Tom Lund gjekk bort 23. mai, 75 år gamal.
«Takk for alt, kjæreste pappaen vår».
Skriv døtrene til Tom Lund på Facebook laurdag.
God i det meste
Tom Arne Lund kunne vore god i det meste. Han viste lovande takter i ishockey, handball og fleire greiner innan friidretten. Ei stund vurderte han tikamp. På skøytebana fekk han det også til.
Men det var fotballspelar den spinkle og tynne guten ville bli, og det var det han blei. Han spela ein sesong for Fram, men etter det blei det berre Lillestrøm. Som han seinare aldri svikta.
– Eg har aldri angra på at eg ikkje blei proff. Eg gjekk heilt sikkert glipp av pengar og opplevingar, men eg tvilar på om det kunne erstatta all gleda eg fekk med Lillestrøm, sa han ein gong.
Lund var i utgangspunktet ofte ein offensiv midtbanespelar. Han var god til å drible, han var ein god pasningsleggar, han var like god med begge bein, og han var også ein god hovudspelar.
EIN AV DEI BESTE: Tom Lund
Foto: ScanpixVann junior-NM som 16-åring
Då han var 16, var han på laget som slo Store Bergan i finalen og vann junior-NM i 1966. Han leverte ein god kamp, sjølv om dei fleste andre var fleire år eldre.
«Tom Lund fikk ikke fullt utfoldet sitt tekniske register denne gangen, men svak var han langt ifra», skreiv Aftenposten i sin artikkel om juniorfinalen. Lund hadde målgivande på eitt av måla i 3-1-sigeren.
Han debuterte på juniorlandslaget med scoring i 3-2-sigeren over Sverige i 1967, og på LSKs A-lag året etter.
Valde norsk 3. divisjon framfor Europas topplag
CUPGULL: Tommy jublar etter sigeren over Brann i cupfinalen i 1978
Foto: Erik Thorberg / NTBHeile Noreg, og etter kvart også store deler av fotballverda, fekk vite om den talentfulle og driblesterke Lillestrøm-spelaren etter kvart.
Men LSK var i 3. divisjon (nivå 3) på den tid, og greidde ikkje å rykke opp heller. Likevel var det ikkje i Tommys tankar å flytte. Oslos toppklubbar Skeid og Vålerenga ville ha han, men svaret var alltid nei, trass stadig nye sesongar i 3. divisjon. Med kampar mot Østsiden, Grue og Strømmen i staden for Rosenborg, Brann og Viking.
Der var han stadig då han blei utteken på Presselaget i 1969. Beskjedne Tommy takka nei. Han meinte han ikkje var god nok.
Landslagsdebuten kom i 1971, mot Island.
Men framleis kava LSK i 3. divisjon, og framleis sa Tom Lund nei til tilbod frå andre.
– Vi var ein kameratgjeng som kjende på ei sterk plikt til å få Lillestrøm opp igjen. Det tok mykje lenger tid enn vi trudde, men vi hadde ei innebygd aldri gi opp-haldning, sa han i eit intervju ein gong.
AMATØR: Tom Lund fekk 11 landskampar medan han spela seriefotball i 3. divisjon
Foto: Ivar Aaserud / NTBHan spela også i 3. divisjon i 1973 då sjølvaste Ajax kom på bana. Ajax var Europas beste lag med siger i europacupen tre år på rad. Men no hadde dei mista stjerna Johan Cruyff til Barcelona, og såg etter erstattar. Det fann dei i norsk 3. divisjon, etter at han hadde markert seg sterkt i ein landskamp mot Nederland.
Lunds sterke tilknyting til LSK blei rokka. 23-åringen var interessert, og reiste til Amsterdam for å forhandle. Han hadde bestemt seg for å seie ja. Årsløna i Ajax skulle vere godt over ein halv million kroner. Det var uhorveleg mykje pengar tidleg på 70-talet.
Men konklusjonen var ikkje klar då han reiste heim. Der sat kona Solveig og hans nyfødde dotter. Så då det ferdige tilbodet kom, hadde han ombestemt seg. Det blei LSK vidare også.
22 ÅR GAMAL: Lillestrøm 23. juni 1973. Fotballspelar Tom Lund (22) spelar fotball i 3. divisjon på Lillestrøm og har 11 kampar for A-landslaget så langt. Han er også ivrig i friidrett og ishockey.
Foto: NTBEndeleg på toppen
Ordet om den sensasjonelt gode nordmannen nådde også klubbar som Real Madrid og Bayern München, som også prøvde å knyte han til seg. Men Tommy sa nei.
Dessutan var kampen for opprykk endeleg i ferd med å lykkast. I 1973 knuste dei all motstand i 3. divisjon avdeling Østland Nordre. I 1974 var dei like suverene i si avdeling i 2. divisjon, og Tom Lund scora 21 av klubbens 44 mål i serien.
I 1975 kunne derfor Tom Lund endeleg vise seg fram på øvste nivået i Noreg. Det gjekk strålande. LSK vann nesten alt på vårsesongen, og var på toppen av tabellen.
Så blei Tommy skadd og mista store deler av hausten. Det viste også på LSKs resultat, og klubben enda heilt nede på sjuandeplass. Dei tapte alle kampane Tom Lund ikkje spela.
Dei store åra skulle kome seinare på 70-talet. I 1976 blei dei seriemeister. Tommy scora sjølv det avgjerande målet i 2-0-sigeren over Bryne på ei gjørmete og svært tung bane i siste seriekamp.
– Det var det største eg opplevde på fotballbana, sa Tommy etter at karrieren var over.
