Nakamuras posisjon i sjakkverda, og at han meiner at Nakamura fleire gonger har komme med personangrep mot han på direktesendingar, knytt til parti dei har spelt mot kvarandre.
Norsk 12-åring fikk NBA-mulighet: – Var veldig nervøs 01:14
Publisert 24.10.2024, kl. 12.00 Oppdatert 24.10.2024, kl. 12.07