Tiltalt for grov valdtekt av 5-åring – skal ha delt overgrepet på Snapchat

1 month ago 18



Overgrepet skal ha skjedd i fjor haust i ein europeisk hovudstad.

I januar må mannen svare for dette, og ei rekkje andre overgrep mot barn, i Hordaland tingrett.

Overgrepet mot den fem år gamle sonen til ein kjenning skal ha blitt dokumentert og spreidd til fleire personar over Snapchat.

Den alvorlege tiltalen er signert statsadvokat Asbjørn Onarheim ved Hordaland, Sogn og Fjordane statsadvokatembete.

Mannen er tiltalt for grov valdtekt av guten.

– Dette er veldig alvorlege forhold sett i lys av fornærma sin unge alder. At bileta også vart delte i sosiale medium gjer det ekstra krenkande og straffverdig, seier statsadvokat Asbjørn Onarheim.

Nektar straffskuld

Mannen er i tillegg tiltalt for ei rekkje overgrep mot ei kvinne som no er i 30-åra. Dei eldste overgrepa er 19 år gamle.

Også kvinna sin hjelpeadvokat, Ann Christin Sjøtun, er på ferie og ikkje tilgjengeleg for kommentar.

Til slutt er mannen tiltalt for å ha gjort seg kjend med, og motteke, seksualiserte bilete og filmar av born. Over ein periode på eit halvt år skal han ha sendt seksualiserte meldingar til ein for politiet ukjend person som oppgav å vere 15 år.

Forsvarar Stein Erik Ottesen seier klienten hans har nekta straffskuld gjennom etterforskinga.

– Tiltalen er fersk, og vi skal ta stilling til den framover, seier han.

Det var Bergens Tidende som først omtala den to veker gamle tiltalen. Saka har ei strafferamme på fengsel i 21 år.

Mannen vart i 2010 dømd for overgrep mot barn under 14 år. Den ti månader lange fengselsstraffa var sona ferdig året etter.

– Dommen vil få betydning for ei eventuell straff på den måten at strafferamma aukar veldig. Han risikerer strengare straff, seier Onarheim.

Hordaland tingrett har sett av fire dagar til saka.

Publisert 25.07.2024, kl. 14.13

Read Entire Article