Traktorar sperrar E6 i Gudbrandsdalen

1 month ago 23



– Vi har fått melding om mykje traktorar i vegen. Køen er relativt lang, seier Jannicke Silseth Eide, operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt.

Vegtrafikksentralen aust melder at det truleg kan dreie seg om ein type protestaksjon.

– Vi kasta oss litt rundt, men det er litt mange ballar i lufta. Det er mykje som skjer i landbruket om dagen, seier Øyvind Sanvold i Nord-Fron Bondelag til avisa GD.

Ifølgje avisa samlar bondelaget folk med traktor til ein køyr sakte-aksjon på E6.

Publisert 16.04.2024, kl. 18.46 Oppdatert 16.04.2024, kl. 18.58

Read Entire Article