I over to år skal far og son ha drive ei familiebedrift litt utanom det vanlege.
På eit lokale i Fana og på ein gard på Osterøy skal mennene ha dyrka fram fleire hundre cannabisplantar.
Faren i 40-åra og sonen i 20-åra har begge austeuropeisk bakgrunn.
Dei er tiltalte for grovt narkotikaregelbrot og den såkalla mafiaparagrafen. Det vil seie at dei straffbare handlingane er utførte som ein del av organisert kriminalitet.
I tillegg skal den eldste mannen ha tjuvkopla seg på BKK sitt straumnett og stole straum for totalt 348.668 kroner.
Politiet meiner handlingane speglar av eit profesjonelt preg.
– Dette er openbert ei alvorleg sak, seier statsadvokat, Ellen Cathrine Greve til NRK.
Politiet meiner at saka har eit profesjonelt preg. Statsadvokat Ellen Cathrine Greve seier at saka er alvorleg.
Foto: Maria Gunnarsdotter SvedalMeiner kvinne la til rette
På garden på Osterøy skal verksemda ha halde på i om lag åtte månader i 2024.
På den tida klarte dei å dyrke fram over 350 cannabisplanter og sat igjen med om lag «30,8 kg røykbart materiale», ifølge tiltalen.
Mennene sit per i dag fengsla.
Ei norsk kvinne i 40-åra er òg tiltalt for å ha lagt til rette for verksemda på Osterøy.
– Ho er berre involvert på den eine staden, og ein meiner at ho primært har medverka til dyrkinga ved å leige ut, seier Greve.
I motsetnad til mennene er ikkje kvinna tiltalt for medverking til organisert kriminalitet.
Politiet meiner òg at det er ein fjerdemann involvert i saka. Han skal per i dag halde til i England. Det skal vere eit nytt rettsmøte i desember om utlevering av mannen.
Det er sett av tre veker i retten til dei to sakene.
Politiet fann 350 cannabisplanter på Osterøy. No er to menn tiltalt for den såkalla mafiaparagrafen.
Foto: PolitietPublisert 09.12.2025, kl. 13.55 Oppdatert 09.12.2025, kl. 13.56
















English (US)