Trump: – USA nærmar seg ein avtale med Iran

8 hours ago 3



Trump seier laurdag kveld at det kan komme eit gjennombrot i samtalane i løpet av kort tid. Presidenten stadfester dette til CBS News.

Til Axios seier han skal møte dei amerikanske forhandlarane seinare laurdag for å diskutere det siste avtaleforslaget som Iran har lagt fram.

Han seier at han truleg bestemmer seg før søndag om USA skal ta opp att krigen, ifølgje Axios.

Yama Wolasmal fortel at ein avtale mellom USA og Iran kan komme i stand snart.

– Må jobbe i helga

Presidenten vil ikkje seie noko om detaljane som ligg på bordet no, men seier det blir «betre og betre for kvar dag som går», skriv CBS News.

– Eg signerer berre ein avtale der vi får alt vi vil ha, seier han i eit telefonintervju med kanalen.

Trump varsla før helga at ikkje kan vere med i bryllaupet til sonen Donald Trump Jr. i fordi han må jobbe. Mange tolka dette som eit signal om at det er utvikling i Iran-forhandlingane.

Presidenten har også droppa planane om å spele golf på sin eigen klubb i New Jersey i helga, slik har bruker å gjere.

Han blir i staden i Washington D.C.

Etter planen skal Trump ha ein telefonsamtale med leiarane av Saudi-Arabia, Qatar, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Tyrkia og Pakistan seinare laurdag, opplyser ein ikkje-namngitt arabisk tenesteperson til Reuters.

Fleire hundre skip ligg innesperra i Persiabukta som følgje av krigen.

Foto: Amirhosein Khorgooi/ISNA/WANA / Wana News Agency,NTB

– Intensjonsavtale

Tidlegare laurdag sa den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio at han trur det kan vere mogeleg at den amerikanske delegasjonen greier å lande ein fredsavtale med Iran allereie laurdag.

Samtidig seier ein Esmael Baghaei, talsperson for det iranske utanriksdepartementet, at fokuset deira er å få på plass ein intensjonsavtale med USA.

Den pakistanske hærsjefen Syed Asim Munir har fredag og laurdag vore i møte i den iranske hovudstaden Teheran. Pakistan fungerer som meklar mellom landa.

Han omtalar besøket som svært utbyterikt.

Krigen i Persiabukta har vart sidan Israel og USA gjekk til angrep på Iran 28. februar. Tusenvis av menneske er drepne i angrepa.

Publisert 23.05.2026, kl. 20.17 Oppdatert 23.05.2026, kl. 20.37

Read Entire Article