– Eg hugsar jo at eg tenkte at eg skulle over den grøne streken i bakken. For det rennet skulle eg vinne, seier Bjørseth til NRK.
Ho er nesten heilt aleine i treningsrommet på Olympiatoppen.
Det har gått nesten åtte månader sidan skihopparen pådrog seg det fysioterapeuten hennar kallar ein multiligamentsskade i det venstre kneet.
MANGE REPETISJONAR: Det blir mange timar med styrketrening på Bjørseth i månadene som kjem.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKKort og brutalt betyr det at nesten alt inne i kneet blei øydelagt eller skadd.
– Fremre korsband, bakre korsband, innsideband og menisk, seier Bjørseth og peikar på kneet.
Ho gløymer nesten å fortelje om olbogen. Han fekk seg også ein solid trykk i fallet i hoppbakken i Ljubno. Han gjekk ut av ledd og måtte opererast.
– Eg hugsar mest at eg hadde veldig vondt i olbogen. At det var eigentleg det som overdøyvde alt.
MERKA FOR LIVET: Thea Minyan Bjørseth har arr både på olbogen og venstre kne.
Henrik Myhr Nielsen / NRKMen det er knea som nå gjer at ho må vere noko ho ikkje er så flink til. Ho må vere tolmodig.
– Eg har lyst til å få ting til å skje og liksom ..., seier ho utolmodig.
– Det kjentest som om ting ikkje hang heilt på plass
Den norske hoppprofilen synest framleis det er vanskeleg å snakke om fallet i bakken i Ljubno 15. februar – vel ti dagar før VM på heimebane i Trondheim.
Det er vanskeleg å prate om både fordi det er vonde minne, men også fordi det er ein del ho ikkje hugsar.
Ho leia etter første omgang og var derfor siste kvinne ut.
22-åringen sveva nedover bakken og såg at ho nærma seg den grøne streken ho måtte hoppe over for å vere sikker på å vinne.
Da blei ho for ivrig og mista kontrollen på venstre ski i landinga.
– Eg merka at kneet ikkje akkurat var heilt slik som det skulle vere. Det var ei kjensle av at ting ikkje hang heilt på plass. Men så tenkte eg, det er ikkje så ille, det går sikkert fint, seier ho.
Men det gjekk ikkje så bra. Ho måtte gjennom to operasjonar. Først for å få operert alt som var øydelagt, så ein ny operasjon i juni fordi det danna seg mykje arrvev i kneet.
Dei kommande olympiske leikane i Italia til vinteren kan ho berre gløyme.
– Ein skade som ein ser i trafikkulykker
Guri Ekås er ortoped og spesialist på kneskadar, og har vore legen til hopplandslaget i 10 år. Ho har aldri sett ein liknande skade på ein skihoppar.
– Da eg fekk sjå MR-bilda, såg eg med ein gong at det hadde vore store krefter i sving, seier Ekås.
OMFATTANDE SKADE: Det meste blei øydelagt i Bjørseth sitt venstre kne. Fremre korsband, bakre korsband, innsideband og menisk.
Foto: "Privat"Ho fortel at når tre av fire leddband er øydelagde, betyr det at kneet på eit tidspunkt har vore heilt ute av stilling.
– Det vi kallar ein kneluksasjon. Dei som får denne typen skader har som regel vore utsette for ein høgenergiskade, for eksempel trafikkulykker eller ved fall frå store høgder. Slike skader skjer stundom i idrett med høg energi, men er likevel ikkje vanleg, seier hopplegen.
På grunn av dei omfattande skadane var det viktig å få Bjørseth raskt til behandling. Og det på ein stad ein vanlegvis ikkje sender skadde idrettsutøvarar: traumesenteret på Oslo universitetssjukehus.
LANG ERFARING: Guri Ranum Ekås er idrettslege og spesialist i ortopedi.
