Tete Lidbom, 38-åringen frå Trondheim, er for mange kjent som programleiar i podkasten «Heia fotball».
Men i år som i fjor skal han også vere detektiv i «Maskorama».
Saman med Robert Stoltenberg og Marion Ravn skal han finne ut kven som skjuler seg.
Og i år er det sju masker med potensielt sju svært ulike kjendisar som er inni.
Sjå maskene under:
Tete Lidbom har ein klar og umiddelbar tanke på kven Matmonsteret kan vere.
– Det er jo umogleg å ikkje tenke på heile Noregs burgarkonge Ronny Brede Aase når ein ser Matmonsteret, seier han.
Programleiar Ronny Brede Aase har nemleg i fleire år formidla sin store kjærleik til burgarar gjennom både radio og TV.
Vampyr=Olav Thon?
Lidbom har ikkje begynt å fundere altfor mykje om kven som er i maskene. Enda.
– Om eg gjer det, vil eg gå tom for krefter midtvegs i sesongen. Eg er i «pre-season» nå, og øver meg på kjendisnamn, kjendisstemmer og fakta om kjendisar, seier han.
Likevel har han også ein liten teori på kven Vampyren kan vere.
– Eg tenker at Vampyren kan vere er ein supergammal person. Vampyrar kan jo bli tusenvis av år. Kanskje det er Olav Thon? undrar han.
Forretningsmannen og hotellkongen Olav Thon fylte 101 år i sommar.
Eller Aksel Lund Svindal?
Robert Stoltenberg trur derimot at Alex Rosen kan dukke opp i årets «Maskorama».
– Ja, eg synest Professoren har noko Alex Rosen-aktig over seg, seier han.
Med tanke på at det er stortingsval neste år, er Stoltenberg temmeleg sikker på at vi også vil sjå ein politikar eller to openberre seg i løpet av sesongen.
– Eg held ein knapp på leiaren i Venstre, Guri Melby, fortel han.
Stoltenberg har også ei sterk kjensle av to kjendisar til:
– Eg trur Steinar Sagen, eller Aksel Lund Svindal kan vere bak ei av maskene.
Ingen grenser
Tradisjonen tru er Silje Nordnes programleiar også i år.
– Kva tenkte du da du såg årets masker for fyrste gong?
– «Dette blir artig», var det fyrste eg tenkte. Kjells fantasi kjenner tydelegvis ingen grenser og eg sluttar ikkje å la meg overraske over kva han kjem opp med, svarer ho.
Det er kostymedesignar Kjell Nordstrøm som har designa maskene.
Det har også kome ein hintvideo på skoa til kvar av maskene.
Silje Nordnes har derimot ikkje begynt å sjå på kvar einaste detalj og hint enda.
– Eg prøver heller å halde sinnet ope, slik at eg ikkje låser meg i eit spor før eg har høyrt stemmene, avsluttar ho.
«Maskorama» har premiere 9. november.
Publisert 16.10.2024, kl. 07.02