Trudde lenge Arne Bye var uskyldig – i dag såg ho filmen som viser at han valdtok henne

1 day ago 3



– Eg såg ikkje så mykje på videoen i dag, eg såg mest bort på han for å få ein reaksjon.

Mens retten fekk sjå video frå legekontoret på Frosta såg den fornærma kvinna bort på Arne Bye.

Videoen viser at Bye valdtar kvinna under ei gynekologisk undersøking.

– Eg føler eg fekk ein reaksjon. Det verka ikkje som om han hadde det så bra, sa kvinna i eit intervju etter ho var ferdig i retten.

Da hadde Bye nettopp erkjent å ha valdtatt henne.

– Føler eg har vore med i ein skrekkfilm

Kvinna var den første av tre kvinner som fredag fortalde sine historier frå legekontoret i Frosta.

Bye er tiltalt for å ha valdtatt kvinna ved å føre fem fingre inn i kvinna si skjede. I tillegg skal Bye ha ført fleire gjenstandar inn i kvinna si skjede.

Valdtekta skjedde under ei gynekologisk undersøking.

– Det er heilt uverkeleg. Eg føler eigentleg at eg har vore med i ein skrekkfilm, sa kvinna i retten.

Bilde tatt på undersøkelsesrommet på Frosta legekontor.

Det var på undersøkingsrommet kytt til legekontoret at Bye valdtok kvinna. Biletet er hente frå ein video Bye tok av ei anna av dei fornærma kvinnene.

Foto: Bildet hentet fra ett av Arne Bye sine kameraer / Frigitt av politiet

Før retten fekk sjå videobevis frå undersøkinga las kvinna sjølv frå journalen sin.

– «Intet nytt frå GU» og «ingen tiltak», las ho.

Så kan de sjølv få sjå på film kva «ingen tiltak» er for noko. Da tenker eg at journalføringa han har gjort ikkje betyr ein drit.

Retten fekk sjå 15 minutt med videoopptak frå den gynekologiske undersøkinga.

Pressa fekk ikkje sjå opptaka, men var til stades og høyrde lyden frå videomaterialet som blei spelt.

I videoen høyrde ein at kvinna gav tydeleg uttrykk for ubehag og smerter under undersøkinga.

Erkjenner valdtekt

Da Bye tok plass i vitneboksen etter å ha sett videoen erkjente han straffskuld for valdtekta.

Det er ingen tvil om at denne undersøkinga framstår som inadekvat, sa Bye.

Bye har tidlegare erkjent å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang med kvinna. Fredag erkjente han også å ha valdtatt henne.

Det har tatt tid for meg å ta det inn over meg og konkludere.

Kvifor fortsette du?

Aktor Rikhard Haugen Lyng spurte Bye kva det var han meinte var inadekvat med undersøkinga.

Det blir på ein måte eit totalbilete av at det er altfor gjentakande, omstendeleg og langvarig. Og totaliteten av at det er ubehageleg for pasienten, svarte Bye.

Aktor peikte på at kvinna på videoen viser tydelege kroppslege og verbale uttrykk for smerte. Likevel fortsette Bye undersøkinga.

– Kvifor fortsette du? spurte aktor.

Bye svarte at han truleg ikkje oppfatta kvinna si reaksjon.

Eg har vel ikkje oppfatta det som så smertefullt, sa Bye.

Eg har ikkje hatt noko ønske eller motivasjon om å påføre noko smerte, fortsette han.

Vidare fortalde legen at han ikkje klarte slå seg til ro med undersøkinga og var redd for at han hadde gått glipp av noko.

– Det er som eg har vore inne på, eg blir aldri ferdig, blir aldri fornøgd. Det er jo ubehageleg å sjå på sjølv.

Nærbilde av aktor i Frosta-saken Rikhard Haugen Lyng. Han kikker mot medaktor Eli Reberg Nessimo. Haugen Lyng løfter den ene hånden og har ansiktet vendt mot medaktor. Vi ser kun Nessimo fra siden. Kun en skulder, deler av håret og brillene vises.

Aktor Rikhard Haugen Lyng leda utspørjinga av Bye etter at han hadde erkjent å ha valdtatt kvinna.

Foto: Bjarte M. Johannesen / Bjarte Johannesen

– Synest nesten synd på han

Kvinna Bye erkjente å ha valdtatt, fortalde etter ho var ferdig i retten at ho kjende på ein blanding av kjensler.

Det er jo godt at han innrømmer at dette ikkje var greitt.

Kvinna fortalde at ho lenge ikkje kunne tru det da saka sprakk i 2022.

Da rettssaka starta for nokre veker sidan syntest ho først at Arne Bye sine forklaringar gav meining. Etter at dei medisinsk sakkunnige gav sin første erklæring gjekk det derimot opp for henne kva ho hadde blitt utsett for.

– Det var først da det gjekk opp for meg kva eg har latt meg bruke til. Det er så vondt.

I forkant av rettssaka såg ho sjølv videobevisa.

Når ein ser på filmen, på lengda og grovskapen, så er det jo ikkje noko tvil.

Sjølv om ho er letta over at Bye har erkjent valdtekta, har ho framleis blanda kjensler knytt til saka.

Eg synest faktisk litt synd på han. Ikkje på grunn av det han har gjort, men på grunn av den situasjonen han er i.

Han er jo ein person som har betydd mykje, så eg synest ikkje det er godt å sjå at han har det vondt heller.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven vi burde snakke med?

Da vil vi veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt.

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Julie Haugen Egge, Henning Levold og Sunniva Skurtveit

Journalistar i NRK Trøndelag

Send oss ein e-post

Publisert 22.11.2024, kl. 14.03 Oppdatert 22.11.2024, kl. 14.22

Read Entire Article