SISTE KAMP: Tom Lund avslutta karrieren mot Moss på Åråsen i 1982
Senka Ajax på dødball
I 1977 kom Joe Hooley til klubben som trenar. Han gjorde Lund til den nesten perfekte dødball-leggar. Den sesongen scora Lillestrøm 50 mål på eller etter dødball. Alle kom frå Tom Lund.
Med seriemeisterskapet var Lillestrøm kvalifisert for europacupen i 1977, og der møtte dei laget Tommy nesten hadde blitt ein del av: Mektige Ajax.
Med to målgjevande dødballar frå Tom Lund slo LSK Ajax sensasjonelt 2–0 på Åråsen. Men eventyret tok slutt med 0–4 i returkampen i Amsterdam.
THE DOUBLE: I 1977 vann Lillestrøm både serie og cupfinale
Foto: Erik Thorberg / NTBÅret etter vann dei The Double. Lund scora målet i cupfinalen der Bodø/Glimt blei slått 1–0. I 1978 tok LSK sølv i serien, men i cupen gjekk dei til topps på nytt.
Tom Lund var på toppen. Spelarane kåra han til årets spelar både i 1976 og 1977, og han fekk Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnamn i 1981.
I sesongane 1979 og 1980 gjekk han mykje skadd. Men han kom tilbake, og avslutta karrieren mot Moss i siste serierunde i 1982.
Kjell Schou Andreassen trena LSK i 1981, og han forstod kva posisjon Lund hadde i laget.
– Alle spelarane har fått beskjed om at når dei får ballen og har kontroll, skal dei gi han vidare med ein gong. Unntaket er Tommy. Han leverer når han finn det for godt, sa Schouen, ifølgje svingslag.no.
LANDSLAGET: Frå 1976 og landskamp for Noreg. Noreg vann over Sveits 1-0. Bak fra venstre: Svein Kvia, Odd Iversen, Jan Hansen, Tom Lund og Stein Thunberg. Foran fra venstre: Tore Kordahl, Jan Birkelund, Tom R. Jacobsen, Helge Karlsen, Svein Grøndalen og Roger Albertsen.
Foto: Jensen, Oddvar Walle / NTB«Norsk fotballs Messias»
Sjølvsagt var han fast på landslaget i desse åra, når han ikkje var skadd eller melde forfall av andre grunnar. Han hadde flyskrekk, og køyrde heller bil i fleire dagar enn å vere med flyet til landskampar på bortebane.
Han var sistemann på Noregs første mål i den historiske 2-1-sigeren over England på Ullevaal i 1981. Lenge var det påstått at Roger Albertsen var sist på ballen, og i dei offisielle statistikkane er det han som er kreditert målet.
Tom Lund scorar 1–1 målet mot England på Ullevål 1981. Noreg vinnar til slutt kampen 2–1.
Men Albertsen sjølv sa like før sin død i 2003 at han ikkje var borti den. Ballen gjekk direkte frå Tom Lund og i mål.
– Tom Lund er norsk fotballs Messias, sa ein imponert engelsk landslagssjef Ron Greenwood.
Kom på kant med landslagssjefen
Sjølv meinte han at landskampen mot Jugoslavia i 1975 var hans beste. Det blei tap med 3-1, men Lund spela så godt at han sleit ut tre jugoslaviske «frimerke» i løpet av kampen.
Tom Lunds siste landskamp var borte mot Bulgaria i oktober 1982. Han fekk 47 i alt, og scora 12 mål på landslaget. 13, dersom England-målet blir rekna med.
Det kunne blitt endå fleire kampar. Men han kom på kant med landslagssjef George Curtis midt på 70-talet. Han meinte Curtis stilte for store krav til amatørar, som nesten alle dei norske var.
RIVALAR: Harald Berg og Tom Lund kjempa mange nappetak i klubbfotballen, men var gode kollegaer og vener
Foto: Erik Thorberg / NTBOg etter kvart som han også tok til å drive forretning, prioriterte han av og til det framfor landslaget. Også den prioriteringa skapte gnissingar.
For klubblaget spela han 348 kampar og scora 197 mål.
Suksess også som trenar
Seinare blei han også trenar for LSK i to periodar. Først frå 1985 til 1988, så i 1990.
I sin første sesong som trenar, i 1985, leia Lillestrøm serien nesten heile tida. I aller siste runde møtte dei Rosenborg på Lerkendal til rein seriefinale, der dei ville sikre sigeren med uavgjort.
Men det heldt ikkje heilt. Kvarteret før slutt scora Rosenborg og vann 1-0, framfor 28.500 tilskodarar – historisk rekord i norsk seriefotball.
Lund hadde likevel sikra sølv i sin første sesong som trenar. Ei veke seinare tok klubben cupgull med 4–1 over erkerival Vålerenga.
Året etter blei det motsett. Lillestrøm vann serien, men tapte overraskande 4–1 for Tromsø i cupfinalen.
HÆRVERK: I 2013 blei hovudet kappa av statuen av Tom Lund utanfor Åråsen, ein statue som var reist i 1990
Foto: Ole Berg-rusten / NTBI 2006 gjekk han også inn som investor i klubben. Han har også investert i hestesport.
Utanfor Åråsen stadion blei det i 1990 reist ein statue av spelaren, «Steget» av Bjørn Sørvang Hansen. I 2013 blei det stor ståhei då hovudet blei kutta av statuen, som raskt blei reparert.
Sjølvsagt var Lund æresmedlem i Lillestrøm Sportsklubb. I Akershus fotballkrins og.
– Utan Tom Lund hadde Lillestrøm vore berre ein jernbanestasjon, sa lagkameraten Bård Bjerkeland ein gong.
Publisert 23.05.2026, kl. 15.04 Oppdatert 23.05.2026, kl. 15.09



















English (US)