Foto: Øystein Horgmo / UiO– Det er ikkje så vanleg, nei. Ho hadde jo også olbogen ute av ledd. Begge skader kravde operasjon. Spesielt kneluksasjon krev rask behandling med kirurgi for å feste og/eller rekonstruere skadde leddband og eventuelt reparere andre skader i leddet. Slike skader er sentraliserte til traumesenter ved Oslo universitetssjukehus.
Bjørseth blei operert i slutten av februar. Omtrent samtidig starta konkurransane i hoppbakken i VM i Granåsen.
Der ho ville vore ein av dei største favorittane.
Klarte ikkje å snakke samanhengande
Bjørseth sin skade prega heile miljøet rundt henne.
– Eg hugsar ein telefonsamtale vi hadde éin månad etter fallet. Da var det vanskeleg å få ut så mykje ord. Det var mange pausar. Ho var veldig trist da, seier Christian Meyer.
Han begynner etter kvart å få lang erfaring i å ta seg av utøvarar som møter motgang. I løpet av dei 14 åra sine som hovudtrenar har han måtta handtere alvorlege skader og utøvarar som hadde utfordringar med kroppsvekt.
I mars 2025 var det nok ein tøff samtale.
GODE MINNE: Meyer og blant anna Bjørseth feirar Maren Lundby sitt VM-sølv i 2023.
Foto: Heiko Junge / NTB– Ein kan kjenne seg veldig einsam, rett og slett gløymt. Eg forsikra Thea om at ho kjem til å vere ein av våre viktigaste utøvarar i tida som kjem. Og at ho skulle få det beste av hjelp som vi har til rådvelde, seier han.
Men sjølv om Bjørseth ikkje hugsar alle samtalane med Meyer, så er ho veldig takksamt for at han tok seg tid.
– Han er ein fin samtalepartnar og er ein trygg og stødig person i situasjonar som verkar overveldande. Han hjelpte meg å rydde opp litt og prøvde å få meg til å fokusere på dei rette tinga, seier hopparen.
I VERDSTOPPEN: Thea Minyan Bjørseth var blant dei beste i verda før fallet.
Foto: Geir Olsen / NTBEi tøff mental utfordring
Fysioterapeut Maren Stjernen følger nøye med på styrkeøkta Bjørseth gjennomfører på Olympiatoppen.
– Eg er kjempeimponert, faktisk. Eg synest ho klarer seg veldig bra, seier Stjernen.
Øvingane er ikkje lenger berre kjedelege og monotone. Det venstre kneet toler stadig meir belastning.
– Det er ein tøff ting å stå i. Kanskje aller mest mentalt. Du går frå å vere topp tre i verda, og så plutseleg har du problem med å gå. Det å sjå for seg heile eitt og eit halvt år med opptrening, verkar veldig lenge når ein vil tilbake til det ein er mest glad i, seier ho.
BLIR FØLGT TETT: Bjørseth blir følgd tett opp på Olympiatoppen i Oslo.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRKDette er også ein kamp mot eige hovud. For sjølv om ho skulle vere fysisk i stand til å hoppe att, er ho spent på om ho tør å vere like rå som før.
– Eg skal ikkje legge skjul på at det er ei bekymring. Eg ønsker jo å kunne gå inn i hopprenn og stille til start med dei rette føresetnadene for å hoppe langt på ski. Det er jo det eg jobbar for.
RÅSKAP: Bjørseth er kjent som ein tøffing, noko som må til om ho igjen skal hoppe langt på ski.
Foto: Geir Olsen / NTBMålet til Bjørseth er nå å gjere det første hoppet igjen neste sommar. VM i Falun i 2027 er det store målet, langt der framme.
Det meisterskapet startar om i underkant av 500 dagar.
– Eg må prøve å sjå dit, sjølv om det er litt vanskeleg når eg veit at det er eit OL til vinteren. Eit meisterskap eg trur eg kunne hatt moglegheiter i. Men ja, det er jo noko å sjå fram til eit VM òg, absolutt, seier Bjørseth.
Publisert 02.11.2025, kl. 07.42 Oppdatert 02.11.2025, kl. 08.39




























English (US) ·